Amerikansk fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amerikansk fotball er eit lagspel som går ut på score poeng ved å ta ballen inn i målsona til motstandarlaget. Sporten er kjend for å vera veldig taktisk, samstundes som det er ein veldig fysisk sport med harde taklingar. Dette gjer at ein finn mange ulike spelarar som har spesialiserte oppgåver på bana. Ballen blir forflytta anten ved å springa med den, kasta den, eller å sparka den. Sjølv om namnet skulle tilseie det, er sparkespel ikkje den vanlege måten å forflytte ballen på, noko som kan gjera namnet misvisande. Sporten er derimot veldig populær i USA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk fotball har røter i tidlege former for rugby og fotball. Begge desse har opphavet sitt i Storbritannia frå midten av 1800-talet, der ballen skulle sparkast mot eit mål eller bli sprungen mot ei line.

Regler[endre | endre wikiteksten]

hensikten med Amerikansk fotball er å score fleire poeng enn motstandarlaget innan den gitte tidsramma.

Spelarar

Kvart lag har 11 spelarar på bana samstundes. Laget kan etter ynskje byte alle spelarane på bana i pausen mellom spela. Dette fører til at spelarane får veldig spesialiserte roller og at alle spelarane får speletid i løpet av kampen. Ein deler ofte laget i tre ulike einingar: angrep, forsvar og special team

Spelet

Ein vanleg kamp består av fire 15-minutts quarters (i Noreg er det vanleg å bruke 12 minutt i staden for 15), med ein pause etter andre quarter. Etter enkelte spel blir klokka stoppa, dette fører til at ein kamp varer mykje lenger enn speleklokka. Normalt tar det omtrent tre timar å spele kampen. Kampen startar ved eit myntkast der ein avgjer kva banehalvdel dei skal spele frå og kven som startar med avspark.

Når eit lag har fått ballen har det fire forsøk på å komme 10 yards (9.1 meter) framover på bana. Klarer ein å forflytte ballen den gitte distansen får ein 4 nye forsøk på nye 10 yards frå der ballen vart lagt død. Om ein skulle lukkast å forflytte ballen den gitte lengda på dei 4 forsøka overtek motstandarane ballen på der den vart lagt død på siste spel.

Alle spel forutan avspark startar med at centeren avleverer ballen til ein medspelar, ved å sende ballen mellom beina sine, mottakar er som oftast kvartbacken. Ein kan no velje mellom å springe med ballen eller å kaste ballen. Å springe med ballen er det mest trygge med gir i gjennomsnitt mindre yards per spel. Å kaste ballen er meir farleg då motstandaren lettare kan få tak i ballen, men gir i gjennomsnitt fleire yards per spel. Ein kan berre kaste ballen framover ein gong per spel og kastet må gjerast bak den lina der ballen blei starta frå. Bakoverpasningar eller avleveringar kan gjerast når ein måtte ynskje det.

Ballen er død og spelet er over når:

  • ballberar blir lagt i bakken (takla), eller spring ut av bana
  • Ein framoverpasning som går i bakken, eller blir kasta ut av bana utan å bli tatt imot
  • Eit lag scorar

Poeng

Ein kan skaffe seg poeng på følgjande måte

  • Ein touchdown som gir 6 poeng. Noko som skjer når ein spring med ballen eller tek imot ein pasning inne i målsona til motstandarlaget. Ein trenger ikkje la ballen røre ved bakken (slik som rugby) som namnet skulle tilsei
  • Etter ein touchdown får laget eit ekstra forsøk på å lage poeng. Ein kan då velje å sparke ballen mellom målstengene som gir eit ekstra poeng eller å score ein ny touchdown som gir 2 ekstra poeng.
  • Ved å sparke ballen mellom målstengene gir får ein 3 poeng og blir kalla eit field goal
  • Ved å takle ballberar med ballen i hans eiga målsone, eller at ballberar spring utav bana inne i målsona eller mister ballen ut av bana inne i målsona får ein 2 poeng kalla ein saftey

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]