Allogenetisk korrosjon
Allogenetisk korrosjon er ei kjemisk forvitring av karstbergartar som kalkstein og dolomitt, skapt av vatn som kjem frå nedbørsfelt utanfor karstområdet. Dette vatnet er umetta på dei minerala karstbergarten består av, slik at korrosjonen blir intensivert der det først kjem i kontakt med karstbergarten. Allogenetisk korrosjon er difor konsentrert i punkt eller linjer i kanten av karstområde.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Allogenetisk korrosjon. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/allogenetisk_korrosjon.