Analog signalhandsaming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
PeakDet.svg

Analog signalhandsaming er arbeid med signal som har både kontinuerleg variabel amplitude og kontinuerleg tidsakse. Som døme på slike signal kan ein nemna elektriske signal (spenning eller straum) frå ymse typar sensorar, som mikrofonar, aksellometre, trykk- og temperatur-sensorar, osb. Andre døme på analoge signal er utganssignalet frå signalgeneratorar, forsterkarar, osb.

Innan analog signalhandsaming vert signala handsama med analog elektronikk, tilpasse nivå (amplitude), bandbreidd, SNR, osb. Svært svake signal, frå til dømes sensorar, vert forsterka så tidleg som mogleg i signalkjeda og handsama vidare på signalnivå. Kva som vert rekna som signalnivå kan variera noko, alt etter kva slage krinsar ein nyttar for signalhadssaminga. Ofte vert operasjonsforsterkarar nytta og da ligg nivået ofte i område 1 - 10 V. Nyare lågeffektoperasjonsforsterkarar arbeider ofte med spenningar på nokre få volt. Andre døme på analog signalhandsaming er effektforsterkarar, som vert nytta for å driva til dømes høgtalarar, antenner, servomororar, solenoidar, osb. Effektforsterkarar vert som oftast laga med diskrete halvleiarkomponent, i alle høve i utgangstrinnet.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]