Anchorage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anchorage
Anchorage (raud) si plassringa i Alaska

Anchorage er ein by og ein kommune («borough») i den USA-amerikanske delstaten Alaska. Kommunen har ei flatevidd på 5 079,2 kvadratkilometer og 291 826 ibuarar (2010); drygt 40% av Alaskas befolkning bur såleis i kommunen. Sjølve byen har i kring 240 000 ibuarar. Ordet «anchorage» tyder ankerplass.

Anchorage by ligg på 61,2° nordleg breidd i den sentrale delen av delstaten, ved Chickaloon Bay, ca 1 000 km vest om Juneau, hovudstaden i Alaska. På grunn av nærleiken til havet er klimaet ikkje så kaldt som på stader i innlandet på same breiddegrad, somrane er derimot litt svalare enn dei i innlandet, så som Fairbanks.

Den 27. mars 1964 gjorde eit jordskjelv store skader på bygningar i byen, og fleire menneske omkom. Det såkalla Langfredagsskjelvet vart målt til 9,2 på Richterskalaen, og er det kraftigaste jordskjelvet i USA. I dag er Cityhospitalet, teikna av Frank Lloyd Wright, den mest kjende bygningen i Anchorage.

I Anchorage finst to universitet, University of Alaska (skipa 1954) og Alaska Pacific University (skipa 1957).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Anchorage har ein stor internasjonal flyplass, Ted Stevens Anchorage International Airport. Fly er eit viktig transportmiddel, mange gamle propellfly som DC-3 flyg framleis kommersielt i denne delstaten.

Anchorage er knytt til den einaste jarnvegen i Alaska; Alaska Railroad.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anchorage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]