Karst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Kras som karst er kalla opp etter.
Karstlandskap
Karståsane Burren på vestkysten av Irland

Karst er eit landskap av oppløyste lag i grunnfjellet, vanlegvis karbonatbergartar som kalkstein eller dolomitt. Desse landskapa har ofte karakteristiske overflater og vatn som forsvinn ned i grunnen. Nokre område med karsttopografi inneheld tusenvis av grotter som er forma av vatnet som strøymer gjennom bergarten.

Det finst forskjellige uttrykk for karsttopografi på andre språk, som til dømes yanrongkinesisk og tsingygassisk. Dei fleste språk nyttar derimot karst, som er det tyske namnet på Kras, ein region i Slovenia som delvis strekkjer seg inn i Italia der det vert kalla Carso og der dei første vitskaplege utforskingane av karst vart gjort. Namnet har gamaleuropeisk opphav (karra - stein) og i antikken vart det kalla Carusardiuslatin. Den slovenske forma grast vart nytta sidan 1177 og på kroatisk kras sidan 1230.

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Karstsjø (Doberdò del Lago i Italia) frå grunnvatn som trengjer seg opp i søkket. Innsjøen har ingen inn- eller utsig.

Karstlandformer oppstår hovudsakleg på grunn av svakt surt vatn som verkar på løyseleg grunnfjell som kalkstein og dolomitt. Kolsyre som skapar desse landformene oppstår ved at regn i atmosfæren tar til seg karbondioksid, som løyser seg opp i vatn og gjer det surt. Når regnet når bakken kan det renne gjennom jordsmonnet som kan tilføre ytterlegare CO2 som dannar ei svak kolsyreløysing: H2O + CO2 → H2CO3. Nylege studiar av sulfat i karstvatn tyder på at svovelsyre og hydrogensulfid òg kan spele ei viktig rolle i danninga av karstformasjonar.

Dette svakt sure vatnet byrja å løyse opp overflata og dannar sprekker eller lagdeling i kalksteinsbergarten. Over tid vert desse sprekkene større når berggrunnen held fram å løyse seg opp. Opningane i steinen vert større og det kan utvikle seg elvesystem under bakken, som gjer at meir vatn kan passere gjennom og akselerere danninga av karstformasjonane.

Noko mindre vanleg er gipskarst, der ei løysing med mineralgips skapar mange liknande strukturar og som set av kalsiumkarbonat.

Karstformasjonar[endre | endre wikiteksten]

Overflatekarst

Karstifisering av eit landskap kan skape mange store og mindre formasjonar både på og under overflata. På utsette overflater kan ein få danna småskala formasjonar som riller, småbekkar og sprekker som vert kalla karren eller karrenfurer. Av litt større formasjonar finn ein slukhol, dolinar, vertikale sjakter, elvar som forsvinn i bakken og dukkar opp igjen. Av storskala formasjonar finn ein karren, karstfelt og blinddalar. Eldre karstlandskap, der meir av berggrunnen har forsvunne enn det som står att, kan ha vorte karsttårn eller høystakklandskap. Under overflata kan det oppstå kompliserte elvesystem og omfattande grotter og grottesystem.

Erosjon langs ein kalksteinskyst, hovudsakleg i tropane, produserer karsttopografi som inkluderer ei skarp makatea-flate over det normale sjøområde og skår frå undersida som kjem av biologisk aktivitet eller bioerosjon ved og like under havoverflata. Nokre av dei mest dramatiske formasjonane kan ein sjå i Phangngabukta i Thailand og Halongbukta i Vietnam.

Elvar som dukkar opp frå kjelder kan skape kalktuffterrassar som består av fleire lag av kalksittavleiringar over ein tidsperiode. I grotter kan det oppstå forskjellige formasjonar kalla droppsteinar av kalsiumkarbonat og andre oppløyste mineralar.

Ei karstelv kan kome opp igjen frå bakken fleire gongar og forsvinne ned igjen andre stader, vanlegvis med eit anna namn (som Ljubljanica, ei elv med sju namn).

Drenering og problem[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk i karstområde må ta omsyn til mangelen på overflatevatn. Jordsmonnet kan vere frodig nok med nok regnvatn, men vatnet forsvinn raskt gjennom sprekker i bakken og stundom er jorda heilt uttørka i opphaldsperiodar.

Kjelda til elva Loue, ei karstkjelde.

Vassforsying frå brønnar i karsttopografi kan vere utrygt sidan vatnet kan ha kome uhindra frå eit slukhol på eit dyrebeite, gjennom ei grotte og inn i brønnen utan at det har vorte filtrert slik det vanlegvis vert i porøse vassførande sjikt. Karstformasjonar er ofte full av holer og derfor er dei ofte lett gjennomtrengelege, noko som fører til at forureining ikkje like raskt vert filtrert ut.

Grunnvatn i karstområde kan vere like forureina som vatnet på overflata. I landbruk og enkelte landsbyar vert slukhol nytta som avfallsstader. Overfylte eller øydelagde septikktankar i karstlandskap kan føre til at uhandsama kloakk renn direkte ut i undergrunnskanalar.

Karsttopografien i seg sjølv kan òg skape problem for menneske. Slukhol kan gradvis auke i omfang, men ofte ser ein òg progressiv erosjon der taket i ei undergrunnsgrotte brått kollapsar. Slike hendingar har slukt heimar, kyr, bilar og landbruksmaskineri.

Pseudokarst[endre | endre wikiteksten]

Pseudokarst refererer til landskap som liknar karstformasjonar eller har liknande eigenskapar, men som oppstår som følgje av andre mekanismar. Døme på dette er lavagrotter og granittnutar (til dømes Labertouche Cave i Victoria i Australia) og formasjonar etter paleokollapsar.

Kjende karstområde[endre | endre wikiteksten]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Europa[endre | endre wikiteksten]


Afrika[endre | endre wikiteksten]

Asia[endre | endre wikiteksten]

Phong Nha-grotta i Phong Nha-Ke Bang i Vietnam.

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Canada[endre | endre wikiteksten]

USA[endre | endre wikiteksten]

Karibia[endre | endre wikiteksten]

Mexico[endre | endre wikiteksten]

Oseania[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Jennings, J.N. Karst Geomorphology 2nd ed. Blackwell 1985 Sweeting, M.M. Karst Landforms Macmillan 1973