Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Repubblica Italiana
('Den italienske republikken')

(norsk: Italia, italiensk)

Det italienske flagget Det italienske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Fratelli d'Italia»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Italia
Offisielle språk Italiensk
Hovudstad Roma
Styresett
Republikk
Giorgio Napolitano
Enrico Letta
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
301 340 km² (71.)
2,4 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
61 261 254 (23.)
57 110 144
203,3 /km² (40.)
Samla
17. mars 1861
Nasjonaldag 2. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
1 782 000 mill. USD (10.)
30 700 USD (30.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +39
Toppnivådomene .it


Italia (italiensk: Repubblica italiana) er eit land i Sør-Europa som ligg på den italienske halvøya og dei to middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. I nord blir landet avgrensa av Alpane og møter landa Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Dei sjølvstendige statane Vatikanstaten og San Marino er enklavar i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Italia var kjernelandet for Romarriket. Etter at riket braut saman blei det delt opp i fleire mindre statar der den viktigaste var Pavestaten. Landet var sentralt i europeisk kulturhistorie, mellom anna utvikling av kunst, filosofi og vitskap i mellomalderen og særleg renessansen.

Dagens Italia blei ein nasjonalstat først i 1861, då dei fleste statane på halvøya blei sameina av kong Viktor Emmanuel II av Savoy-dynastiet. Dei som stod bak samlinga var ministeren hans, Camillo Benso di Cavour, og generalen Giuseppe Garibaldi, som blei ein nasjonal folkehelt. Roma sjølv blei halden av paven i nok eit tiår og blei først del av Italia i 1870, med Vatikanet som ein fortsatt sjølvstendig enklave.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Map of Italy (w.o. Labels).jpg

Landet strekker seg frå Alpane i nord i ei velkjend støvelliknande form som er omkransa av Middelhavet og Adriatarhavet. Det omfattar dessutan middelhavsøyane Sardinia og Sicilia. Italia grensar til Frankrike, Sveits, Austerrike og Slovenia. Det omsluttar òg to små land, San Marino og Vatikanstaten.

Italia er delt inn i 20 regionar: Abruzzo, Basilicata, Calabria, Campania, Emilia-Romagna, Friuli-Venezia Giulia, Lazio, Liguria, Lombardia, Marche, Molise, Piemonte, Puglia, Sardinia, Sicilia, Toscana, Sør-Tyrol, Umbria, Valle d'Aosta og Veneto.

Roma har vore hovudstad sidan 1870, medan Torino og Firenze tidlegare har vore hovudstad i landet.

Nokre viktige byar:

Klima[endre | endre wikiteksten]

De første vêrobservasjonane i historia vart gjort i Italia av store vitskapsmenn som Evangelista Torricelli, Galileo Galilei og andre, og det er mykje forskjellig vêr å observere i Italia. Landet strekker seg ut i Middelhavet og ligg midt i leia for lågtrykk som flyttar seg rundt i havområda. Når lågtrykka flyttar seg innover land gjev dei regn og torevêr, men intensiteten varierer etter kvar ein er i landet og kva tid på året det er. Alpane og Appenninane har meir vinterleg vêr, og er med på å skape lokale skilnadar i låglandet. Dei hindrar òg til dels vêrfrontar frå Atlanterhavet å passere over landet.

Podalen som går på tvers av det nordlege Italia frå Torino til Venezia har størst klimatiske skilnader i landet gjennom året. Sommaren her er varm, men av og til lummer med torvêr og kraftige regnbyger om ettermiddagen. September er som regel tørr og varm med mykje fint vêr før hausten vert fuktigare og kjøligare. Frå desember til februar er dalen ofte dekt av ei kald tåke som kan ligge i dagevis. Austlege delar av Podalen er òg utsett frå den kalde boravinden frå Aust-Europa. Vinterstid er det vanleg med både regn og snø gjennom dalen, men sjeldan særleg kraftig. Dei austlege områda av Podalen er tørrare enn dei vestlege, og Venezia har t.d. ein midla årsnedbør på 770 mm, medan Milano i vest har 1017 mm.

Nord for Podalen finn ein Alpane som har kjøligare og fuktigare vêr, og i høgda her har ein alpint klima. Om vinteren kan det likevel vere sol og klårvêr i høgda, medan Podalen ligg dekt av tåke. I høgder på rundt 1500 m kjem det om vinteren rundt 50 cm snø kvar månad. Aostadalen er den tørraste delen av Alpane, men vinternettene kan bli svært kalde. Om hausten kan det innimellom regne svært kraftig i dei sørlege fjellsidene av Alpane, noko som kan føre til flaum. Det kjem stort sett meir nedbør i den italienske delen av Alpane enn resten av fjellområdet.

Områda sør for Podalen har middelhavsklima, og nordlege byar som Firenze og Pisa har om vinteren mykje mildare vêr og meir sol enn t.d. Milano, og dei har langt mindre tåke. Roma og Napoli har enno mildare vintrar. Somrane er berre litt varmare langs vestkysten av Italia enn i Podalen, medan Adriaterhavskysten sør for Bari, særleg rundt Tarantobukta, er blant dei varmaste områda i Italia. Andre varme område er kysten rundt Det joniske havet, dei aller sørlegaste områda av Italia og Sicilia. Vinteren i dei sørlegaste områda er milde, men ofte fuktige med torevêr. Høgareliggande strøk i Sør-Italia, som vulkanen Etna, kan av og til få overraskande kraftig snøfall om vinteren. Roma har ein normal årsnedbør på 744 mm, medan Palermo på Sicilia har 512 mm. Skriv uformatert tekst her

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i landet er italienarar. Det finst tysk- og franskspråklege minoritetar i Nord-Italia, og nokre andre små etniske minoritetar.

Fleirtalet (85 %) er katolikkar, men det finst òg religiøse minoritetar av protestantar, jødar og muslimar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Italia er velkjent for sine kunst- og kulturtradisjonar. Her finst ei rekke kjende byggverk frå oldtida og seinare, som Colosseum, det skeive tårnet i Pisa, dogepalasset i Venezia og Peterskyrkja i Roma. Italiensk mat, vin, design, litteratur, kunst, musikk (særleg opera) er kjende over heile verda.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Enrico Letta er statsminister.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Italia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]