Anarâškielâ servi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anarâškielâ servi, eller den enaresamiske foreininga, er ei foreining som vart stifta i 1986 i Enare.
Stiftingsmøtet vart halde i Ivalo 4.12. Stiftingsmedlemmane var Veikko Aikio, Ilmari Mattus ja Matti Morottaja: Morottaja vart den første ordføraren.
Føremålet med foreininga er å fremje og styrke enaresamisk. I 1997 starta foreininga opp eit enaresamisk språkreir, som fekk namnet Kielâpiervâl. Dette språkreiret har lukkast med å auke talet på enaresamiske talarar, særleg blant barn og unge. Foreininga gjev også ut bladet Anarâš og nettavisa Kierâš, begge på enaresamisk.
17. november 2004 fekk bladet den nordiske Gollegiella-prisen.
Lenkjer [endre]
Kjelde [endre]
- Artikkel se:Anarâškielâ servi i Nordsamisk Wikipedia den 8. desember 2012