Kantonen St. Gallen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St. Gallen
Tysk: St. Gallen
Fransk: Saint-Gall
Italiensk: San Gallo
Retroromansk: Son Gagl
Coat of arms of canton of St. Gallen.svg
Våpenet til St. Gallen
Karte Lage Kanton St. Gallen 2013.2.png
Kart som viser kor i Sveits St. Gallen ligg.

Hovudstad St. Gallen
Folketal 478 907 (2011)
Areal 2 025,54 km²
Folketettleik 236/km²
Forkorting SG
Kanton sidan 1803
Høgaste topp Ringelspitz (3248 moh)

St. Gallen er ein kanton i det nordaustlege Sveits. Kantonen har eit areal på 2 026 km2, og hadde 474 676 innbyggarar i 2009. Byen St. Gallen er hovudstad i kantonen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunekart over kantonen St. Gallen
Utsyn over distriktet Toggenburg
Utsyn over Rapperswil-Jona, lengst vest i kantonen


Kantonen grensar til Bodensjøen og kantonen Thurgau i nord, Austerrike og Liechtenstein i aust, Graubünden i sør og Glarus, Schwyz og Zürich i vest. Dei to kantonane Appenzell Ausserrhoden og Appenzell Innerrhoden er fullstendig omslutta av St. Gallen.

Ringelspitz på 3 247 meter over havet er det høgste fjellet i kantonen, men Säntis, som er trekantonspunkt mellom St. Gallen og dei to Appenzell-kantonane, er meir kjent. Lågastliggande punktet er Bodensjøen, 395 meter over havet. Bodensjøen er òg største innsjøen. Delar av både Zürichsjøen og Walensjøen ligg i dei sørlege delane av St. Gallen. Elvane Rhinen, Thur, Linth, Sitter og Seez renn i og gjennom kantonen.

Halvparten av flatevidda i St. Gallen er landbruksareal.

Språk og samfunn[endre | endre wikiteksten]

Om lag 23% av innbyggarane i St. Gallen er utanlandske statsborgarar. Nær 40% av desse er frå det som ein gong var Jugoslavia, medan høvesvis 16% og 14% er frå Tyskland og Italia. I kring 88% av folket har tysk som hovudtalemål, det finst elles mange ulike dialektvariantar i kantonen. Ved folketeljinga i 2000 skreiv 52% av innbyggarane seg som katolikkar, 26% sokna då til den reformerte kyrkja.

Valkrinsar og kommunar[endre | endre wikiteksten]

St. Gallen består av 8 valkrinsar, som sidan 2010 er delt opp i til saman 85 kommunar. Dei åtte valkrinsane er; Rheintal, Rorschach, St. Gallen, Sarganserland, See-Gaster, Toggenburg, Werdenberg og Wil.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Kantonen St. Gallen er ein tilfeldig konstruksjon av ymse historiske landområde, pressa fram i 1803 av Napoleon Bonaparte gjennom den såkalla Meklingsavtalen. Om lag halvdelen av flatevidda i kantonen fell saman med land som abbeden i St. Gallen-klosteret skaffa til hende.

Byen St. Gallen fekk sjølvstende i 1405. Toggenburg erobra abbediet i 1468. Både byen og abbediet var knytt til det gamle sveitsiske eidsforbundet, men ulikt Appenzell deltok aldri korkje byen eller abbediet som medlemer.

Områda ved Zürichsjøen, Walensjøen og langs Rhinen var sjølvstendige opp til 1798. Under republikken Helvetia var dei nordlege delane av dagens kanton, saman med Appenzell, innlemma i kantonen Säntis. Dei sørlege delane av kantonen høyrde, saman med Glarus, til kantonen Linth.

St. Gallen si tidlege soge[endre | endre wikiteksten]

I 926 raida ungararar abbediet og dei nærliggjande byane. Kringom 1205 vart abbeden ein kyrkjefyrste i det tysk-romerske imperiet. Vel hundre år seinare, i 1311, vart St. Gallen ein fri keisarby. Kring om 1353 tok lauga makta, leia av kledevevarlauget.

Alliert i det gamle sveitsiske eidsforbundet[endre | endre wikiteksten]

I 1415 kjøpte byen sin fridom frå den tyske kongen, keisar Sigismund. Godseigarar i Appenzell lukkast å lausrive seg frå abbediet i 1405, og seks år seinare allierte dei seg med det gamle sveitsiske eidsforbundet. Få månader seinare kom også byen St. Gallen med som alliert. Dei vart med i den "evigvarande alliansen" som medlemer av konføderasjonen i 1454 og fekk tre år seinare full fridom frå abbeden.

I 1451 gjekk abbeden i allianse med Zürich, Luzern, Schwyz og Glarus som alle var medlemer av konføderasjonen. Tidleg i 1490-åra støtta dei fire kantonane abbeden mot oppreistbyane og Appenzellane. Etter sigeren over desse tok konføderasjonen eigarskap over byen St. Gallen og sette seg mot forsøk frå keisardømmet på å trenge seg inn.

Tidlegmoderne soge[endre | endre wikiteksten]

Frå 1526 introduserte borgarmeisteren og humanisten Joachim von Watt reformasjonen i byen St. Gallen. Byen slutta seg til den nye og reformerte religionen, medan abbediet heldt fram som romersk-katolsk. Munkane rømde byen etter det oppstod ikonoklastiske oppreistar, og bykyrkjene vart tømde for bilete. Det verna abbediet klarte seg urøyvt.[1] Abbediet vart verande ei katolsk høgborg kring den protestantiske byen opptil 1803.

Nyare soge[endre | endre wikiteksten]

Under republikken Helvetia var St. Gallen ein del av kantonen Säntis. For å få det til, vart abbediet sekularisert i 1798. I 1803, som del av Meklingsavtalen vart området med i den sveitsiske føderalstaten som kantonen St. Gallen. Den nydanna kantonen St. Gallen vart då i 1803, saman med dei andre nye kantonane; Thurgau, Vaud, Aargau, Graubünden og Ticino, likeverdige medlemer av det sveitsiske eidsforbundet.

Kantonen vedtok i 1803 og 1814 dei første kantonsforfatningane. I grunnlova av 1814 vart innført både eit storråd felles for alle i kantonane, men også storråd for kvar av dei reformerte og dei katolske trussamfunna. Dei to religionsbaserte storråda handsama saker vedkomande kyrkje, ekteskap og skule innanfor sine eigne trussamfunn.

Ei demokratisk-representativ forfatning vart innført i 1831. Skipnaden var direkte-demokratisk gjennom det såkalla «Volksveto», og løyste av det tidlegare oligarkiske regimet. Etter intense rivningar tok staten over skulestellet, som til dess hadde vore styrt av kyrkja. Den sterke innverknaden frå kyrkja prega likevel St. Gallen langt inn i det 20. hundreåret. År 1875 vart «Volksveto» sett til side gjennom ei rådgjevande folkeavrøysting.

Utsyn over Rheintal, nordaust i kantonen

Grunnlova for kantonen vart vedteken i 1890. I denne vart folkeinitiativet innført, ei reform som gjorde det lettare for folk å få prøvd saker gjennom folkeavrøystingar og til val av kantonsregjering. Denne grunnlova galdt, med mange endringar, til ei ny forfatning kom i stand i 2001. I fyrste rekke samanfatta 2001-grunnlova dei mange forfatningsmessige endringane gjort i det siste hundreåret, samt ho avslutta omorganiseringa av kantonen.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kantonen St. Gallen


Kantonane i Sveits Det sveitsiske flagget
Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich