Andrea Benvenuti
Andrea Benvenuti | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 13. desember 1969 (54 år) Negrar di Valpolicella |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Andrea Benvenuti (fødd 13. desember 1969) er italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Negrar i provinsen Verona. Han vart europameister på 800 meter i 1994.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Benvenuti vart italiensk meister på 800 m i 1992. Under dei olympiske leikane i Barcelona same året kvalfiserte han seg til finalen, der han låg sist i feltet til dess han på oppløpssida sprang i mål til ein femteplass. Seinare i sesongen sette han italiensk rekord med tida 1.43,92, hans alle snøggaste løp på distansen.
Under europameisterskapen 1994 i Helsinki vann Benvenuti den fyrste semifinalen framom norske Atle Douglas, i det andre seimfinaleløpet sigra Vebjørn Rodal, også han nordmann. Finalen gjekk føre seg i roleg tempo den fyrste runden, ut på andrerunden gjekk det i spurttempo. Med tida 1,46,12 vann Benvenuti ein rimeleg klar siger framom Rodal og spanjolen Tomas de Teresa.
To år seinare nådde Benvenuti semifinalane under Sommar-OL 1996 i Atlanta, der han gav opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1992 i Barcelona: Nr 5 på 800 m – 1.45,23
- VM 1993 i Stuttgart: Braut kvalifiseringsheatet på 800 m
- EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 1.46,12, framom Vebjørn Rodal (1.46,53)
- OL 1996 i Atlanta: Braut i sememfinalane
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andrea Benvenuti» frå Wikipedia på tysk, den 5. juni 2015.