Tromsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tromsø
Tromsø view.jpg
Geografi
Kommune Tromsø
Fylke Troms
Folkemengd[1] 57 015 (2012)
Folketettleik 2 500,7 /km²
Areal[1] 22,8 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei E8.svg Riksvei 862.svg 
Hurtigruta,
Tromsø lufthamn, Langnes
Innbyggjarnamn tromsøværing
Preposisjon i Tromsø
Kart
Tromsø is located in Troms
69°38′56.0″N 18°57′18.3″EKoordinatar: 69°38′56.0″N 18°57′18.3″E
Tromsøbrua sett frå sentrum.

Tromsø er ein by og administrasjonssenter i Tromsø kommune i Troms fylke med 57 015 innbyggjarar (2012). Byen er den største i Nord-Noreg og den sjuande største i Noreg i høve innbyggjartal.

Byen ligg i hovudsak på Tromsøya, som har tre faste samband. Byen er knytt til fastlandet via Tromsøbrua over Tromsøysundet, som er eitt av dei mest kjende landmerka i byen, og Tromsøysundtunnelen som går 100 meter under same sund. Til Kvaløya vest for Tromsøya er det samband via Sandnessundbrua. Jorda under byen er gjennombora av eit effektivt tunnelsystem for biltrafikk mellom sentrum, dei sørlege delane av byen og flyplassen, Tromsø lufthamn.

Byområdet[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden Tromsø ligg dels på øya Tromsø, dels på fastlandet (Tromsdalen) og på Kvaløya.

Bykjernen ligg på søraustsida av Tromsøya, ei grøn og låg øy på 21 km². Høgaste punkt på Tromsøya er Varden, 159 moh., nord på øya. Midt på øya ligg eit vatn, Prestvannet, som blei demma opp i 1867. Busetnad dekker store delar av øya, men det er skogområde langsmed høgdedraget som strekker seg i retning nord–sør. På vestsida av øya er det noe jordbruksland.

Mot vest er Kvaløya forbundet med Tromsøya med den 1220 meter lange Sandnessundbrua. På Kvaløya ligg bydelane Kvaløysletta, som ligg direkte over brua, Storelva, Kaldfjord og Håkøybotn. Aust for Tromsøya ligg fastlandet, som er forbundet med Tromsøya med den 1016 meter lange Tromsøbrua og den 3500 meter lange Tromsøysundtunnelen. Bydelane på fastlandet heiter Tromsdalen, Tomasjord og Kroken.

Universitetet i Tromsø er verdas nordlegaste universitet og Macks Ølbryggeri er eitt av verdas nordlegaste bryggeri.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Tromsø hadde 7100 innbyggjarar i 1900, 15 492 innbyggjarar i 1950 og 28 882 innbyggjarar i 1970. I 1970-åra hadde byen sin kraftigaste vekstperiode, og voks til fastlandssida av Tromsøysundet. Etter at Sandnessundbrua til Kvaløya opna i 1974 har Tromsø også vakse vestover, mellom anna til Kvaløysletta. I 2007 budde over 80 % av innbyggjarane i Tromsø kommune i tettstaden Tromsø. Byen er eit viktig innpendlingsområde, delvis frå utkantane i kommunen, delvis frå andre kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tromsø
Spire Denne Tromsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.