Alger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
الجزائر
Kysten av Alger
Kysten av Alger
Kallenamn
«Al-Bahjah (البهجة), Alger la Blanche, 'den kvite Alger'»
Styresmakter
Land
Wilaya
Algerie
Provinsen Alger
Grunnlagd 944 evt.
Geografi
Flatevidd
 - By

272,97 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
 - Byområde
 - Storbyområde

1 519 570
2 029 936
3 518 083
Koordinatar 36°42′″N 3°13′″EKoordinatar: 36°42′″N 3°13′″E
Høgd over havet 10 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 16000-16132
Plassering
Plassering av  Alger

Alger er hovudstad og den største byen i Algerie i Nord-Afrika. I følgje ei folketeljing i 1998 var budde det 1 519 570 innbyggjarar i sjølve byen, 2 135 630 i byområdet, og 3 518 083 i omlandet til byen, og for heile Provinsen Alger 5 723 749 (2006). Byen vert kalla «den kvite» på grunn av dei skinande kvite bygningane.

Byen ligg ved kysten heilt vest i Middelhavet. Namnet kjem frå det arabiske ordet al-jazā’ir, som tyder «øyane», og refererer til dei fire øyane som låg like utafor kysten før dei vart ein del av fastlandet i 1525. Al-jazā’ir er i seg sjølv ei kortare utgåve av det gamle namnet på byen, jazā’ir banī mazghannā, «øyane til (stamma) Bani Mazghanna», som vart brukt av geografar som al-Idrisi og Yaqut al-Hamawi tidleg i mellomalderen. Det urbane området Stor-Alger er det største i Maghreb etter Stor-Casablanca. Den moderne delen av byen er bygd på flat grunn ved stranda, medan den gamle delen av byen er bygd i dei bratte klippene bak den moderne byen med festninga som krona på verket, 120 meter over havet. Festninga og dei to kaiane dannar ein trekant.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk