Andrius Kubilius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andrius Kubilius

Andrius Kubilius (fødd 8. desember 1956) er ein litauisk politikar. Han var statsminister i Litauen 1999 - 2000 og igjen frå 9. desember 2008 til 13. desember 2012. Han leiar det konservative partiet Fedrelandsunionen - Litauiske kristendemokratar (Tėvynės sąjunga - Lietuvos krikščionys demokratai).

Kubilius vart fødd og voks opp i Vilnius. Han studerte fysikk på Universitetet i Vilnius, og fram til 1990 arbeidde han på universitetet. Han vart medlem i den opposisjonelle rørsla Sąjūdis, som strei for litauisk sjølvstende frå Sovjetunionen. Då dette vart oppnådd vart Kubilius vald inn i nasjonalforsamlinga i 1992. Han vart med i Fedrelandsunionen i 1993.

Frå 3. november 1999 til 9. november 2000 var han statsminister i Litauen. Han gjekk av etter at partiet hans mista 61 av dei 70 parlamentsmedlemene sine ved valet i 2000. Han vart partileiar for Fedrelandsunionen i 2003. Ved parlamentsvalet 28. oktober 2008 vart partiet størst, med 19,7 % av stemmene. Kubilius vart statsminister i ei sentrum-høgre koalisjonsregjering med to mindre parti.

Han er gift og har to søner. Kona er fiolinist i Det litauiske nasjonale symfoniorkesteret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andrius Kubilius