Anderstorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°16′56.244″N 13°37′52.014″E Anderstorp er ein tettstad i Gislaveds kommun i Jönköpings län i Småland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 4 987 innbyggjarar. Anderstorp ligg cirka 5 kilometer søraust for Gislaved. Tettstaden ligg ved riksveg 27, og næringslivet er prega av småindustri. Totalt har Anderstorp over 220 føretak, og dei største bransjene er metallvare- og plastindustri. Dei største bedriftene er Kendrion Holmbergs AB, Plastunion AB, Newell Rubbermaid, og ABA of Sweden AB, ETAC AB.

I Anderstorp ligg òg Scandinavian Raceway der Sveriges Grand Prix i Formel 1 blei arrangert mellom 1973 og 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]