Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Reino de España

(norsk: Spania, spansk)

Det spanske flagget Det spanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Marcha Real»
Motto Plus Ultra (vidare, forbi)
Geografisk plassering av Spania
Offisielle språk Spansk1
Hovudstad Madrid
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Felipe VI
Mariano Rajoy
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
505 370 km² (51.)
1.04%
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2004)
 – Tettleik
 
47 042 984 (27.)
43 197 684
93,1 /km² (88.)
'Sjølvstendig kongedøme'
Samla til eitt rike


1492
Nasjonaldag 12. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
1 376 000 mill. USD (13.)
29 500 USD (35.)
Valuta Euro2
Tidssone UTC +1
Kanariøyane UTC +0
Telefonkode +34
Toppnivådomene .es

1I nokre autonome samfunnn er katalansk, baskisk og galicisk offisielle i tilleg til spansk.2Før 1999: Spanske pesetas

Kongeriket Spania eller berre Spania (spansk: Reino de España eller España) er det største landet på den iberiske halvøya sørvest i Europa. Landet er eit konstitusjonelt monarki med hovudstad i Madrid. Det grensar mot Andorra og Frankrike i nord, Portugal i vest, og mot Gibraltar og Middelhavet i sør.

Utanfor det spanske fastlandet høyrer Kanariøyane i Atlanterhavet, Balearane (Mallorca, Menorca, Ibiza, etc.) og dei ikkje-busette øyane Plazas de soberanía til landet. Byane Ceuta og Melilla grensar til Marokko, medan Llívia er ein eksklave i Frankrike.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Forhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Tidlege innbyggjarar på den iberiske halvøya er ukjende, men kan ha inkludert baskarar. Den viktigaste kulturen frå førhistorisk tid finn ein rundt byen Tartessos. Sjøfarande fønikarar, grekarar og kartagenarar grunnla handelsbyar langs kysten til Middelhavet, som Gadir (dagens Cádiz), Emporion (Empúries) og Carthago Nova (Cartagena). Frå 800-talet f.Kr. vandra keltiske stammar inn i landet over Pyreneane.

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Romarane kom til den iberiske halvøya under den andre puniske krigen mot Kartago100-talet f.Kr. I løpet av to hundreår med krigar nedkjempa romarane alle dei tidlegare innbyggjarane på halvøya og la det under seg som Hispania. Seinare blei Hispania delt i mindre provinsar, medan Lusitania, som svarar nokolunde til dagens Portugal, blei skilt ut. Språket, lovane og grunnleggjande kulturelle trekk i dagens Spania stammar frå denne tida.

Muslimsk tid[endre | endre wikiteksten]

Då Romarriket fall blei Spania hovudsakleg teke over av visigotarar, men blei raskt erobra av muslimske maurarar frå Nord-Afrika frå 711 av. Dei la hovudstaden i landet dei kalla Al-Andalus til Córdoba og innleidde ei glanstid for kunst og vitskap. Tre små område som seinare blei til kongedøma Asturias, Navarra og Aragon heldt seg kristne. Mot slutten av den muslimske tida blei det vanskelegare å vera kristen eller jøde i Al-Andalus. Samstundes hadde dei kristne kongedøma styrkt makta si, og vann tilbake landet i det som er blitt kjent som La Reconquista, gjenerobringa. Den siste muslimske staten, Granada, blei erobra i 1492.

Spansk stormaktstid[endre | endre wikiteksten]

Spania blei eitt rike då Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla sameinte rika sine i ein personalunion. Deira utvising av jødar og muslimske maurarar førte til ein økonomisk og kulturell tilbakegang. Riket skulle likevel snart få tilgang på nye rikdomar.

På 1500-talet ekspanderte Spania som kolonimakt etter at Christopher Columbus oppdaga Amerika med spansk støtte. Landet la under seg store landområde både i den nye verda og den gamle, inkludert Portugal med koloniar i ein kort periode frå 1580 til 1640. Dei store rikdomane førte til ein spansk gullalder både i moderlandet og koloniane.

Auka konkurranse frå andre europeiske land, som England og Nederland svekte det spanske imperiet. På 1800-talet frigjorde mange av dei spanske koloniane seg og Spania stod framfor ein nedgang som stormakt. Den spansk-amerikanske krigen sette ein endeleg stopp for spansk herredøme i Latin-Amerika.

Ufred[endre | endre wikiteksten]

Spania blei okkupert av Napoleon tidleg på 1800-talet, men spanjolane reiste seg til ein blodig geriljamotstand. Etter frigjeringskrigen (18081814) gjekk landet igjennom ei rekkje konfliktar mellom liberalarar og rojalistar, og over arvefølgja. Landet var republikk frå 1871 til 1873 før monarkiet blei gjeninnført gjennom ein serie statskupp.

Den andre spanske republikken blei innført i 1931, men eit mislukka kuppforsøk i juli 1936 starta den spanske borgarkrigen som enda med siger for den fascistiske generalen Francisco Franco. Spania var eit diktatur fram til Franco døydde i 1975, og arvingen han sjølv hadde utpeikt, kong Juan Carlos, gradvis gav makta tilbake til folket.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Spania består av 17 autonome samfunn (comunidades autónomas):

Namn Hovudstad Areal (km²) Folketal (2005)
Andalucía Sevilla 87 268 7 850 000
Aragón Zaragoza 47 719 1 269 000
Asturias Oviedo 10 604 1 077 000
Balearane Palma de Mallorca 4 992 983 100
Baskarland Vitoria-Gasteiz 7 234 2 125 000
Kanariøyane Santa Cruz de Tenerife/
Las Palmas de Gran Canaria
7 447 1 968 000
Cantabria Santander 5 321 562 300
Castilla-La Mancha Toledo 79 463 1 895 000
Castilla y León Valladolid 94 223 2 511 000
Catalonia Barcelona 32 114 6 995 000
Extremadura Mérida 41 634 1 084 000
Galicia Santiago de Compostela 29 574 2 762 000
La Rioja Logroño 5 045 301 100
Madrid Madrid 8 028 5 964 000
Murcia Murcia 11 313 1 336 000
Navarra Pamplona 10 391 600 000
Valencia Valencia 23 255 4 692 000

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Spania skil seg frå resten av Europa. Med Atlanterhavet i vest og Middelhavet i aust og ei rekkje fjellrekkjer på kryss og tvers er klimaforholda i Spania svært kompliserte. Som i resten av Europa er vinteren den våtaste tida av året, særleg på nordkysten der det kan regne ganske kraftig. Enkelte dagar kan det komme snø på det lågareliggjande platået i sør, inkludert Madrid, medan dei nordlege områda oftare får snø. Flyttar ein seg opp i fjellrekkjene i nord kan ein få nokså mykje snø i løpet av vinteren. Dei indre områda kan få nokså kjølige forhold om vinteren, særleg i samband med vind, medan temperaturen langs kysten sjeldan går under 0 °C.

Om sommaren er det derimot motsett, og det er dei indre områda som får dei høgaste temperaturane. I dei sørlege indre områda finn ein dei høgaste temperaturane som er målt i Europa (50 °C). Kystområda har som regel temperaturar under 30 °C. Om hausten byrjar regnbyene å ta seg opp og dei austlege delane av Pyreneane og dei nordlege provinsane langs Middelhavskysten kan få kraftige byer. Dette kan innimellom føre til kortvarige intense flaumar. Men dette området kan òg ha lange periodar med tørke om hausten.

Sørover langs kysten blir det derimot meir sol, særleg langs Costa Blanca og Costa del Sol. Vinteren her er mild og sommaren varm, men sjeldan svært varm, og fukta er relativt låg. Frå hausten til våren kjem det regn om lag ein gong i veka, og når det er ikkje er regn er det ofte klårvêr. Det same gjeld for Andalucia, som har lite eller ingen skyer 100 til 150 dagar av året. Så mykje klårvêr viser seg igjen i temperaturen, og om sommaren er det vanlegvis 38 °C og høgare. Lufta kan i tillegg vere nokså fuktig, men det blir sjeldan nedbør ut av det. Fjelljkjeda Sierra Nevada kan likevel få snø om vinteren. På nordkysten av Spania har ein eit sommarklima som ikkje er ulikt det ein finn i England.

Madrid har ein normal årsnedbør på 444 mm, medan Santander på nordkysten har 1189 mm. Den sørlege Middelhavskysten har derimot berre 200-250 mm, og i perioden juni-august er normalen berre rundt 10 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]