Alter Rhein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alter Rhein nær Höchst
Alter Rhein ved Hohenems, på grensa til Diepoldsau

Alter Rhein (tysk for Gamle Rhinen) er det gamle elveleiet til Alpe-Rhinen i St. Gallen og Vorarlberg i Rhindalen. Leiet vart skoren av då Rhinen vart retta opp på 1900-talet. Desse avskorne armane har vorte viktige fritidsområde og naturreservat.

I 1900 var avskjeringa ved Fussach ferdig. Det gamle elveleiet, frå Höchst og St. Margrethen til landsbyen Altenrhein i Tahl ved breidda av Bodensjøen dannar grensa mellom Austerrike og Sveits. I 1906, vart Rheintaler Binnenkanal (Rhindalen innlandskanal) graven ut, og knytte Sennwald til St. Margrethen. I 1923 vart ein annan snarveg ferdig ved Diepoldsau, og skapte ei anna arm, som òg fekk namnet Alter Rhein.

Området mellom Gamle og Nye Rhinen utgjer i dag naturreservatet Rhinen-deltaet (må ikkje forvekslast med Rhinen-deltaet i Nederland).

Utsyn frå Hohe Kugel til gamle og nye Rhinen ved Diepoldsau
Utsyn frå Hohe Kugel til gamle og nye Rhinen ved Diepoldsau

Koordinatar: 47°28′11″N 9°36′36″E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]