Amperemeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demonstrasjonsmodell av eit jernamperemeter. Når straumen aukar gjennom spolen, vert stiften trekt lenger inn i spolen og peikaren flyttar seg mot høgre.

Amperemeter er eit måleinstrument for måling av elektrisk straum. Elektrisk straum vert målt i ampere (A), og denne eininga har gjeve namn til måleapparatet. Tidlege amperemeter var laboratorieinstrument som var avhengige av magnetfeltet på jorda for å virke. Seint på 1800-talet vart instrumenta forbetra og kunne setjast opp i all slags stillingar og gjere meir nøyaktige målingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amperemeter