Amundsen Coast

Koordinatar: 85°30′S 162°0′W / 85.500°S 162.000°W / -85.500; -162.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amundsen Coast is located in Antarktis
Amundsen Coast
Amundsen Coast (Antarktis)

Amundsen Coast er den delen av kysten sør for Ross isbrem som ligg mellom Morris Peak, på austsida av Liv-breen, og vestsida av Scott Glacier. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee i 1961 etter Roald Amundsen, den norske polfararen. Amundsen laga ein base ved Framheim ved kanten av Ross isbrem, og sledekøyrte over bremmen og oppdaga ruta opp til Axel Heiberg-breen langs denne kysten på veg til det antarktiske platået. Han vart den første til å nå Sørpolen, 14. desember 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

85°30′S 162°0′W / 85.500°S 162.000°W / -85.500; -162.000