Tettstad
Ein tettstad er på dagleg-norsk eit område der fleire menneske bur tett saman, utan at det er stort nok til å kallast ein by. Statistisk sentralbyrå på si side definerer ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar, det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikkje er meir enn 50 meter. Etter denne definisjonen er tettstadgrenser uavhengige av kommune- og fylkesgrenser, og det er heller inga øvre grense for storleiken på ein tettstad, eller ei avgrensing mot omgrepet by. Noregs største tettstad er Oslo som strekk seg inn i nabofylka Akershus og Buskerud.
Fleire plassar som er lista som tettstad i Statistisk Sentralbyrå si oversikt[1] er neppe det etter deira eigen definisjon ved at det normalt ikkje skal vere meir enn 50 meter mellom husa. Spesielt gjeld det stader som har eit innbyggartal like over grensa på 200. Fleire av desse har heller ikkje funksjonar som ein knyter til tettstad så som skole, butikk, bensinstasjon, osv.
I denne lista er det for nokre kommunar ikkje lista opp stader som ein normalt ville tenke på som eigen tettstad. T.d. er Skedsmo kommune nemnd i lista, men t.d. Strømmen som til dagleg blir oppfatta som ein eigen tettstad er ikkje spesielt nemnd. Grunnen er at ifølge definisjonen til Statistisk Sentralbyrå så er tettstadomgrepet uavhengig av kommune og både Strømmen og Lillestrøm er ein del av tettstaden Oslo.
I nynorskordboka er ein tettstad definert som by el. annan tett busetnad med over 200 innbyggjarar byar og tettstader er urbane strøk. Etter denne definisjonen er altså ikkje eit bustadfelt med over 200 innbyggarar ein tettstad.
Somme større tettstader har i nyare tid, etter at den statleg bestemte formelle minstegrensa for folketal vart oppheva, begynt å kalle seg byar. Såleis til dømes Åndalsnes i Rauma kommune. I Herøy på Sunnmøre vart det bestemt at Fosnavåg skulle ha bystatus, då dette bana veg for hamnestatus. Andre har valt å la vere, såleis til dømes Sunndalsøra etter ei lokal folkerøysting om saka i Sunndal kommune. Derfor finst det idag tettstader (t.d. Asker) som er større enn byar her i landet.
Tettstad-omgrepet kjem frå svensk, og er eit nordisk omgrep innan bygeografi for det engelske urban area.
Tettstader i andre land [endre]
I dei fleste andre europeiske land er det næraste ein kjem tettstaden landsby på ulike språk. Desse er som regel klumpa tettare saman enn den typiske tettstaden, gjerne rundt ei kyrkje eller eit anna samlingspunkt.
I Storbritannia kallar ein tettbebygging på landet ein village, dersom han har ei kyrkje, eller ein hamlet dersom han er litt mindre og ikkje har det. I USA kallar ein det meste av tett busetnad, også svært små stader, small towns.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ http://www.ssb.no/beftett/tab-2009-06-16-01.html Tettstader. Folkemengd og areal, etter kommune. 1. januar 2009