Anadyrbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byen Anadyr ligg ved den store Anadyrbukta

Anadyrbukta (russisk Анадырский залив - Anadyrskij zaliv) er ei bukt heilt nordaust i Sibir i Russland.

Ho ligg i den nordvestlege delen av Beringhavet og strekkjer seg frå Kapp Tsjuktsji i nord til Kapp Navarin i sør. Ho er om lag 400 km brei og inneheld to andre bukter, Krestbukta og Anadyrskij Liman. Anadyrbukta er normale islagd 10 månader av året.

Byen Anadyr, det administrative senteret i Tsjukotka autonome okrug, ligg ved kysten av bukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]