Tsjukotka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjukotskij avtonomnyj okrug
   
Tsjukotka sitt flagg
Tsjukotka sitt våpen
Tsjukotka sitt flagg Tsjukotka sitt våpen
Tsjukotka på kartet over Russland
Hovudstad Anadyr
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 7.

737 700 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 84.

ca. 50 500[1] (2010)
ca. 0,07/km²

Føderalt distrikt Fjerne Austen
Økonomisk region Fjerne Austen
Regionsnummer 87
Offisielt språk Russisk
Guvernør Roman Valentinovitsj Kopin
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +1200

Tsjukotka, (russisk Чукотский автономный округ) er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Anadyr, arealet er 737 700 km² og innbyggjartalet er 50 500 (2010.)

Tsjukotka ligg heilt aust i Russland og omfattar det austlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. I aust er det berre skilt med nokre frå kilometer frå Alaska i USA. Landskapet er stort sett fjell og fjellvidder, med litt lavland rundt elva Anadyr. Høgste punktet er 1 843 meter over havet. Her fins forekomstar av tinn, kvikksølv, kol, gass og gull. Klimaet er arktisk - middeltemperaturen i januar er -29 grader celsius og i juli + 9 grader celsius. Havet rundt Tsjukotka er store delar av året frose.

Dei fremste næringsvegane er gruvedrift og reindrift.

Flesteparten av innbyggajarane er russarar (66,1%) og ukrainarar (9,4%). 20 % av innbyggjarane er diverse urfolk, som tsjuktsjarar (10 %) inuitar (0,9%), evenarar (0,8%) og tsjuvanarar (0,6 %).

[endre] Historie

Tsjuktsjarar, inuitar og andre urfolk har budd i dette området sidan før-historisk tid. Dei første russiske oppdagarane kom til området på 1600-talet. Den første permanente russiske busetjinga oppstod ved elva Anadyr. På midten av 1800-talet kom amerikanarar til området og starta opp industriverksemd. Dei lokale folkeslaga levde endå som stammefolk på starten av 1900-talet.

Etter den russiske revolusjonen kom Tsjukotka under kontroll av dei kontrarevolusjonære (kvitegardistane). I juli 1920 vann styrkar frå den Raude Arme eit slag her, men i 1921 kom nye kvitegardistar frå Vladivostok og gjenoppretta kontroll. Først i 1923 fekk bolsjevikane endelig kontroll over området - det var såleis eit av dei siste områda i Russland som kom under kommunistisk kontroll. Den 10. desember 1930 vart det autonome området oppretta.

Før 1991 var Tsjukotka eit autonomt område underlagt Magadan oblast. Med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Tsjukotka eit føderasjonssubjekt direkte under den russiske føderasjonen.

I 2000 vart forretningsmannen og milliardæren Roman Abramovitsj vald til guvernør i Tsjukotka. Han kom ikkje frå området, budde der ikkje og vitja det sjeldan, men pløygde store summar inn i området og starta også leiteboring etter petroleum der. 21. oktober 2005 vart han utpeika av president Vladimir Putin som guvernør for ein ny femårsperiode. I 2008 gjekk han av som guvernør og vart erstatta av Roman Kopin.

[endre] Fotnotar

  1. Folketeljinga i Russland i 2010 på russisk

[endre] Eksterne kjelder

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tsjukotka

Tsjukotka sine offisielle heimesider på russisk og engelsk
Kommersant artikkel på engelsk
Artikkel frå NUPI på engelsk

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk