Amanda Peet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amanda Peet

Fødd11. januar 1972 (52 år)
FødestadNew York by
Aktive år1995–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skribent, teaterskodespelar, fjernsynsprodusent
MorPenny Peet
EktefelleDavid Benioff

Amanda Peet (fødd 11. januar 1972) er ein amerikansk skodespelar. Ho har opptredd i fjernsyn, film og på teater.

Peet er fødd i New York. Ho studerte historie ved Columbia University, der ho også tok eit dramakurs under Uta Hagen. Peet spelte først i TV-reklamar, og gjekk deretter gradene med mindre rollar i fjernsynsseriar og indiefilmar. Ho blei betre kjend gjennom rollar i større filmar som The Whole Nine Yards (2000), og fekk større rollar i filmar som Something's Gotta Give (2003) og Syriana (2005). Peet har også hatt rollar i skodespel ved Broadway, som Barefoot in the Park i 2006.

Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.