Sovjetunionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Сою́з Сове́тских Социалисти́ческих Респу́блик
Sojuz Sovetskikh Sotsialistitsjeskikh Respublik
Samveldet av sosialistiske sovjetrepublikkar
Føderasjon
19221991
Flagg Våpen
Det sovjetiske flagget Det sovjetiske riksvåpenet
Motto
«Пролетарии всех стран, соединяйтесь!»
(«Proletarar i alle land, samein dykk!»)
Nasjonalsong
«Internasjonalen»
(1922-1944)
«Hymne til Sovjetunionen»
(1944-1991)
Plasseringa til Sovjetunionen
Kart over Sovjetunionen
Hovudstad Moskva
Språk Russisk
Religion Ateistisk stat
Styreform Sosialistisk eittpartistat (i vesten ofte beskrive som «kommunistisk»
Generalsekretær i SUKP
 - 1922–1953 (første) Josef Stalin
 - 1985–1991 (siste) Mikhail Gorbatsjov
Statsminister
 - 1923–1924 (første) Vladimir Lenin
 - 1991 (siste) Ivan Silajev
Historie
 - Oppretta 30. desember 1922
 - Opphøyrde 26. desember 1991
Areal
 - 1991 22 402 200 km²
Innbyggjarar
 - 1991 est. 293 047 571 
     Folketettleik 13,1 /km² 
Valuta Rubel
Føregjengar
Etterfølgjarar
Flag of Russian SFSR (1918-1937).svg Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk
Flag of Transcaucasian SFSR.svg Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk
Flag of Ukrainian SSR (1929-1937).svg Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikk
Flag of Byelorussian SSR (1919-1927).svg Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikk
Flag of Estonia.svg Estland
Flag of Latvia.svg Latvia
Flag of Lithuania (1918-1940).svg Litauen
Russland Flag of Russia (1991-1993).svg
Kviterussland Flag of Belarus (1918, 1991-1995).svg
Ukraina Flag of Ukraine.svg
Moldova Flag of Moldova.svg
Georgia Flag of Georgia (1990-2004).svg
Armenia Flag of Armenia.svg
Aserbajdsjan Flag of Azerbaijan.svg
Kasakhstan Flag of Kazakh SSR.svg
Usbekistan Flag of Uzbekistan.svg
Turkmenistan Flag of Turkmen SSR.svg
Kirgisistan Flag of Kyrgyz SSR.svg
Tadsjikistan Flag of Tajik SSR.svg
Estland Flag of Estonia.svg
Litauen Flag of Lithuania (1988-2004).svg
Latvia Flag of Latvia.svg
Sør-Ossetia Flag of South Ossetia.svg
Abkhasia Flag of Abkhazia.svg

Sovjetunionen eller Sovjetsamveldet, i daglegtale ofte berre kalla Sovjet (russisk: Союз Советских Социалистических Республик (СССР)), var ein sosialistisk stat i Aust-Europa og Asia som eksisterte i perioden 1922 til 1991. Sovjetunionen var eit samvelde av 15 på papiret autonome republikkar, med Russland som den største og klart dominerande delrepublikken. Dominansen den russiske sovjetrepublikken gjorde til at Sovjetunionen ofte vart omtala som «Russland» eller «Sovjet-Russland» i Vesten, sjølv om denne nemninga ikkje var heilt nøyaktig.

Sovjetunionen voks fram i etterkant av den fyrste verdskrigen då det gamle russiske keisarriket gjekk under i den russiske revolusjonen. Etter ein kaotisk periode som vart kjend som den russiske borgarkrigen fekk bolsjevikane til Vladimir Lenin makta over mesteparten det gamle russiske riket. Etter at Lenin var død gjekk makta etter kvart til Josef Stalin, som med kommandoøkonomien sin og dei brutale metodane sine fekk landet gjennom ei storstilt industrialisering. I 1941 gjekk Nazi-Tyskland til åtak på landet, men etter fire år med dei mest omfattande krigshandlingane verda til no har sett stod Sovjetunionen att som ei av dei to supermaktene i verda. Etterkrigstida vart prega av den kalde krigen, ein ideologisk og politisk maktkamp mellom Sovjetunionen ein god del sosialistiske land på den eine sida og USA og mange vestlege land på den andre sida. Utover på 1980-talet vart det klart at Sovjetblokka tapte denne kampen, og då Mikhail Gorbatsjov overtok makta i Sovjetunionen i 1985 var det klart at det var naudsynt med grunnleggjande reformer i samfunnsstrukturen. Gorbatsjov klarte ikkje lenger å halde landet samla, og i løpet av 1990-91 gjekk den tidlegare så mektige Sovjetunionen i oppløysing.

Det sovjetiske samfunnssystemet var dominert av kommunistpartiet, eit parti som bygde på dei marxist-leninistiske prinsippa. Kommunistpartiet var det statsberande partiet i landet, og det einaste tillatne. Generalsekretæren i partiet var frå midten av 1920-åra den mektigaste personen i Sovjetunionen, og hadde langt meir makt og innverknad enn regjeringa og parlamentet. Sovjetunionen hadde verdas største planøkonomi, der alle aspekt av det økonomiske livet var forsøkt styrt sentralt frå hovudstaden Moskva, mellom anna gjennom såkalla femårsplanar. Landet var prega av liten politisk fridom der mellom andre KGB aktivt overvaka store delar av samfunnet. Landet hadde i glansperioden sin eit vel utbygd sosialt system med eit godt utbygd helsevesen og sosiale stønader.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle namnet til Sovjetunionen på russisk var Sojuz Sovetskikh Sotsialistitsjeskikh Respublik, Сою́з Сове́тских Социалисти́ческих Респу́блик [СССР] Høyr Høyr, Unionen [eller Samveldet] av sosialistiske sovjetrepublikkar [USSR eller SSSR]. Ordet «sovjet» tyder 'råd' og viste i Sovjetunionen til politiske representantar på alle nivå.[1] Sovjetunionen blei opphavleg danna av fire sovjetrepublikkar: Russland, Ukraina, Kviterussland og Den transkaukasiske føderasjonsrepublikken.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen var med dei 22 402 200 kvadratkilometrane sine den største staten i verda, og tekte ein sjettedel av det busette landområdet i verda. Storleiken på landet kan samanliknast med Nord-Amerika. Den vestlege delen av Sovjetunionen låg i Europa. Han utgjorde om lag 25 % av arealet og var det kulturelle og økonomiske tyngdepunktet i landet. Den asiatiske delen av Sovjetunionen strekte seg til Stillehavet i aust og til Iran og Afghanistan i sør, og var langt tynnare busett enn den europeiske delen. Frå Kaliningrad i vest til Diomedesøyane i aust var det over 10 000 kilometer og 11 tidssoner, og frå Nordishavet i nord til Kusjka ved den afghanske grensa var det nesten 5 000 kilometer.

Grenselinene i Sovjetunionen målte over 60 000 kilometer, og var dermed lengst i verda. Landet grensa til Nord-Korea, Folkerepublikken Kina, Mongolia, Afghanistan, Iran og Tyrkia i Asia, medan det i Europa grensa til Romania, Ungarn, Tsjekkoslovakia, Polen, Finland og Noreg. Heilt i aust skilde Beringsundet på 86 kilometer Sovjetunionen frå USA. To tredjedelar av grenselinene var kystline, der mesteparten låg ved Nordishavet.

Dei fleste naturgeografar delte landet inn i fem distinkte klimasoner. I nord låg tundraen, trelause område med permafrost. Deretter kom taigaen, det sibirske barskogsområdet. Sør for taigaen låg dei gigantiske steppene, skoglaust sletteland der mesteparten av jordbruket vart drive. Lenger sør låg tørre område med mykje ørken. Dei sørlegaste områda av Sovjetunionen var dominerte av fjell, både i Kaukasus og i Sentral-Asia.

Den lengste elva i Sovjetunionen var Irtysj, som saman med Ob danna det sjuande lengste vassdraget i verda, på 5 410 kilometer. Deretter kom Lena på 4 472 kilometer og Amur (delvis langs grensa til Folkerepublikken Kina) på 4 444 kilometer. Det høgste fjellet i Sovjetunionen var Kommunistfjellet (det som i dag er Ismail Samani) i Tadsjikistan på 7 495 meter. Nest høgst var Sigerstoppen i Kirgisistan på 7 439 meter, med Leninfjellet på grensa mellom Tadsjikistan og Kirgisistan som nummer tre med 7 134 meter. I den europeiske delen av Sovjetunionen var Elbrus det høgste fjellet med sine 5 642 meter, medan Volga på 3 692 kilometer var den lengste elva.

Sovjetunionen hadde òg fleire av dei største innsjøane i verda. Den største, Kaspihavet, låg hovudsakleg i Sovjetunionen (sørkysten grensa mot Iran). Andre store innsjøar var Bajkalsjøen, som òg er djupast i verda, og Aralsjøen, som var den fjerde største innsjøen i verda i 1960, men som sidan nesten er oppturka.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketettleiken i Sovjetunionen i 1974. Grønt viser område med størst folkesetnad, gult område med minst folkesetnad.

Sovjetunionen hadde omtrent 293 millionar innbyggjarar i 1991, og var då den tredje mest folkerike staten i verda etter Folkerepublikken Kina og India. Landet hadde ein folketettleik på 13 personar pr. kvadratkilometer. Innbyggjarane var ujamnt fordelt, og folkesetnaden gjekk frå 129 personar pr. kvadratkilometer i Moldova til seks personar pr. kvadratkilometer i Kasakhstan.[3]

Det var 23 byar med meir enn ein million innbyggjarar i Sovjetunionen i 1989. Den største byen i landet var hovudstaden Moskva med ni millionar innbyggjarar, medan Leningrad (no St. Petersburg) var nest størst med fem millionar. Blant dei andre større byane var delrepublikkhovudstadene Minsk, Kiev, Baku og Tasjkent.[3]

Folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

Etniske russarar utgjorde majoriteten av innbyggjarane i Sovjetunionen. Dei utgjorde likevel ein stadig mindre del av det totale innbyggjartalet i landet, og i 1989 var parten nede i 50,8 %. Den samla delen slavarar (hovudsakleg ukrainarar, kviterussarar og russarar) var på same tid på 69,74 %. Dei sentralasiatiske muslimane utgjorde saman med aserbajdsjanarane 14,30 %, armenarar og georgiarar til saman 4 %, moldovarar 1,9 % og dei baltiske folkegruppene til saman 1,94 % av det totale sovjetiske folketalet (alle tal frå 1989).[4]

Flesteparten av dei ikkje-russiske folkegruppene budde i sine respektive sovjetrepublikkar og i andre autonome område. Blant dei etniske russarane var det likevel mange som budde utanfor den russiske sovjetrepublikken. I Ukraina utgjorde russarane i 1989 21,1 %, medan delen russarar i Latvia og i Estland var høvesvis 32,8 % og 27,9 %. I Kasakhstan utgjorde russarane faktisk ein større del enn kasakhstanarar, med høvesvis 40,8 % og 36,0 %.[5]

Sovjetiske forskarar meinte lenge at urbaniseringa i landet ville føre til at dei forskjellige etniske gruppene blei integrert rundt eit felles sett med homogeniserte «sosialistiske verdiar», der folket ville dele felles, urbaniserte opplevingar, i tillegg til å ha felles faglege mål, kulturelle preferansar og familieverdiar. I følgje sovjetisk teori ville derfor etniske motsetnadar bli borte ettersom «yrkeskulturen» i byane erstatta «folkekulturen» på landsbygda. Teorien viste seg å vere ein myte, og sovjetstyresmaktene greidde ikkje å gje det multietniske samfunnet ei kjensle av ein felles, sovjetisk nasjonalitet.[6]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Det vart ikkje publisert offisielle tal over religiøs tilhøyrsle i Sovjetunionen, og landet var offisielt ateistisk. Vestlege kjelder seier likevel at om lag ein tredjedel av innbyggjarane hadde ei aktiv religiøs tilhøyrsle. Dei viktigaste religionane i landet var kristendommen og islam. Innanfor kristendommen var det Den ortodokse kyrkja som hadde størst oppslutnad, men landet hadde også katolikkar og ulike protestantiske trussamfunn. Flesteparten av muslimane i landet høyrde til sunniislam. Det var også ein jødisk minoritet i landet.[7]

Det var store skilnader i kor stor grad religionen var ein del av dagleglivet til sovjetborgarane. Likevel var eit klart fleirtal av innbyggjarane ikkje-religiøse, dette gjaldt spesielt medlemmer av kommunistpartiet og andre i høge statlege stillingar. Ateisme vart framheva i skuleverket, og staten undertrykte religion i varierande grad gjennom heile levetida til Sovjetunionen. Til dømes var berre 500 av dei 54 000 kyrkjene i landet frå før revolusjonen opne i 1941.[7]

Språk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sovjetisk språkpolitikk.

Russisk var det dominerande språket i Sovjetunionen, og vart brukt i næringslivet, forsvaret, partiet og i statsforvaltinga. Alle hadde likevel ifølgje lova rett til å bruke sitt eige morsmål. Likevel vart russisk i offisiell språkbruk omtala som «språket for venskap og samarbeid for folka i Sovjetunionen». I 1975 uttala Brezjnev at «under den utvikla sosialismen, når økonomien i landet vårt har smelta saman i eit samanhengande økonomisk kompleks; når det har oppstått eit nytt historisk omgrep – det sovjetiske folket – er det ein objektiv vekst i rolla til det russiske språket som språket i internasjonal kommunikasjon når ein byggjer kommunismen, i utdanninga av det nye mennesket! Saman med eige morsmål vil det å snakke flytande russisk, noko som av sovjetfolket har vorte frivillig akseptert som ein felles historisk arv, bidra til ei vidare stabilisering av den politiske, økonomiske og andelege sameininga til det sovjetiske folket».[8]

I Sovjetunionen vart det snakka hundrevis av ulike språk og dialektar frå fleire ulike språkgrupper. Dei austslaviske språka russisk, kviterussisk og ukrainsk dominerte i den europeiske delen av Sovjetunionen, medan dei baltiske språka litauisk og latvisk og det finsk-ugriske språket estisk vart brukt ved sidan av russisk i Baltikum. I Kaukasus vart det tyrkiske språket aserbajdsjansk brukt ved sidan av armensk og georgisk. I dei russiske nordområda var det fleire minoritetsgrupper som snakka ulike uralske språk, medan dei fleste språka i Sentral-Asia var tyrkiske. Unntaket i Sentral-Asia var tadsjikisk, som er eit iransk språk.

I 1918 vert det sendt ut eit dekret som sa at alle nasjonalitetar i Sovjetunionen hadde rett til opplæring på sitt eige språk. Dette førte til at det også måtte utarbeidast skriftspråk for alle språka som ikkje hadde det. Det fonemiske prinsippet vart lagt til grunn for alfabetiseringa. Dei nye ortografiane brukte anten det det kyrilliske, det latinske eller det arabiske alfabetet, avhengig av den geografiske tilhaldsstaden til språkbrukarane og den kulturelle tilknytinga deira. Etter 1937 gjekk ein over til å bruke det kyrilliske alfabetet for alle språka som hadde fått nytt skriftspråk etter 1917. Hovudgrunnen til dette var at det skulle verte lettare for dei språklege minoritetane å lære skriftspråket til både russisk og sitt eige morsmål. I 1960 vart skulelovene endra, og opplæringa vart meir dominert av russisk. Undervisinga på minoritetsspråk gjekk kraftig ned. På slutten av sovjetperioden føregjekk nesten all undervising på russisk i heile unionen.

Levealder og spedbarnsmortalitet[endre | endre wikiteksten]

Etter at kommunistane tok over makta gjekk den forventa levealderen markant opp for alle aldersgrupper. Eit nyfødt barn hadde i 1926–27 ein forventa levealder på 44,4 år, opp frå 32,3 år tretti år tidlegare. I 1958–59 var den forventa levealderen for nyfødde oppe i 68,6 år. Denne betringa vart brukt av sovjetstyresmaktene til å «bevise» at det kommunistiske samfunnssystemet var overlegent det kapitalistiske systemet.[9]

Trenden heldt fram inn på 60-talet, då den forventa levealderen i Sovjetunionen gjekk forbi den forventa levealderen i USA. Frå 1964 snudde trenden. Medan levealderen for kvinner heldt seg rimeleg stabil gjekk han dramatisk ned for menn. Dei fleste vestlege kjeldene la skulda på aukande alkoholmisbruk og eit dårlegare helsevesen, og denne teorien vart også implisitt godteken av dei sovjetiske styresmaktene.[9]

Betringa i spedbarnsmortaliteten flata etter kvart også ut, og etter ei stund byrja ho til og med å stige. Etter 1974 slutta styresmaktene å publisere statistikkar over dette. Denne utviklinga kan delvis forklarast med at talet på barnefødslar gjekk drastisk opp i dei asiatiske delane av landet der spedbarnsmortaliteten var høgast, medan talet på barnefødslar gjekk markant ned i den meir utvikla europeiske delen av Sovjetunionen. Til dømes gjekk talet på fødslar per innbyggjar i Tadsjikistan opp frå 1,92 til 2,91 frå 1958–59 til 1979–80, medan talet i Latvia var nede i 0,91 i 1979–80.[9]

Utvandring[endre | endre wikiteksten]

Trass i strenge reglar som skulle hindre emigrasjon var det mange sovjetborgarar som ønskte å søkje lukka andre stader. Ønsket om å utvandre gjaldt spesielt jødar, sidan desse ofte kjende seg framandgjorde av antisemittiske haldningar i samfunnet og tidvis også antisionistiske kampanjar frå styresmaktene. I Stalin-tida og like etterpå var sjansane til å forlate landet små, men frå midten av 60-talet opna det seg moglegheiter for å utvandre til Israel. Flesteparten av jødane som emigrerte i denne perioden kom frå dei vestlege områda av Sovjetunionen som hadde vorte erobra av nazistane i samband med den andre verdskrigen, og desse emigrantane hadde ofte sionistiske motiv.

Etter 1973 skjedde det ei markant endring i det jødiske utvandringsmønsteret, heretter var det stort sett betre assimilerte jødar frå den russiske delen av Sovjetunionen som emigrerte. Desse hadde ei mindre markant jødisk nasjonalitetskjensle, og forlét som regel Sovjetunionen av kulturelle eller politiske årsaker. Fleirtalet av desse drog til USA. I toppåret 1979 var den jødiske utvandringa på omtrent 50 000 personar, før denne fall kraftig inn på 80-talet til under 1000 i 1984. Under glasnost- og perestrojka-politikken til Gorbatsjov auka - kanskje mest av økonomiske grunnar - den jødiske emigrasjonen til det gamle nivået att.[10]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen vert vanlegvis sett på som etterkomar av Det russiske imperiet og dei kortliva provisoriske regjeringane til Georgij Lvov og seinare Aleksandr Kerenskij. Den siste tsaren, Nikolaj II, styrte Russland fram til mars 1917 då han vart tvinga til å gå av. I oktober 1917 tok Vladimir Lenin makta i det som vart kjent som Oktoberrevolusjonen. Frå 1917 til 1922 var Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken og dei andre sovjetrepublikkane uavhengige land, før dei gjekk saman i Sovjetunionen i desember 1922.

Revolusjonen og danninga av sovjetstaten[endre | endre wikiteksten]

Lenin talar til massane i 1920
For meir om dette emnet, sjå Den russiske revolusjonen og Den russiske borgarkrigen.

Moderne revolusjonære tendensar i det russiske riket byrja med Dekabrist-opprøret i 1825. Sjølv om liveigenskapen var avskaffa i 1861 var det på dårlege vilkår for bøndene, noko som gav næring til revolusjonære rørsler. I kjølvatnet av 1905-revolusjonen vert eit parlament – Statsdumaen – oppretta i 1906, men tsaren motstod forsøket på å omdanne landet til eit konstitusjonelt monarki. Den sosiale uroa heldt fram, og problema vart etter kvart forsterka av tapa i den fyrste verdskrigen og matmangelen i dei større byane.

Ein spontan folkeoppstand i Petrograd i mars 1917 gjorde slutt på tsarstyret, i det som vart kjent som Februarrevolusjonen. Det autoritære tsarstyret vart erstatta av ei meir liberal, provisorisk regjering, men denne trekte ikkje landet ut av verdskrigen. Samtidig voks det fram arbeidarråd (såkalla «sovjetar») i heile landet, der bolsjevikane under leiing av Lenin arbeidde for ein ny, sosialistisk revolusjon. I Oktoberrevolusjonen i november 1917 tok bolsjevikane makta frå den liberale regjeringa. Oktoberrevolusjonen vart etterfølgd av den russiske borgarkrigen, ein blodig krig som trass i utanlandsk innblanding enda med siger for sovjetstyret i 1921. Ein krig med Polen vart avslutta med Riga-freden same år, noko som fastsette dei nye vestgrensene til landet.

Samlinga av sovjetrepublikkane[endre | endre wikiteksten]

I slutten av desember 1922 gjekk delegasjonar frå Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken, Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken, Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken og Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken saman og framforhandla ein unionsavtale. Avtalen vart godkjend av den fyrste sovjetkongressen og endeleg underteikna 30. desember. Den fyrste framande staten som godkjende Sovjetunionen var Den irske republikken. 1. februar 1924 vart Sovjetunionen godkjend av Det britiske imperiet.

Allereie frå starten av sette bolsjevikene i gang ei massiv omvelting av samfunnssystemet. I 1920 kom GOELRO, ein plan som mellom anna innebar ei intensiv elektrifisering av landet og ei påfølgjande omstrukturering av økonomien. Gjennom planen vart det bygd ut ei lang rekkje store vasskraftverk, mellom andre Dneproges i Ukraina, og vasskrafta gjorde ei påfølgjande industriutbygging mogleg. GOELRO vart prototypen for dei seinare femårsplanane.

Stalin kjem til makta[endre | endre wikiteksten]

Rivinga av Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva i 1931. Organisert religion vart undertrykt i Sovjetunionen, og mange kyrkjebygg vart lagde i ruinar eller omgjorde til andre føremål.

Etter den russiske revolusjonen vart Josef Stalin vald til generalsekretær i Sovjetunionens kommunistiske parti i 1922. Mot slutten av livet sitt var Lenin ofte i konflikt med Stalin, Lenin meinte mellom anna at Stalin var ein alt for grov type til å passe som generalsekretær.

Allereie sidan 1917 fanst det ei lita gruppe innan sentralkomiteen som fekk det uoffisielle tilnamnet triumviratet. Dei som var med var Stalin, Kamenev og Zinovjev. Zinovjev var leiar for Komintern, medan Kamenev fungerte som leiar for Politbyrået i sjukefråværet til Lenin. Kort tid før Oktoberrevolusjonen hadde Lenin prøvd å få eit partiutval til å ekskludere Zinovjev og Kamenev frå partiet, fordi dei skulle ha røpa planane til bolsjevikane om revolusjon for den borgarlege regjeringa. Dette vart avverga av Stalin. Hovudmotstandaren av triumviratet var Lev Trotskij.

16. desember 1922 vart det av sjukdomsgrunnar slutt på leiarrolla til Lenin i sovjetisk politikk. Kort tid etter var Lenin ute av stand til å arbeide, og slik var det fram til han døydde. Legane forbaud han alle former for arbeid og slit, for slikt ville framskynde døden hans. Triumviratet fekk ei sterkare og sterkare stilling, og klarte å halde trotskistane unna reelle maktposisjonar. Lenin døydde i 1924, og det var duka for ein maktkamp.

I eit skriv til sentralkomiteen, klaga Trotskij triumviratet inn for å vere fjernare frå ideala til arbeidarstaten enn krigskommunismen sitt regime under borgarkrigen. Han oppfordra den gamle garden til å sleppe fram dei yngre generasjonane. Dette enda med at Trotskij sjølv vart ekskludert frå partiet ved utgangen av 1927. Han vart fyrst forvist til sovjetrepublikken Kasakhstan, og seinare landsforvist frå Sovjetunionen.

Men om lag samtidig braut også triumviratet saman: Kamenev og Zinovjev kom i opposisjon til Stalin, som fann nye støttespelarar i Nikolaj Bukharin, Jan Rudzutak, Mikhail Frunze og Feliks Dzierżyński. Kamenev og Zinovjev vart fjerna frå maktposisjonane sine i 1926. Under Moskva-prosessane rundt ti år seinare vart desse dødsdømde og avretta.

Frå 1927 hadde Stalin fått all makt i Sovjetunionen. Offisielt nøydde han seg med vervet som generalsekretær i kommunistpartiet, men alle viktige avgjersler måtte innom Stalin.

Industrialisering, kollektivisering og utreinskningar[endre | endre wikiteksten]

Etter den såkalla krigskommunismen under borgarkrigen hadde Lenin innført NEP-politikken i 1920-åra for å gjenreise økonomien. Visjonen til Stalin var annleis – han meinte det på kort tid var naudsynt å byggje opp ein sterk industristat for å førebu Sovjetunionen på ein framtidig krig. Han meinte at utviklinga mot eit sosialistisk samfunn kunne skundast på ved å mobilisere ressursane i landet gjennom sterk statleg styring. Han fekk partiet til å vedta femårsplanar for industrialisering, med hovudvekt på å byggje ut tungindustrien, grunnlaget for militær opprusting.

Som del av denne politikken vart jordbruket tvangskollektivisert. For å finansiere den kraftige industribygginga skulle den velståande delen av bondeklassen utarmast, og jordbruket skulle mekaniserast slik at det vart frigjeve arbeidskraft for industrien. Store delar av dei rikaste bøndene («kulakkar» i offisiell sovjetisk språkbruk) øydela avlingane og slakta dyra så dei ikkje skulle verte overtekne av staten. Tvangskollektiviseringa førte til at store delar av kulakkane vart sende i tvangsarbeidsleirar eller drepne.

Industrialiseringa var til ein stor grad vellukka. Sovjetunionen bygde ut store industriverksemder og kraftverk som forsynte både verksemdene og hushalda med straum. Frå 1925 til 1940 auka industriproduksjonen i Sovjetunionen kraftig.

Kollektiviseringa av landbruket møtte stor motstand, men denne vart slått ned med knallharde verkemiddel. I 1932–1933 sørgde Stalin for å auke eksporten av korn frå Ukraina til 44 prosent, i eit forsøk på å knekkje motstanden til dei ukrainske bøndene mot kollektiviseringa. Bøndene vart overvaka av kommunistpartikommisærar, NKVD og regulære hærstyrkar som sytte for at bøndene ikkje gøymde unna korn, og at den oppsette produksjonskvoten vart møtt. I tillegg vart det innført eit internt pass som gjorde det umogleg for bøndene å flytte på seg for å finne mat andre stader. Som følgje av dette oppstod det hungersnaud. Overslaga over kor mange som døydde varierer mykje.

I siste halvdelen av 1930-talet starta Moskva-prosessane. Under desse prosessane vart ei lang rekkje menneske dømde for meir eller mindre fiktive brotsverk. Mange vart dømde til døden. Mellom anna vart mykje av eliten, både i partiet, hæren og intelligentsiaen, utrydda under desse prosessane.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den store fedrelandskrigen.
Bilete frå Jaltakonferansen i 1945. Frå høgre: Stalin saman med Roosevelt og Churchill.

Den sovjetiske utanrikspolitikken hadde hatt som mål å unngå ein ny krig med dei kapitalistiske stormaktene, og om mogleg etablere ein buffersone av kommunistiske satellittstatar rundt Sovjetunionen. Etter at forsøket på å inngå avtalar med Storbritannia og Frankrike hadde mislukkast, underteikna landet i august 1939 ei ikkje-åtakspakt med Hitler. Samtidig med at Hitler gjekk til åtak på Polen vestfrå, okkuperte Den raude arméen den austlege delen av landet, og innlemma området i Sovjetunionen. Deretter okkuperte landet dei baltiske statane og Nord-Romania (Moldovia), som etter Molotov-Ribbentropavtalen var i interessesfæren til Sovjetunionen. Eit forsøk på å okkupere Finland under den finske vinterkrigen var mislukka.

Ikkje-åtakspakta med Tyskland varte ikkje lenger enn til 22. juni 1941, då Tyskland invaderte Sovjetunionen. Den sovjetiske hæren var dårleg organisert og ikkje førebudd på åtaket, og tyskarane rykte raskt djupt inn på sovjetisk territorium og nådde utkanten av Moskva i desember 1941. Då krigslukka gradvis snudde utover i 1942, var dette hovudsakleg grunna ei omorganisering av det sovjetiske offiserskorpset, mellom anna ved at arresterte offiserar vart fritekne for straff og sende til fronten. Verneplikta og tvangsutskriving av fangar sikra Den raude arméen stor tilgang på nye rekruttar. Store leveransar av militært utstyr, særleg lastebilar og uniformer, frå dei vestlege allierte spela også ei viktig rolle. Sovjetleiinga tona også ned klassekampretorikken sin og hevda at nasjonen var i fare, det var livsviktig at alle samfunnslag forsvarte landet.

Det tyske angrepet gjorde til at Sovjetunionen gjekk med i alliansen mellom Storbritannia og Frankrike i kampen mot Tyskland og Italia. Under leiing av dyktige generalar som mellom andre Zjukov pressa dei sovjetiske styrkane etter kvart tyskarane tilbake, etter at krigslykka hadde snudd etter slaget om Stalingrad. På toppmøta i Teheran (1943) og Jalta (1945) vart det lagt eit avgjerande grunnlag for fleire av dei territorielle erobringane som Sovjetunionen skulle gjennomføre i etterkant av krigen. Sovjetunionen annekterte byen Königsberg med omgjevnader frå Tyskland, og pressa også vestgrensa vestover. Dette gjekk ut over Polen. Latvia, Litauen og Estland var også innlemma i Sovjetunionen sommaren 1940. Grenseflyttingane førte med seg ei omfattande etnisk reinsing, der millionar av menneske vart deporterte og mange drepne.

Den kalde krigen, Sovjetunionen som supermakt[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den kalde krigen.

Den kalde krigen (1948–1989) var rivaliseringa som utvikla seg etter den andre verdskrigen mellom gruppene av nasjoner som praktiserte ulike ideologiar og politiske system. På den eine sida var Sovjetunionen og deira allierte, kalla Austblokka. På den andre sida var USA og deira allierte, ofte refererte til som Vestblokka. Konflikten vart kalla den kalde krigen fordi han aldri førte til direkte kampar eller ein «varm» krig i Europa. Begge partane støtta likevel andre land og organisasjonar, både økonomisk og militært, som kriga mot den andre parten eller krefter som den andre parten støtta. Ein seier gjerne at den kalde krigen enda i 1989, då Berlinmuren fall, eller i 1991, då Sovjetunionen vart oppløyst.

Som resultat av sigrane på slagmarka hadde Den raude arméen teke kontrollen over store delar av Aust- og Sentral-Europa. Den sovjetiskkontrollerte delen av Tyskland vart seinare til Den tyske demokratiske republikken («Aust-Tyskland»), medan sovjetvenlege kommunistregime vart installerte i dei andre austeuropeiske landa. Finland fekk sjølvstyre, men Stalin sørgde for at landet var politisk isolert frå vestverda og økonomisk avhengig av Sovjetunionen. I Hellas, Italia og Frankrike hadde nasjonale sovjetiskvenlege kommunistparti vind i segla, og dei fekk stor, som regel fordekt, støtte frå Sovjetunionen.

Dei vestallierte si samkøyring av okkupasjonssonene i Vest-Tyskland og amerikanarane si støtte til den antikommunistiske sida under den greske borgarkrigen endra tilhøvet mellom styrkane. Som dei hadde lova vestmaktene, så gav ikkje Sovjetunionen noka militær støtte til dei kommunistiske styrkane i Hellas. Derimot blokkerte Stalin Vest-Berlin, som var under britisk, fransk og amerikansk okkupasjon. Håpet var at vestmaktene skulle oppgje byen. Blokaden slo feil grunna luftbrua til dei allierte. I 1949 skjøna Stalin at han hadde tapt, og oppheva blokaden.

Også i Asia hadde Sovjetunionen utanrikspolitisk framgang. Etter at krigen mot Tyskland var over, hadde Sovjetunionen erklært krig mot Japan, og i Operasjon Auguststorm okkuperte dei den japanske delen av øygruppa Kurilane nordvest for Hokkaido. Nederlaget til Japan førte også til at dei kinesiske kommunistane med sovjetisk støtte kunne gå på offensiven. Dei kinesiske kommunistane til Mao Zedong klarte med sovjetisk støtte i 1949 å sigre over det pro-vestlege og veststøtta Kuomintang-styret under den kinesiske borgarkrigen. Sovjetunionen anerkjende raskt Folkerepublikken Kina, som vart ein tru Stalin-alliert. Både i Korea og i Vietnam fekk den sovjetisk-kinesiske alliansen konsekvensar.

Sovjetunionen hadde allereie fylt tomrommet etter den japanske dominansen på den koreanske halvøya, og støtta dei nordkoreanske kommunistane si etablering av ein eigen stat. Sovjetunionen og særleg Kina støtta òg Nord-Korea under den etterfølgjande krigen mot det USA-støtta Sør-Korea.

Khrusjtsjov og Brezjnev[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sovjetisk historie (1953–1985) og Cubakrisa.

I maktkampen i Sovjetunionen etter at Stalin døydde i 1953 tapte fraksjonen til Stalin. Nikita Khrusjtsjov vart den nye leiaren av Sovjetunionen, og konsoliderte stillinga si i ei tale til den tjuande sovjetkongressen i 1956 der han kritiserte brotsverka til Stalin. Dette starta avstaliniseringa, og markerte byrjinga på ein periode med eit opnare kultur- og samfunnsliv i Sovjetunionen. Khrusjtsjov-epoken var prega av store innanrikspolitiske eksperiment, mellom anna med omfattande jordbruksreformer slik som Jomfrulandplanen. Utanrikspolitikken til Khrusjtsjov er best hugsa for U2-affæren, der eit amerikansk spionfly på veg frå Pakistan til Bodø i Noreg vart skote ned over sovjetisk luftrom, og Cubakrisa, der verda var på randen av atomkrig.

Khrusjtsjov sat fram til 1964, då han vart kasta frå makta av Leonid Brezjnev og Nikolaj Podgornyj. Saman med Aleksej Kosygin danna desse ein ny leiarskap. Brezjnev vart etter kvart den sterke mannen i Sovjetunionen, og gjenopptok Stalin si linje med fokus på tungindustri. Han prøvde også å mjuke opp tilhøvet til USA, mellom anna gjennom Salt-avtalane. Avspenningspolitikken tok slutt om lag ved inngangen til 1980-åra, då krigen i Afghanistan og opprusting førte til ein ny og kaldare periode i tilhøvet til USA. Brezjnev-epoken gav også økonomisk stagnasjon, noko som førte til folkeleg misnøye mot statsleiinga.

Romkappløpet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Romkappløpet.

Parallelt med våpenkappløpet i den kalde krigen var det også eit kappløp mellom USA og Sovjet om å kome fyrst til månen. Romkappløpet var ei uformell rivalisering mellom USA og Sovjetunionen som varte frå rundt 1957 til 1975. Stormaktene konkurrerte om å utforske verdsrommet og få fyrste kunstige satellitt og menneske ut i rommet, og deretter få menneske til månen.

Bakgrunnen til romkappløpet var spenningane mellom supermaktene etter den andre verdskrigen. Kappløpet starta då Sovjet skaut opp Sputnik 1 den 4. oktober 1957. Romkappløpet vart ein viktig del av den kalde krigen, og bidrog mellom anna til å gjere moralen høgare og utvikle ny våpenteknologi. Sovjetarane tapte kampen om å kome fyrst til månen, men var mellom anna fyrst ute med å sende eit menneske ut i verdsrommet (Jurij Gagarin i 1961) og fyrst ute med ei romvandring (Aleksej Leonov i 1965).

Reformene til Gorbatsjov og fallet til Sovjetunionen[endre | endre wikiteksten]

Den siste leiaren i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov (til høgre), i samtale med USA sin president Ronald Reagan, 1985.

Fram på 1980-talet var det klart at den økonomiske situasjonen i Sovjetunionens var dyster, og det vart etter kvart sett i gang eit lappeteppe av reformer for å betre situasjonen. Etter at Brezjnev var død var det eit kort mellomspel med Jurij Andropov og Konstantin Tsjernenko, før Mikhail Gorbatsjov vart generalsekretær i 1985. Gorbatsjov sette i gang omfattande økonomiske reformer (perestrojka), og mjuka også opp systemet med offentleg sensur (glasnost).

På slutten av 80-talet byrja delrepublikkane i Sovjetunionen prosessen med å lausrive seg frå unionen, då den sovjetiske grunnlova opna for utmelding. 7. april 1990 vart det nemleg vedteke ei ny lov som gav delrepublikkane lov til å melde seg ut etter folkeavrøystingar med minst to tredjedels fleirtal for sjølvstende. Mange delrepublikkar heldt også for fyrste gong i historia til unionen frie val til nasjonalforsamlingane same år. Dei nyvalde nasjonalforsamlingane byrja snart å vedta lover som gjekk imot det sentrale lovverket. I 1989 vart Boris Jeltsin vald til leiar i det nyoppretta russiske parlamentet, og 12. juni 1990 erklærte det russiske parlamentet at russiske lover skulle gå framfor sovjetiske lover. Den uoversiktlege juridiske situasjonen heldt fram i 1991 medan sovjetrepublikkane seint men sikkert vart de facto uavhengige.

17. mars 1991 vart det halde ei folkeavrøysting om unionen skulle halde fram eller ikkje. I ni av femten sovjetrepublikker vart det fleirtal for ein vidare union, noko som styrkte stillinga til Gorbatsjov noko. Sommaren 1991 vart det framforhandla ein ny unionsavtale, noko som ville omdanne Sovjetunionen til eit lausare forbund av halvvegs sjølvstendige statar.

Sjølv om åtte av sovjetrepublikkane godtok avtala vart ho øydelagd av kuppforsøket mot Gorbatsjov i august 1991. Dei konservative kuppmakarane ynskte å stoppe reformprosessen til Gorbatsjov, og var budde på å bruke makt til å halde unionen samla. Kuppet feila, men Gorbatsjov var likevel den store taparen grunna Jeltsin. Maktbalansen var no i favør til delrepublikkane, og i 1991 følgde Estland og Latvia dømet til Litauen frå året før og erklærte sjølvstende. Dei 12 attverande sovjetrepublikkane heldt fram forhandlingane om ein ny union, utan å verte samde.

8. desember 1991 underteikna presidentane i Russland, Ukraina og Kviterussland Minsk-avtalen. Denne etablerte Samveldet av uavhengige statar (SUS). 21. desember vart det underteikna ein liknande avtale mellom alle sovjetrepublikkane unnateke Georgia, noko som førte til at Sovjetunionen gjekk i oppløysing. 25. desember gjorde Gorbatsjov det uunngåelege og gjekk av som president i Sovjetunionen. Dagen etter valde det øvste sovjet å oppløyse seg sjølv, samtidig som dei godtok oppløysinga av unionen. Sjølv om mange offentlege sovjetiske institusjonar eksisterte ei tid til før dei vart overførte til dei nye, uavhengige landa vert 26. desember 1991 rekna som som dagen då Sovjetunionen vart oppløyst.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå ei sovjetisk partibok. Samfunnslivet i Sovjetunionen var totalt dominert av Sovjetunionens kommunistiske parti, det einaste tillatne politiske partiet i landet.

Gjennom heile levetida til Sovjetunionens var sovjetisk politikk dominert av Sovjetunionens kommunistiske parti, det einaste tillatne politiske partiet. Partiet såg på seg sjølv seg som marxist-leninistisk, og basert på Lenin sitt prinsipp om demokratisk sentralisme. Under Khrusjtsjov og Brezjnev vart dominansen til kommunistpartiet endå sterkare enn han hadde vore under Stalin, då det i røynda var eit meir personleg diktatur enn eit partidiktatur. Den nye sovjetiske grunnlova frå 1977 definerte partiet som «den leiande krafta i sovjetsamfunnet» og «kjernen i det politiske systemet», og sytte for at partiet dominerte i alle stats- og samfunnsorganisasjonar.[11]

Det øvste administrative organet i partiet var politbyrået. Den leiande rolla til partiet gjorde at dette forumet òg vart det øvste statsadministrative maktorganet. Politbyrået skulle i teorien veljast av sentralkomiteen i partiet, men fungerte i praksis som eit sjølvsupplerande organ.[12]

Under politbyrået kom ministerrådet og sekretariatet i partiet. Det sistnemnde hadde hovudansvaret for å kontrollere at administrasjonen følgde opp politiske vedtak, og fungerte som koordinatorar for økonomien og samfunnslivet. Sekretariatet hadde òg som oppgåve å kome med framlegg til politbyrået. Sekretariatet vart leidd av generalsekretæren, som var den mektigaste personen i landet. Alle tilsetjingar i høgare stillingar i statsapparatet måtte også godkjennast av sekretariatet.[13]

Ministerrådet var nominelt sett regjeringa i Sovjetunionen. Under Brezjnev hadde det over 100 medlemmer, og var sett saman av ministrar, statsministrane i delrepublikkane og formenn for ulike statlege komitear (slik som Gosplan), i tillegg til eit formannskap som var leidd av statsministeren i unionen. Ministerrådet skulle leie den daglege administrasjonen av landet, med partisekretariatet i ein kontrollerande funksjon. Ministerrådet kunne også førebu og kome med framlegg til politbyrået.[14]

Den øvste lovgjevande makta i Sovjetunionen var Det øvste sovjet. Parlamentet møttest berre to gonger i året, og vedtok alltid framlegga til partiet og regjeringa utan å protestere. Det øvste sovjetet hadde også eit valt presidium, der leiaren var presidenten i Sovjetunionen og dermed det formelle statsoverhovudet i landet. Presidiet kunne skrive ut lover når Det øvste sovjetet ikkje var samla.[15]

Kreml i Moskva, 1981. Ordet Kreml vart ofte brukt synonymt om den russiske politiske leiinga, og gav opphav til uttrykket kremlologi. Til venstre for Kreml kan ein sjå Moskvaelva og til høgre Vasilijkatedralen.

Medlemskap i internasjonale organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sovjetunionen var ein av statane som grunnla Dei sameinte nasjonane i 1945, og landet fekk fast plass i tryggingsrådet med tilhøyrande vetorett. Ved sidan av Sovjetunionen som heilskap fekk også Den ukrainske sosialistiske sovjetrepublikken og Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken plass i hovudforsamlinga. Bakgrunnen for dette var at Stalin opphavleg hadde kravd at alle seksten sovjetrepublikkane skulle få plass i SN, men under Jaltakonferansen gjorde Roosevelt det klart at då måtte alle amerikanske delstatar få plass på tilsvarande vis. Kompromisset vart dermed at berre Ukraina og Kviterussland vart med, noko som gav Sovjetunionen totalt tre stemmer i hovudforsamlinga.[16] Medlemskapa til Ukraina og Kviterussland SN gav lita meining frå ein juridisk synsvinkel, men sidan Stalin fryktet at SN ville verte alt for dominert av vestmaktene valde Roosevelt og Churchill delvis å imøtekome kravet hans.[17]

«På vakt for fred og sosialisme» – Sovjetisk frimerke frå 1975 som markerer tjueårsjubileet til Warszawapakta.

Austblokka sitt motstykke til Den europeiske økonomiske fellesskapen var COMECON. COMECON vart stifta i 1949 etter initiativ frå Stalin, og skulle roe ned satellittstatane som ikkje fekk ta del i Marshallhjelpa. Organisasjonen voks etter kvart ut over grensene til Europa, og omfatta 450 millionar menneske i ti land på tre kontinent. Gjennom COMECON fekk medlemslanda koordinert femårsplanane sine med tanke på utanrikshandel, dei utveksla forskingsresultat og teknologi, dei utveksla arbeidskraft og dei kunne samarbeide om utvinninga av naturressursar.[18]

I 1955 underteikna austblokklanda «Traktaten for venskap, samarbeid og gjensidig assistanse», vanlegvis kjend som Warszawapakta. Denne traktaten var meint som eit svar på NATO, som hadde vorte danna i 1949. Warszawapakten var fullstendig dominert av Sovjetunionen, og fungerte i praksis som eit verktøy for å halde dei andre landa i Aust-Europa politisk og militært i sjakk. Warszawapakta hadde ingen eigen kommandostruktur, men var underlagt det sovjetiske forsvarsdepartementet. Slik bidrog pakta til å danne ein fasade av ein felles prosess for å ta avgjerder i aust, medan avtalen i praksis førte til at Sovjetunionen fekk full kontroll over dei militære styrkane til dei som var allierte med dei.[19]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Dei femten unionsrepublikkane mellom 1956 og 1991:
1 – Armenske SSR
2 – Aserbajdsjanske SSR
3 – Kviterussiske SSR
4 – Estiske SSR
5 – Georgiske SSR
6 – Kasakhiske SSR
7 – Kirgisiske SSR
8 – Latviske SSR
9 – Litauiske SSR
10 – Moldovske SSR
11 – Russiske SFSR
12 – Tadsjikiske SSR
13 – Turkmenske SSR
14 – Ukrainske SSR
15 – Usbekiske SSR

Sovjetunionen var formelt ein føderasjon. Mellom 1956 og 1991 inneheldt unionen 15 nasjonale sosialistiske sovjetrepublikkar (eller unionsrepublikkar), som på papiret kunne trekkje seg ut av unionen. Kvar sovjetrepublikk hadde sin eigen hovudstad, medan Moskva var hovudstad for heile Sovjetunionen. Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken hadde i tillegg ein spesiell status. Kvar av republikkene hadde si eiga forfatning, som samen med den sentrale grunnlova i Sovjetunionen la opp til maktfordelingsprinsippet. I praksis var det likevel regjeringa i Moskva som vedtok alle viktige avgjerder, og dei regionale styresmaktene hadde svært liten innverknad.

Innanfor desse republikkane fanst det såkalla autonome sosialistiske sovjetrepublikkar (til dømes Nakhitsjevan), autonome regionar (til dømes Den jødiske autonome oblasten) og autonome distrikt. Alle desse einingane hadde delstatskarakter, men med mindre sjølvstyre enn sovjetrepublikkane. Ulike tolkingar av Sovjetunionen si grunnlov av 1977 er ein viktig faktor i fleire konfliktar i post-sovjetiske statar. Dette gjeld mellom andre Abkhasia, som var ein autonom republikk, og Nagorno-Karabakh, som var ein autonom region.

Unionsrepublikkane i 1991 og noverande statar[endre | endre wikiteksten]

I samband med oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart alle sovjetrepublikkane sjølvstendige statar. Av desse har dei baltiske statane seinare vorte med i NATO og EU, medan resten av etterfølgjarstatane gjekk inn i Samveldet av uavhengige statar (SUS). Tidlegare sovjetrepublikkar har også gått inn i ei mengde andre mellomstatlege organisasjonar, mellom andre GUAM og Shanghai-gruppa. Tabellen under viser dei tidlegare sovjetrepublikkene og dei noverande landa, og oppsummerer dei viktigaste mellomstatlege organisasjonane desse er med i.

Unionsrepublikk i USSR Noverande stat SUS NATO EU EAEC GUUAM CSTO SCO
Flag of Russian SFSR (1918-1937).svg
Russiske SFSR
1922–56 Flag of Russian SFSR.svg
Russiske SFSR
1956–91 Flag of Russia.svg
Russland
1991 2002 Blank vertex Hexagonal Icon.svg 1996
Flag of the Karelo-Finnish SSR.svg
Karelo-finske SSR
1940–56
Flag of Byelorussian SSR.svg
Kviterussiske SSR
1922–91 Flag of Belarus.svg
Kviterussland
1991 2002 Blank vertex Hexagonal Icon.svg
Flag of Estonian SSR.svg
Estiske SSR
1940–91 Flag of Estonia.svg
Estland
2004 2004
Flag of Latvian SSR.svg
Latviske SSR
1940–91 Flag of Latvia.svg
Latvia
2004 2004
Flag of Lithuanian SSR.svg
Litauiske SSR
1940–91 Flag of Lithuania.svg
Litauen
2004 2004
Flag of Moldavian SSR.svg
Moldovske SSR
1940–91 Flag of Moldova.svg
Moldova
1991 Obs. 1997
Flag of Ukrainian SSR.svg
Ukrainske SSR
1922–91 Flag of Ukraine.svg
Ukraina
1991 Obs. 1997
Flag of Transcaucasian SFSR.svg
Transkaukasiske SFSR
1922–36 Flag of Armenian SSR.svg
Armenske SSR
1936–91 Flag of Armenia.svg
Armenia
1991 Obs. Blank vertex Hexagonal Icon.svg
Flag of Azerbaijan SSR.svg
Aserbajdsjanske SSR
1936-91 Flag of Azerbaijan.svg
Aserbajdsjan
1991 1997
Flag of Georgian SSR.svg
Georgiske SSR
1936–91 Flag of Georgia.svg
Georgia
1993–08 1997
Flag of Kazakh SSR.svg
Kasakhiske SSR
1936–91 Flag of Kazakhstan.svg
Kasakhstan
1991 2002 Blank vertex Hexagonal Icon.svg 1996
Flag of Kyrgyz SSR.svg
Kirgisiske SSR
1936–91 Flag of Kyrgyzstan.svg
Kirgisistan
1991 2002 Blank vertex Hexagonal Icon.svg 1996
Flag of Tajik SSR.svg
Tadsjikiske SSR
1929–91 Flag of Tajikistan.svg
Tadsjikistan
1991 2002 Blank vertex Hexagonal Icon.svg 1996
Flag of Turkmen SSR.svg
Turkmenske SSR
1925–91 Flag of Turkmenistan.svg
Turkmenistan
1991-05
Flag of Uzbek SSR.svg
Usbekiske SSR
1925–91 Flag of Uzbekistan.svg
Usbekistan
1991 1999–05 2001
  • Unionsrepublikk i USSR: Namn på unionsrepublikken og tidsrom for medlemskapet i Sovjetunionen
  • Noverande stat: Stat som etter 1991 har vore sjølvstendig og internasjonalt anerkjend
  • SUS:Medlemskap i Samveldet av uavhengige statar
  • NATO: Medlemskap i NATO
  • EU: Medlemskap i Den europeiske unionen
  • EAEC: Medlemskap i det eurasiske økonomiske samarbeidsområdet EAEC (eller EURASEC)
  • GUAM: Medlemskap i det demokratiske og økonomiske samarbeidsområdet GUAM
  • CSTO: Medlemskap i den kollektive tryggleikspakta i SUS, CSTO
  • SCO: Medlemskap i Shanghai-gruppa
  • Obs.: Observatør i EAEC

Sovjetleiarar[endre | endre wikiteksten]

Namn Periode Kommentar
Mikhail Gorbachev 1987 Cropped.jpg Mikhail Gorbatsjov 1985–1991 Gorbatsjov ønskte å reformere Sovjetunionen ved ein politikk kjenneteikna av glasnost (openheit) og perestrojka (omdanning), men vart mislukka i å halde landet saman.
Konstantin Chernenko1.jpg Konstantin Tsjernenko 1984–1985 Tsjernenko var leiar i knappe 13 månader, og hadde såpass dårleg helse at han var ute av stand til å leie landet på ein fornuftig måte.
Jurij Andropov (Bundesarchiv).JPG Jurij Andropov 1982–1984 Andropov var leiar i 16 månader, og fekk gjennomført ei rekkje utskiftingar i den sovjetiske leiarskapen som delvis førebudde politikken under Gorbatsjov.
Brezhnev 1973.jpg Leonid Brezjnev 1964–1982 Perioden til Brezjnev vart etter kvart prega av økonomisk stagnasjon, ein byrjande personlegdomskult, forsøk på avspenning med USA på 70-talet, invasjonane av Tsjekkoslovakia i 1968 og Afghanistan i 1979.
Nikita Khrusjtsjov.jpg Nikita Khrusjtsjov 1953–1964 Khrusjtsjov vert hugsa best for storstilte landsbruksreformer og utanrikspolitiske eventyr som Cubakrisa. Levestandarden for vanlege folk vart betre.
Malenkow.jpg Georgij Malenkov 1953 Malenkov vart statsminister etter at Stalin døydde, men vart raskt sett på sidelinja av Khrusjtsjov.
Stalin lg zlx1.jpg Josef Stalin 1924–1953 Stalin førte landet gjennom ei storstilt industrialisering og den andre verdskrigen. Han vert også hugsa for Moskvaprosessane, deportasjonar og Gulag-systemet.
Lenin CL.jpg Vladimir Lenin 1922–1924 Lenin var grunnleggjaren av den kommunistiske eittpartistaten Sovjetunionen, men fekk liten innverknad etter at staten var oppretta grunna sjukdommen sin.

Forsvar[endre | endre wikiteksten]

Sovjetisk jagarfly av typen MiG-31. Det sovjetiske forsvaret hadde stort fokus på forsvar av eige luftrom, og opererte det mest omfattande nettverket av antiluftskyts og jagarfly i verda.
SS-20 mellomdistanserakett. Sovjetiske SS-20 kunne øydeleggje praktisk talt alle militære mål i Europa på svært kort tid. Utplasseringa av desse mobile rakettane på slutten av 1970-talet sette i gang eit nytt våpenkappløp i Europa der NATO mellom anna utplasserte Pershing II-rakettar i Vest-Tyskland for å motverke trusselen etter det såkalla Dobbeltvedtaket.
For meir om dette emnet, sjå Den raude armeen og Den sovjetiske marinen.

Forsvaret i Sovjetunionen hadde fem greiner: Dei strategiske rakettstyrkane, hæren, flyvåpenet, luftforsvarsstyrkane og marinen. Den sovjetiske hæren var kjend som Den raude armeen, og byrja som styrkane til bolsjevikane under borgarkrigen. Hæren var våpengreina med mest politisk innverknad, og hadde i 1989 to millionar mann under våpen fordelte på 150 motoriserte rifledivisjonar og 52 panserdivisjonar. Den sovjetiske marinen var fram til byrjinga av 60-talet ei relativt lite utbygd forsvarsgrein, men etter Cubakrisa vart ho kraftig utvida under leiing av Sergej Gorsjkov. Sovjetmarinen var spesielt kjend for missilkryssarar og ubåtar, og hadde ein mannskapsstyrke på 500 000 mann (1989).

Dei strategiske rakettstyrkane rådde over meir enn 1 400 interkontinentale ballistiske missil (ICBM) som var fordelte på 28 basar og 300 kommandosenter. Størstedelen av styrken var tunge R-36 (med NATO-namn SS-18) og UR-100N (med NATO-namn SS-19) ICBM-ar, men på slutten av levetida til unionen skifta fokuset til ein viss grad til lettare og meir mobile einingar. Det sovjetiske luftvåpenet hadde hovudfokus på strategiske bombefly, og skulle i ein krigssituasjon slå ut fiendtleg infrastruktur og kjernefysisk kapasitet. Flyvåpenet hadde også jagarbombarar og taktiske bombefly som skulle støtte hæren i kamp. Den femte våpengreina var luftforsvarsstyrkane, som vart skilde ut som ei eiga våpengrein i 1948. Desse opererte det mest omfattande nettverket av antiluftskyts og jagarfly i verda, og hadde ansvaret for å verne sovjetisk infrastruktur, industri og strategiske rakettstyrkar i tilfelle invasjon.

Det øvste forsvarspolitiske organet i Sovjetunionen var Forsvarsrådet. Dette var sett saman av ei blanding av fagmilitære og politikarar, og vart leidd av generalsekretæren i partiet. Forsvarsrådet tok seg av koordineringa med forskingsmiljøa og forsvarsindustrien, bestemte dei overordna militære doktrinane, utforma forsvarsbudsjettet, styrte utplasseringa av sovjetiske styrkar i utlandet, og var dei som hadde løyve til å gje ordre om bruk av atomvåpen. Underlagt Forsvarsrådet var det tre militære organisasjonar: Hovudmilitærrådet, Forsvarsdepartementet og Generalstaben. I tillegg til den praktiske gjennomføringa av vedtaka til Forsvarsrådet hadde desse tre ein rådgjevande funksjon.[20] Hovudmilitærrådet var samansett av toppleiinga i Forsvarsdepartementet, og hadde ansvaret for trening og mobilisering av militære styrkar.[21]

Forsvarsdepartementet hadde ansvaret for den daglege oppfølginga av forsvaret. I tillegg til ein politisk utpeikt forsvarsminister inneheldt departementsleiinga tre førsteviseministrar (der éin av dei var øvstkommanderande for Warszawapakta), og elleve viseministrar frå ulike delar av forsvarsapparatet (både frå den operative biten og frå avdelingar med støttefunksjonar).[22] Generalstaben var inndelt i fem hovuddirektorat og fire direktorat, og stod for strategisk og operativ forsking og planlegging, etterretning og analyse. Dei hadde òg ansvaret for kommunikasjon med pressa og for militærattachéar i utlandet. I krigstid fekk Generalstaben overansvaret for utføringa av militære planar og koordineringa av forsvarsgreinene.[23]

Sovjethæren var direkte involvert i fleire militære operasjonar utanlands i etterkrigstida. Mellom desse var oppstandane i Aust-Tyskland (1953), Ungarn (1956) og Tsjekkoslovakia (1968). Sovjetunionen var også med i borgarkrigen i Afghanistan i ni år frå 1979 og framover.

Sovjetunionen hadde allmenn verneplikt for menn, og omtrent 75 % av dei militære mannskapa var soldatar i fyrstegongsteneste. Verneplikta varte til soldatane fylte 50 (65 for offiserar), og reservestyrkane inneheldt omtrent 50 millionar mann. Det var også repetisjonsøvingar med jamne mellomrom. Kvinnene kunne gjere frivillig teneste, men vart ikkje brukte i kamp. Unntaket frå dette var under borgarkrigen og under den andre verdskrigen, då til saman 800 000 kvinner var innrullerte, mange i stridande avdelingar. Det fanst svært få kvinner i offiserskorpset.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Stålverket i Magnitogorsk på 1930-talet

Etter den såkalla krigskommunismen under borgarkrigen hadde Lenin innført den såkalla «nye økonomiske politikken» (NEP) i 1920-åra for å gjenreise økonomien. Visjonen til Stalin var annleis – han meinte at utviklinga mot eit sosialistisk samfunn kunne pressast fram ved å mobilisere ressursane i landet gjennom sterk statleg styring. Han fekk partiet til å vedta femårsplanar for industrialisering, med hovudvekt på å byggje ut tungindustrien, fundamentet for militær opprusting. Den fyrste femårsplanen vart lansert i 1928. Under den andre verdskrigen vart mykje sovjetisk industri flytta langt austover for å unngå at han skulle falle i hendene på tyskarane. Etter krigen vart mykje tysk industri teke som krigsbytte, saman med kunnskapsrike tyske ingeniørar og vitskapsmenn.

Etter NEP-perioden hadde Sovjetunionen ein såkalla planøkonomi – som var sentralstyrt. All økonomisk verksemd fann stad etter planar frå byrået Gosplan. Før kollapsen var den sovjetiske økonomien den største planøkonomien i verda. Bruttonasjonalproduktet (BNP) i Sovjetunionen var estimert til 2,4 billionar USD (1986), noko som tilsvara 8 375 USD per innbyggjar. Den økonomiske veksten (justert for inflasjon) var på same tid om lag 1,5 %.[24] Til samanlikning hadde Noreg i 1989 eit BNP på 75,8 milliardar USD (17 900 pr. innbyggjar) og ein økonomisk vekst på 5,7 %, medan USA hadde BNP på 5,2 billionar USD (21 082 per innbyggjar) og ein økonomisk vekst på 2,9 %.[25]

Det sovjetiske jordbruket var hovudsakleg basert på kollektivbruk og statsbruk, desse stod for mesteparten av produksjonen av kveite, poteter, sukker, bomull, solsikker og lin. Private jordstykke var også viktige i matproduksjonen, her vart det spesielt produsert kjøt, mjølk, egg og grønsaker. Det var stadig underproduksjon av mat, og store mengder korn og kjøt måtte importerast. Sjølv om jordbruket stadig vart prioritert frå staten si side var det mange strukturelle veikskapar i systemet, mellom anna for lite gjødsling, manglande kjølesystem, dårleg lagring og transport, samt urealistisk planlegging og styring av landbrukssektoren. Vidare var det berre 1,1 % av jordbruksarealet som hadde optimale nedbørsmengder, noko som gav sterkt varierande kornhaustar. Store delar av landet låg også for langt nord til å kunne brukast til effektivt jordbruk.[26]

Hovudårsaka til matmangelen var korrupsjon, låg arbeidsmoral og svinn. Éin tredjedel av varene som vart produserte på kollektivbruka og statsbruka forsvann på vegen frå jordet til konsumentane. Samtidig hadde bøndene liten grunn til å slite seg ut på kollektivbruka; ein bonde i 1950 fekk 23 av inntekta si frå å jobbe på det vesle private jordstykket sitt på fritida og berre 13 frå fulltidsjobben i stats- eller kollektivbruket. Når dei små små, private jordstykka til bøndene i 1950 stod for 38 % av den samla matproduksjonen i landet er det tydeleg at produktiviteten på fellesjorda var langt lågare enn ho kunne ha vore.[27] Trass i at Khrutstsjov i 1960 erklærte at Sovjetunionen skulle gå forbi USA i kjøtproduksjon før 1980 var det lite som endra seg. På byrjinga av 80-talet stod dei 4 prosentane av dei totale dyrka landområda som vart drivne privat for 60 % av potetavlingane, 40 % av frukt og grønsaker og mellom 30 og 40 % av produksjonen av kjøt og egg. Samtidig gjekk talet på kollektivbrukbønder ned frå 17 millionar på midten av 60-talet til 9 millionar i 1980, noko som gjorde problema i jordbruket endå større.[28]

Sovjetunionen hadde den største havgåande fiskeflåten i verda, som vart etterfølgd av store, moderne fiskeforedlingsskip. Mesteparten av fisket føregjekk i Atlanterhavet og i Stillehavet, berre 10 % av fisket vart gjort i innsjøar og i elvar.[26]

Sovjetunionen var sjølvforsynt med kraft, etter ei massiv utbygging av atomkraftverk og vasskraftverk. Biletet viser bygginga av vasskraftverket Dneproges i Zaporizjzjia i Ukraina, om lag 1930.

Sovjetisk industri voks etter kvart og gjorde landet til det nest største industrilandet i verda. Graden av industrialisering varierte stort innbyrdes i landet, dei mest industrialiserte delane av Sovjetunionen var det nordvestlege Russland, områda rett aust for Ural og det austlege Ukraina. Minst industrialisert var Sentral-Asia, Moldova, Kviterussland og det vestlege Ukraina.[29] Dei høgast prioriterte industrisektorane var maskinindustrien og metallindustrien, i tillegg til produksjonen av forsvarmateriell. Produksjonen av forbruksvarer vart i liten grad prioritert. Mesteparten av forskingsressursane vart brukte i forsvarssektoren. Sovjetunionen var sjølvforsynt med energi og var dessutan ein viktig eksportør av kraft. Landet var på slutten den største produsenten av olje og naturgass i verda, og den nest største produsenten av kol. Dei viktigaste kjeldene til elektrisk straum var kol, petroleum, atomenergi og vasskraft.[26]

Det var eit mål for sovjetstyresmaktene å vere sjølvforsynte, og utanrikshandelen spela difor ei mindre rolle for næringslivet i landet. I 1985 var importen og eksporten samla på 185,9 milliardar USD, noko som berre utgjorde 4 % av BNP. Dei viktigaste handelspartnarane var dei andre kommunistiske landa i Aust-Europa, handelen med desse utgjorde 67 % av utanrikshandelen. Av den resterande utanrikshandelen var 22 % med i-land og 11 % med u-land. Dei viktigaste eksportvarene var petroleumsprodukt, industriutstyr, metall, tømmer, landbruksvarer, maskinutstyr og våpen og anna militært utstyr. Dei viktigaste importvarene var korn og andre jordbruksvarer, stål (spesielt røyrleidningar), industrivarer og forbruksvarer. Handelen med andre kommunistiske land føregjekk på bilateral basis, der importen og eksporten var like stor. Med Vesten var det stadig underskot i handelsbalansen, men dette vart utjamna av inntekta ved våpeneksport til den tredje verda.[26] Kjende sovjetiske eksportvarer var bilmerka Lada og Moskvitch, lastebilane Kamaz og Ural, våpen som automatgeværet AK-47 og stridsvogna T-55, kameramerket Zenit og andre.

Veksten støtte på problem frå 1970-talet, då industrivekst basert på mengd arbeidskraft og tilgjengelege råvarer ikkje lenger var mogleg. Kvaliteten måtte hevast for å hevde seg på eksportmarknaden, noko som viste seg å vere vanskeleg å få til. Produksjonen av forbruksvarer var alltid mindre enn etterspurnaden, noko som førte til ein vedvarande varemangel. Kvaliteten på mat, klede, husvære og tenester var også ofte mangelfull for innbyggjarane. Seint på 1980-talet vart det innført økonomiske reformer, spesielt under glasnost frå Gorbatsjov, der sentral styring vart redusert til fordel for auka lokalt sjølvstyre og ei viss marknadstilpassing.

Sovjetisk 25-rubelsetel, 1961.

Valutaen i Sovjetunionen heitte rubel (valutakode: SUR), og var delt inn i 100 kopek. Det var ikkje lov å omsetje rublar utanfor landegrensene, og innanlands vart vekslingskursen avgjort av styresmaktene. I samband med valutareforma i 1961 vart kursen sett til 90 kopek for éin dollar.[30] Kursen kunne variere frå år til år, til dømes gjekk han gradvis frå 0,838 rublar for éin dollar i 1985 til 0,580 rublar for éin dollar i 1990.[31] Sidan vekslingskursen mot andre valutaer var sett urealistisk høgt, voks det fram ein stor svartbørsmarknad for handel med utanlandsk valuta i Sovjetunionen.

Sovjetunionen hadde om lag 1 100 flyplassar med permanent dekkje i 1991. Flyflåten var på om lag 4 000 sivile fly. Jernbanenettet var på same tid på totalt 147 400 kilometer, der 53 900 av dei var elektrifiserte. Vegnettet var på 1 757 000 kilometer, der 1 310 600 av dei hadde fast dekkje. Landet hadde 123 700 kilometer med navigerbare vassvegar (ikkje inkludert Kaspihavet). Dei viktigaste hamnebyane i Sovjetunionen var Leningrad, Riga, Tallinn, Kaliningrad, Liepāja, Ventspils, Murmansk og Arkhangelsk.[31] Den sovjetiske handelsflåten var på om lag 2 500 havgåande fartøy.[26]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Utdanningssystem[endre | endre wikiteksten]

Sovjetiske skuleborn, 1985.


Skuleplikta i Sovjetunionen byrja då borna var sju år, og varte fram til og med vidaregåande skule då elevane var sytten eller atten. Dei fyrste åtte åra var felles for alle elevar, medan det var fire valmoglegheiter for dei siste to åra. 60 prosent valde å bruke dei to siste åra på allmennfag, noko som gav rett til å ta opptakseksamen til universitet og høgskular. Det gjekk òg an å ta ei meir spesialisert og teoretisk utdanning på vidaregåande skule-nivå og gå ut i jobb utan høgare studium, dette tok tre eller fire år. Det fanst òg yrkesskular med studieløp over to til fire år. Det siste alternativet var å gå rett ut i ein industrijobb etter åttandeklasse, men ein måtte då fullføre skulegangen gjennom kveldskurs eller fjernundervising. Likevel mislukkast halvparten i den sistnemnde gruppa i å fullføre vidaregåande opplæring.[32]

Læreplanane i skulen var styrde frå sentralt hald, det same var lærebøker, oppmøtepolitikk og eksamenar. Det vart stilt høge krav til elevane med hovudvekt på realfag og språk, opplæringa i fyrste framandspråk gjekk over seks år. Dei humanistiske faga var ideologisk baserte, med stort fokus på marxisme. Dei siste to trinna var alle elevar pålagde å ha to veketimar med militær trening.

Grunnlova garanterte alle innbyggjarar skulegang på morsmålet, men dette gjaldt ikkje alltid i praksis for brukarar av mindre språk eller for elevar som var busette utanfor eige språkområde. For ikkje-russarar var det òg obligatorisk undervising i russisk. Sidan den store majoriteten av høgare utdanning føregjekk på russisk valde òg mange å sende borna sine på russiskspråklege grunnskular.

Høgare utdanning var delt inn i to system – universitet og høgskular (kalla «institutt»). Ei universitetsutdanning varte typisk i fem år, og var i hovudsak svært spesialisert. Likevel var studentane pålagde å ta emne i ideologiske tema (marxisme, historia til kommunistpartiet), ta eitt framandspråk og ha obligatorisk fysisk fostring. Etter låggradsstudium kunne ein gå vidare til ein kandidat nauk-grad, noko som omtrent tilsvara hovudfag. Den høgaste akademiske graden var doktor nauk, som omtrent tilsvara ein doktorgrad i det gamle europeiske systemet.[33]

Opptak til universitet skjedde to gonger årleg etter tøffe opptaksprøver. Ein søkte seg inn på spesifikke studieprogram, og opptaksprøvene varierte med studieprogrammet. Grunna mange søkjarar var det òg vanskelegare å kome seg inn på spesielt prestisjefylte universitet, mellom desse utmerkte Statsuniversitetet i Moskva og Statsuniversitetet i Leningrad seg som spesielt vanskelege å kome inn på. Talet på studieplassar innanfor kvart fagområde vart avgjort sentralt av departementet for høgare utdanning i Moskva etter dei gjeldande prognosane for dei framtidige behova i industrien. Søkjarar med minoritetsbakgrunn hadde òg ein eigen kvote ved opptak til universitet.

All høgare utdanning var finansiert over offentlege budsjett, og det vart ikkje betalt skulepengar. Studentane fekk òg stipend til livsopphald, og studentar med gode resultat fekk høgare stipend.

Det var i liten grad overlapping mellom utdanningane som vart tilbodne ved universitet og ved høgskular, alle profesjonsutdanningar (som medisin og arkitektur) høyrde heime i høgskulesystemet. Høgskulane var alltid spesialiserte og hadde undervising berre på eitt fagområde (med unntak av dei obligatoriske emna i ideologi, framandspråk og fysisk fostring). Høgskulane var òg meir praktisk retta enn universiteta. Høgskuleutdanninga varte i fem eller seks år.

Universiteta og høgskulane jobba tett saman med industrien, og uteksaminerte kandidatar vart beordra i jobb av spesielle tilsetjingskommisjonar. Dei nyutdanna kunne til ein viss grad kome med ynskje til kommisjonen, men avgjerda til kommisjonen var alltid absolutt. Dette gjorde at ektefellar kunne verte beordra til ulike kantar av landet. Pliktarbeidsperioden varte i to år, og etter dette kunne ein hovudsakleg velje kvar ein ville søkje arbeid.

Media[endre | endre wikiteksten]

Ei Pravda-framside frå 1950-talet. Pravda var den viktigaste dagsavisa i Sovjetunionen med 20 millionar daglege lesarar.

Massemedia i Sovjetunionen fungerte som den forlenga armen til kommunistpartiet, og hadde som oppgåve både å kontrollere og mobilisere samfunnet. Allereie frå revolusjonen av, var Lenin og bolsjevikane avhengige av støtte frå media for å vinne støtte i folket. Gjennom radio, aviser og andre publikasjonar oppfordra styresmaktene folket til å «byggje sosialismen» samstundes som partilinja vart gjord kjend. Seinare vart filmar, fjernsyn og datamaskiner viktige delar av propagandaen til sovjetstyresmaktene, og alle medium vart brukte til å spreie marxistisk-leninistiske verdiar til folket. Den teknologiske utviklinga gjorde det likevel vanskelegare å halde grepet over massekommunikasjonen, mellom anna gjorde heimevideosystema på 1980-talet det vanskeleg å kontrollere sirkulasjonen av forbodne videokassettar.[34]

I 1988 hadde Sovjetunionen meir enn 8 000 dagsaviser på om lag 60 språk. Desse hadde eit samla opplagstal på omtrent 170 millionar eksemplar. Riksdekkjande aviser var alltid på russisk, trass i at berre halvparten av folkesetnaden var etniske russarar. Andre språk stod for omtrent 25 % av det samla opplaget. Alle avisjournalistar og redaktørar var medlemmer av den partikontrollerte fagforeininga for journalistar, og 80 % var partimedlemmer. Alle tilsetjingar av redaktørar kom frå partiet. Journalistutdanninga var òg sterkt politisk styrt, og den vanlegaste vegen inn i avisbransjen var gjennom instituttet for journalistikk ved Statsuniversitetet i Moskva, der studentane fekk god opplæring i partilinja.

Av dagsavisene var Pravda den største og viktigaste, med 20 millionar daglege lesarar. Pravda hadde hovudfokus på hendingar i kommunistpartiet og innanriks- og utanriksnyhende. Andre viktige aviser var Izvestija (utgjeven av presidiet i Det øvste sovjetet, 8-10 millionar daglege lesarar), Trud («Arbeid», utgjeven av fagforeiningane, 8–9 millionar daglege lesarar) og Komsomolskaja Pravda (utgjeven av Komsomol, 9–10 millionar daglege lesarar).[35]

Frå og med 1970-talet vart fjernsynet det viktigaste massemediumet. I 1988 hadde omtrent 75 millionar hushald fjernsynsapparat, og eit overslag seier at 93 % av folkesetnaden såg på fjernsyn. Sovjetunionen hadde fire fernsynskanalar som til saman sende eit femtitals timar kvar dag. Alle kanalane hadde tilhaldsstad i Moskva. Omtrent 20 % av sendingane var nyhende, med programmet Vremja som flaggskipet. Vremja vart sett av mellom 80 og 90 % av hushalda, og vart sendt klokka 21.00 Moskva-tid. Hovudfokuset for nyhenda låg innanriks, og det var i liten grad meldt om sportsnyhende. Det viktigaste programmet for utenriksnyhende var Vokrug sveta («Verda rundt»), som med dei to sendingane sine kvar ettermiddag og kveld kvar dag trekte til seg mellom 60 og 90 millionar sjåarar. Alle fjernsynsprogram skulle ha ei ideologisk vinkling, spesielt var det viktig å oppfordre sjåarane til å arbeide hardare. Fjernsynsfilmar handla ofte om heltedådar frå den andre verdskrigen eller politiet og tryggingstenesta sin kamp mot «imperialistiske truslar». Barneprogramma var alltid av ikkje-valdeleg natur, medan underhaldningsprogramma la vekt på riktige sosiale verdiar.[36]

Som med fjernsyn og aviser hadde òg radiosendingane ein ideologisk natur. Styresmaktene sende til saman 1 400 timar radio dagleg over heile landet, ofte på så mange som 70 ulike språk. Dei viktigaste radiostasjonane sende frå Moskva, der åtte stasjonar sende 180 timar om dagen. Kontrollen til styresmaktene over eteren var likevel ikkje tilnærma absolutt slik han var med fjernsynet (i Estland fekk delar av landet inn finsk fjernsyn), og dei statskontrollerte stasjonane måtte konkurrere med utanlandske stasjonar trass i sovjetstyresmaktene sine forsøk på å blokkere dei. Viktige utanlandske stasjonar ein kunne ta inn i Sovjetunionen var Radio Free Europe, Voice of America, BBC og Deutsche Welle. Eit overslag seier at to til tre millionar sovjetborgarar lytta til utanlandsk radio med jamne mellomrom.[37]

Helsevesen[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1918 vart det etablert eit sentralt sovjetisk helsekommissariat. I samband med den fyrste verdskrigen og borgarkrigen var ti millionar menneske døydde av epidemiar, og i 1920 erklærte Lenin at «anten vil sosialismen knuse lusa, eller så vil lusa knuse sosialismen!»[38] Dei ti fyrste åra med sovjetmakt tredobla talet på legar seg, og på slutten av 1920-talet var epidemitrusselen i hovudsak borte. Under Stalin vart det lagt fokus på helsetjenester ved bedriftene, med mål om å auke produktiviteten for å nå dei ambisiøse industrielle produksjonsmåla. Den samfunnsmedisinske framgangen heldt fram under Khrusjtsjov, mellom anna var spedbarnsmortaliteten i Sovjetunionen lågare på 1960-talet enn ho var i Vesten.

Det sovjetiske helsesystemet var basert på mange legesenter i bustadstrøk der borgarane kunne få poliklinisk handsaming. Innbyggjarane kunne velje om dei ville få legetenester der eller i bedriftshelsetenestene. Det var ikkje brukarbetaling, men for medisinar var det ein liten eigenandel. Det var sjukehus i dei fleste byane, men kvaliteten var varierande. Tannhelsetenester var lite prioriterte, og låg i kvalitet langt etter det dei gjorde i Vesten. Som på andre område i sovjetsamfunnet var dei beste sjukehusa reserverte for partifunksjonærar og andre samfunnstoppar.

Legetettleiken var høg i Sovjetunionen. På slutten av 1980-talet hadde landet dobbelt så mange legar per innbyggjar som USA. Dette talet lyg likevel litt, sidan sovjetiske legar ofte hadde arbeidsoppgåver som i andre land vart gjorde av anna helsepersonell, slik som fysioterapeutar. Legeyrket vart sett på som eit kvinneyrke i Sovjetunionen, allereie frå 1930-talet var over 70 prosent av legane kvinner. Dette talet heldt seg stabilt heilt til 1980-talet. Legar hadde langt lågare status og løn enn i vestlege land. På 1980-talet var ei gjennomsnittleg legeløn på 183 rublar i månaden, noko som var langt lågare enn gjennomsnittleg industriarbeidarløn.[39]

Bustadpolitikk[endre | endre wikiteksten]

Typiske sovjetiske bustadbygg i Nizjnij Novgorod. Sovjetiske drabantbyar var bygde etter mikrorajon-prinsippet, der det aldri skulle vere meir enn fem hundre meter frå eit bustadbygg til servicetilbodet i nabolaget.

Bustadbygging vart med unntak av i NEP-perioden sett på som ei offentleg oppgåve. Under Stalin var industriutbygging prioritert framfor nye bustader, men frå 1957 vart bustadbygging ei sak med høg prioritet. Fram til 1970 vart det bygd 34 millionar bustadeiningar i landet, noko som gav nytt husrom til halvparten av innbyggjarane i Sovjetunionen. Ei gjennomsnittleg leilegheit bygd i Khrusjtsjov- eller Brezjnev-tida var på 45 kvadratmeter, og husa typisk fire til seks personar. Fokuset låg på kvantitet framfor kvalitet samstundes som vedlikehaldsbudsjetta var ikkje-eksisterande, noko som har gjeve eit stort vedlikehaldsetterslep som mange av dei tidlegare Sovjetrepublikkane endå slit med. Dei tette buforholda i kombinasjon med utbreidd alkoholisme gav grobotn for familievald, og bidrog òg til den høge skilsmissestatistikken – meir enn kvart tredje ekteskap gjekk i oppløysing på 1980-talet.

Bustader vart tildelte av lokaladministrasjonane. Det var vanleg med to eller tre år på venteliste for nygifte par før dei vart tildelte den fyrste bustaden sin. For ugifte var situasjonen endå meir håplaus, og mange måtte bu på sovesalar i tilknyting til arbeidsplassen medan dei venta på å verte tildelt bustad. Det var likevel mogleg å gå saman i bustadsamarbeid for å byggje eigne bustadblokker, sjølv om dette var relativt uvanleg. All omsetnad av bustader måtte òg godkjennast av spesielle bustadkommisjonar, noko som skulle halde prisane nede og hindre bustadspekulasjon. Staten såg likevel igjennom fingrane med ein utstrekt svart marknad med bustadbytte, så lenge dette skjedde utan økonomisk vinning. Husleiga i Sovjetunionen var fastsett politisk, og bustader vart kraftig subsidierte.

Politi og tryggingsteneste[endre | endre wikiteksten]

Det vanlege politiet i Sovjetunionen var kjend som «milits». Det låg under innanriksdepartementet, men dei lokale politieiningane var også til ein viss grad ansvarlege overfor dei lokale sovjeta sine.

I tillegg til vanlege politioppgåver som å handheve alminneleg orden, trafikk, etterforsking av kriminalsaker og registrering av motorkøyretøy, hadde militsen fleire arbeidsoppgåver som skilde dei frå politistyrkane i Vesten. Mellom dei viktigaste var å kontrollere reiseverksemd av utlendingar i Sovjetunionen. Utanlandske statsborgarar i Sovjetunionen hadde ikkje løyve til å reise lenger vekk enn 40 kilometer frå den staden dei var registert på. Militsen hadde difor kontrollpostar utanfor dei større byane der dei sjekka bilar på veg ut for uautoriserte utlendingar. Reiseverksemd utanfor 40-kilometersgrensa måtte klarerast med militsen på førehand, og 97 % av landet var stengt for utlendingar. Reiseverksemda til sovjetiske borgarar var òg underlagt restriksjonar, og militsen hadde ansvaret for å skrive ut innanrikspass for innbyggjarar over 16 år. Militsen heldt òg vakt utanfor ambassadar i Moskva for å hindre «uautoriserte» besøk frå sovjetiske borgarar.

Den sovjetiske tryggingstenesta (KGB, «komitéen for statstryggleiken») var på mange måtar ein stat i staten, og var den viktigaste reiskapen til styresmaktene for å halde opposisjonen i sjakk. Kontrollen til partiet over KGB gjekk via avdelinga til sentralkomitéen for administrative organ, som måtte godkjenne alle utnemningar til høgare verv i tryggingstenesta.[40] KGB fekk ei stadig viktigare rolle i sovjetisk politikk opp gjennom levetida til unionen. Under Brezjnev fekk organisasjonen eit mykje betre omdøme og meir autoritet. I tillegg fekk han mange nye ansvarsområde, noko som bana vegen for KGB-leiaren Jurij Andropov sitt inntog i sovjetisk toppolitikk. Dette førde naturleg nok til ei endå sterkare rolle for KGB i sovjetisk politikk.[41]

KGB hadde opphav i tsjekaen, som vart innstifta av Lenin seks veker etter Oktoberrevolusjonen i 1917 med det formålet å hindre «kontrarevolusjon» og sabotasje. Under Stalin vart tryggingstenesta omdøypt til NKVD og fekk mandatet sitt kraftig utvida, og var mellom anna ansvarleg for drifta av gulag-systemet. På 1930-talet var NKVD verktøy for Stalin i ein serie utreinskingar, etter at han hadde gjeve ordrar om at «politiske kriminelle» skulle arresterast og stillast for retten så fort som råd var. Det var inga ankemoglegheit, og etter førehandsavgjorde farseaktige rettssaker vart dei dømde gjerne skotne i løpet av 24 timar.

Etter at Stalin var død, vart tryggingstenesta omorganisert, og KGB vart oppretta i 1954. Organisasjonen voks seg etter kvart svært stor, og på 1980-talet hadde KGB over hundre tusen tilsette i inn- og utland, i tillegg til eit stort tal informantar. KGB var inndelt i ulike direktorat, og mellom dei viktigaste var det tredje og det femte. Tredje hovuddirektorat var ansvarleg for å overvake og indoktrinere dei væpna styrkane, og hadde offiserar i alle militære avdelingar heilt ned på kompaninivå. Det femte hovuddirektoratet hadde som oppgåve å overvake sovjetiske borgarar. Dette innebar òg ting som å knuse ulovlege organisasjonar, infiltrere kyrkja, hindre kontakt mellom sovjetarar og utanlandske statsborgarar og nedkjemping av ulovleg utgjeven litteratur. Andre viktige avdelingar i KGB var fyrste hovuddirektorat, med ansvar for hemmelege operasjonar i utlandet, slik som industrispionasje, og åttande direktorat, som dreiv overvaking i utlandet. Mesteparten av den militære overvakingen vart likevel utførd av den militære etterretningstenesta GRU.

KGB-offiserar hadde høg sosial status i Sovjetunionen, og tilgjenge til mange gode som vanlege borgarar ikkje hadde. I tillegg til at løna typisk låg 2–3 gonger høgare enn i sivile sektorar, hadde KGB-folk tilgang til eigne butikkar med langt betre varer enn elles i landet, i tillegg til spesielle feriestader og andre fritidstilbod. KGB hadde òg etter kvart stor politisk innverknad, under Brezjnev vart det vanleg med ein KGB-representant i partikomitéar på alle nivå. Etter at den tidlegare KGB-sjefen Andropov vart generalsekretær, vart det òg ein trend at KGB-offiserar gjekk inn som partisekretærar og eksekutivkomité-formenn ute i provinsane.

Lov og rett[endre | endre wikiteksten]

Rettssystement i Sovjetunionen var i utgangspunktet basert på kontinentale, europeiske prinsipp, eit såkalla civil law-system. Parallelt med det vanlege rettssystemet, fanst det også eit eige system for å slå ned på kritikarar av regimet. Grensene for dei to rettssystema var ofte diffuse, og «vanlege» saker kunne raskt falle utanfor det vanlege rettssystemet dersom dei hadde politisk karakter.[42]

Ifølgje marxistisk teori var kriminalitet eit resultat av klassemotsetnader, og under sosialismen ville difor kriminaliteten forsvinne. Men i den kaotiske situasjonen i etterkant av Oktoberrevolusjonen vart Lenin likevel nøydd til å setje opp domstolar, spesielt for å nedkjempe økonomisk kriminalitet. Dei fyrste domstolane hadde eit uformelt preg, og bar ofte preg av reine folkeforsamlingar. Under Stalin vart systemet meir formelt, men samtidig byrja det parallelle systemet for å knekkje den politiske opposisjonen som utvikla seg. Under justisminister Andrej Vysjinskij vart det sett opp spesialtribunal med fullmakt til å gje fengselsstraffer på opptil fem år for alle dei meinte var «sosialt farlege».[43] Stalin brukte også rettsvesenet til å kvitte seg med resten av den sovjetiske leiarskapen under dei såkalla «Moskvaprosessane», der andre medlemmer av politbyrået og leiande offiserar vart skulda for «høgreavvik» og «trotskisme» og avretta.

Etter at Stalin var død, vart tilstandane normaliserte, og Khrusjtsjov innførde ei lang rekkje juridiske reformer. Tryggingspolitiet kunne ikkje lenger arrestere folk slik det passa dei, og påtalemakta si rolle vart styrkt. Samtidig kunne prinsippa for rettssystemet verte diskuterte meir ope i samfunnslivet. Khrusjtsjov desentraliserte dessutan rettsvesenet, og oppmuntra arbeidsplassar og nabolag til å danne folkedomstoler som kunne ta seg av kvardagskriminalitet, men desse mista rolla si etter at Brezjnev tok makta.

Påtalemakta var den viktigaste institusjonen i det sovjetiske rettssystemet i den andre halvdelen av levetida til unionen. Denne var hierarkisk bygd opp med ein riksadvokat på toppen. Påtalemakta var involvert i alle stadium av etterforskingane, og hadde makt til å overstyre politietterforskarar. Påtalemakta hadde også ansvaret for fengselsvesenet – dei kunne avvise ankar både i straffesaker og privatsaker – og ansvaret for å sjekke at reglar vart følgde både i offentlege og frivillige organisasjonar. Påtalemakta var den mest prestisjetunge staden å arbeide for juristar.

Advokatstanden (russisk: advokatura) var delt inn i «kollegium» med om lag 150 advokatar i kvart, og kvart kollegium organiserte advokatkontor i eit visst geografisk område. Her kunne folk få juridisk hjelp, og advokatprisane var kraftig subsidierte av staten. Grunnlova av 1977 garanterte òg fri rettshjelp i straffesaker.

Dommarar vart på papiret valde av folket til periodar på fem år, men som med alle andre valde embete i Sovjetunionen, vart dei i praksis utpeikte av kommunistpartiet. Alle innbyggjarar over 25 år som hadde røysterett var valbare, men i praksis hadde dei aller fleste dommarane juridisk embetseksamen. I den fyrste rettsinstansen var fagdommaren supplert av to lekdommarar, som deltok på lik linje med fagdommaren både i handsaminga av saker og i straffeutmålingane. Lekdommarane vart valde på arbeidsplassar, kollektivbruk og i burettslag for periodar på to år. Høgare rettsinstansar hadde ikkje lekdommarordning.

Kriminaliteten var på mange område låg i Sovjetunionen. All kriminalitetsstatistikk var utarbeidd av staten og er difor upåliteleg, men det var truleg mindre drap, ran og annan valdskriminalitet enn i Vesten.[44] Mesteparten av slik kriminalitet var alkoholrelatert, og unge menn var overrepresenterte. Men den økonomiske kriminaliteten svært stor i Sovjetunionen. Spesielt var tjuveri frå arbeidsplassen eit stort problem.

Fengselsvesenet omfatta stort sett arbeidskoloniar, og det var berre dei forbrytarane som ein såg på som farlegast som vart plasserte i reine fengsel. Tilbakefallsprosenten var langt lågare enn til dømes i USA. Straffene var også vanlegvis låge samanlikna med i USA, og maksimumsstraffa for fyrstegongsforbrytarar var i utgangspunktet femten år. Innsette kunne verte prøvelauslatne etter halvvegs sona straff. Dødsstraff var avgrensa til høgforråding, spionasje, terrorisme og overlagt drap under særs skjerpande omstende, sjølv om det også vart brukt på partifunksjonærar som vart kjend skuldige i tjuveri av offentleg eigedom i større skala.

Partimedlemmer og tilsette i statsadministrasjonen var pliktige til å oppføre seg eksemplarisk, og vart svært strengt straffa dersom dei vart tekne for svindel på det offentlege si rekning.[45] Likevel var korrupsjonen i offentleg sektor stor, og frå og med Khrusjtsjov-tida var Sovjetunionen plaga av organisert kriminalitet med samband høgt oppe i det politiske systemet.

Miljøproblematikk[endre | endre wikiteksten]

Livlaust landskap i nærleiken av Karabasj i Tsjeljabinsk oblast. Området var tidlegare dekt av skog. Sur nedbør frå eit koparsmelteverk i nærleiken har drepe all vegetasjon.

Offisiell sovjetisk miljøpolitikk la alltid stor vekt på handling, der mennesket aktivt skulle forbetre naturen. Lenin-sitatet «kommunisme er sovjetmakt og elektrifiseringa av landet!» oppsummerer på mange måtar fokuset på modernisering og industriutbygging. Under den første femårsplanen frå 1928 gjekk Stalin inn for å industrialisere landet for kvar ein pris. Verdiar som miljø- og naturvern vart totalt ignorerte i kampen for å danne eit moderne industrisamfunn. Etter at Stalin var død, vart det noko meir fokus på miljøproblematikk, men dei grunnleggjande oppfatningane av verdien av miljøvern var som før.[46]

Sovjetisk media la alltid vekt på den enorme storleiken til landet og at naturressursane var nærast utømmelege. Dette skapte ei kjensle av at forureining og rovdrift på naturen var uproblematisk. Sovjetstaten hadde òg stor tru på at vitskaplege og teknologiske framsteg skulle løyse alle problem. Den offisielle ideologien sa at under sosialismen ville ein enkelt overvinne miljøproblema, i motsetnad til i kapitalistiske land der problema visstnok ikkje kunne løysast. Sovjetiske styresmakter hadde ei nærast botnlaus tru på at mennesket kunne overvinne naturen. Då styresmaktene på 1980-talet likevel måtte innrømme at det òg var økologiske problem i Sovjetunionen, vart problema forklarte med at sosialismen endå ikkje var fullt utvikla, for forureining i eit sosialistisk samfunn var berre ein mellombels anomali som ville verte løyst når sosialismen gjekk framover.[46]

Tsjernobylulukka i 1986 sette ein støkk i verdssamfunnet. Dette var den fyrste større ulykka i eit sivilt atomkraftverk nokon stad i verda der det vart sleppt ut ei større mengd radioaktive isotopar i miljøet. Likevel var dei radioaktive dosane som vart spreidde langt avgarde relativt små. Det største helseproblemet etter ulykka har vore 4000 nye tilfelle av skjoldkjertelkreft, men dette har ført til relativt få dødsfall (tal frå WHO, 2005). Likevel er langtidsverknadene av ulukka usikre.[47]

Etter at Sovjetunionen fall, kom det fram at miljøproblema var større enn det sovjetiske styresmakter hadde innrømt. Mellom stadene med klare miljøutfordringar var Kolahalvøya ved grensa mot Noreg. Rundt industribyane Nikel og Montsjegorsk var all skog drepen av forureining, samstundes som også Norden og andre delar av Russland vart ramma av utsleppa. I løpet av 1990-talet vart ein i Vesten òg uroa over strålingsfare frå kjernefysiske installasjonar, kasserte atomubåtar og handsaminga av kjernefysisk avfall og brukt kjernebrennstoff. Tidleg på 1990-talet vart det òg kjent at Sovjetunionen dumpa radioaktivt material i Barentshavet og Karahavet, noko som seinare vart stadfesta av det russiske parlamentet. «Kursk»-ulukka i 2000 bidrog vidare til uro i vest.[48]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturlivet i Sovjetunionen gjekk gjennom fleire fasar. I perioden 1918–1929 var det relativt frie forhold og artistar eksperimenterte med ulike stilretningar på leit etter ein eigen sovjetisk kunstnarisk stil. Lenin ynskte at kunst skulle vere tilgjengeleg for massane. Styresmaktene tolererte fleire trendar, så lenge dei ikkje openbert stod i opposisjon til regimet. Innanfor kunst og litteratur blomstra det opp fleire ulike skular, enkelte tradisjonelle, andre radikalt eksperimentelle. Kommunistiske skribentar som Maksim Gorkij og Vladimir Majakovskij var aktive i denne tidsperioden.

Frå staten vart det oppmoda om filmproduksjon, som vart sett på som eit nyttig propagandaverktøy for å kunne nå det breie laget av folkesetnaden som var analfabetar. Den sovjetiske montasjefilmen hadde glanstida si i perioden frå 1920 til 1932. I denne perioden utvikla dei sovjetiske filmskaparane eit nytt nivå med den særeigne interessa si for montasje, eller klipping, av film. Mange av dei beste arbeida til filmprodusenten Sergej Eisenstein er frå denne perioden, mellom anna Panserkrysseren Potemkin. Sidan fekk Eisenstein i likskap med fleire andre problem på grunn av open og skjult kritikk i dei kunstnariske arbeida sine. Kunsten vart også meir einsretta, og hadde som mål å vise kor overlegen kommunismen var over alle andre styringsformer.

Etter den såkalla «Khrusjtsjov-våren» på slutten av 1950- og tidleg på 1960-talet, vart sensuren mindre omfattande (men aldri fullstendig fjerna). Større eksperimentering innanfor kunstlivet vart på ny tillate, med det resultatet at ein såg produksjon av meir sofistikerte og svakt regimekritiske arbeid. Regimet losna fokuset på den sovjetiske realismen, med det resultatet at til dømes mange hovudpersonar i romanar av forfattaren Jurij Trifonov tok hand om problem dagleglivet snarare enn å byggje det sosialistiske samfunnet. Ei undergrunnsrørsle av dissidenter, kjend som samizdat, voks fram mot slutten av denne tidsperioden.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Mellom idrettsgreinene med stor sovjetisk dominans var kunstløp. Biletet viser Aleksandr Fadejev, verdsmeister i 1985 og europameister i 1984, 1987, 1988 og 1989.

Det var alltid ein klar samanheng mellom idrett og politikk i Sovjetunionen. Den fyrste større partiresolusjonen om idrett gjorde det klart at «idrettsaktivitetar skal ikkje berre sjåast på med synsvinkel frå folkehelse og fysisk trening, ikkje berre som som eit aspekt i den kulturelle, økonomiske og militære treninga til ungdommen, ikkje berre som eit middel i å sosialisere massane […] men som eit middel i å samle bønder og arbeidarar til ulike parti-, arbeidarråds- og fagforeiningsorganisasjonar, slik at dei kan trekkast inn i sosiale og politiske aktivitetar.»[49]

Idrettslivet i Sovjetunionen var organisert under komiteen for kroppskultur og sport, som låg under regjeringa. Denne komiteen hadde igjen 36 idrettslag under seg, der alle unnateke to var knytte til fagforeiningar. Døme på kjende idrettslag som var knytte til fagforeiningane var Lokomotiv, (jernbanearbeidarar), Burevestnik (studentar) og Spartak (personar som var tilsette i mellom anna helsevesenet, handelsnæringa, utdanningssektoren og kulturlivet). Det var også to idrettslag utanfor fagforeiningane sin kontroll: Dynamo (politiet og KGB) og «Arbeidsreserven» (studentar ved tekniske høgskular). Utanfor dette rammeverket av organisert idrett stod CSKA, idrettsklubben til hæren. Jamt over var klubbar i CSKA- og Dynamo-systemet dei med mest sportsleg suksess.[49]

Innanfor individuelle idrettar fanst det eit system for rangering av idrettsutøvarar, masterstvo. Desse kunne få ulike gradar, som gjekk frå «Sovjetisk sportsmeister, internasjonal klasse» og «Sovjetisk sportsmeister» på toppen, ned til «Tredjegrads junior sportsmann» (i aldersklassar) på botnen. Innanfor breiddeidretten fanst det eit anna system, massovost, der folk kunne få gull- og sølvmerke for allsidige eigenskapar i sport i kombinasjon med dokumenterte kunnskapar innanfor hygiene og fyrstehjelp. Begge desse systema vart innstifta allereie i 1930-åra. Utover i levetida til Sovjetunionen vart det også stadig vanlegare med eit system der talentfulle born allereie i ung alder fekk tett oppfølging og intensiv trening, gjerne ved eigne idrettsgrunnskular eller ved spesielle kostskular. Når elevane vart eldre heldt dei ofte fram som idrettsutøvarar på fulltid, medan amatørstatusen gjerne vart halden oppe ved at dei fekk nominelle jobbar i forsvaret eller studentstatus, slik at dei kunne delta i internasjonale konkurransar som kravde amatørstatus (noko mellom anna deltaking i dei olympiske leikane gjorde).[49]

Fram til den andre verdskrigen stod Sovjetunionen utanfor den internasjonale idrettsrørsla. I 1951 vart den olympiske komitéen i Sovjetunionen stifta, og i 1952 i Helsingfors og 1956 i Cortina d’Ampezzo vart landet med i høvesvis sommar-OL og vinter-OL for fyrste gong. Sovjetunionen gjorde raskt internasjonal suksess, og vart nest beste nasjon i Helsingfors og beste nasjon i Cortina på medaljestatistikken. Fram til og med sommar-OL i Seoul og vinter-OL i Calgary i 1988 tok Sovjetunionen til saman 395 gullmedaljar i sommar-OL og 78 gullmedaljar i vinter-OL. Dei mest dominante sovjetiske greinene var turn med 73 gull og friidrett med 65 gull under sommarleikar, og langrenn med 25 gull og lengdeløp på skøyter med 24 gull under vinterleikar. I 1980 var Moskva vertsby for sommarleikane, men arrangementet vart boikotta av mellom andre USA, Noreg og andre vestlege land i protest mot den sovjetiske krigføringa i Afghanistan. Som ein reaksjon på dette, boikotta Sovjetunionen og ein rekkje austblokkland Los Angeles-leikane i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «sovjet» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Sovjetunionen – oppbygging og forfatning» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 3,0 3,1 The People of the Soviet Union. Encarta.
  4. Mandelbaum, Michael (red.) (1991) The Rise of Nations in the Soviet Union: American Foreign Policy & the Disintegration of the USSR, s. 105 – Council on Foreign Relations Press, New York. ISBN 0876091001.
  5. Mandelbaum, s. 103.
  6. Ruble, Blair A. (1989) «Ethnicity and Soviet Cities» – Soviet Studies, bind 41, nr. 3, s. 401-414 [jstor].
  7. 7,0 7,1 A Country Study: Soviet Union (Former) - RELIGIOUS GROUPS IN THE SOVIET UNION. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  8. Bilinsky, Yaroslav (1981) «Expanding the Use of Russian or Russification? Some Critical Thoughts on Russian As a Lingua Franca and the “Language of Friendship and Cooperation of the Peoples of the USSR“» – Russian Review, bind 40, nr. 3, s. 317–332 [jstor].
  9. 9,0 9,1 9,2 Dinkel, R. H. (1985) «The Seeming Paradox of Increasing Mortality in a Highly Industrialized Nation: the Example of the Soviet Union» – Population Studies, bind 39, nr. 1 [jstor].
  10. Salitan, Laurie P. (1989-90) «Domestic Pressures and the Politics of Exit: Trends in Soviet Emigration Policy» – Political Science Quarterly, bind 104, nr. 4, s. 671-687 [jstor].
  11. Rosenfeldt, Nilse Erik; Pape, Carsten (1992) Ruslands historie, bind 3 : Sovjetstaten, s. 190 – Politikens forlag. ISBN 87-567-5078-1.
  12. Rosenfeldt, s. 193–194
  13. Rosenfeldt, s. 194–196
  14. Rosenfeldt, s. 196
  15. Rosenfeldt, s. 196–197
  16. The United States and the Founding of the United Nations, August 1941 - October 1945. Office of the Historian Bureau of Public Affairs, det amerikanske utanriksdepartementet.
  17. Blum, Yehuda Z.. Russia Takes Over the Soviet Union's Seat at the United Nations. European Journal of International Law.
  18. «Germany (East)», Library of Congress Country Study, Appendix B: The Council for Mutual Economic Assistance
  19. «Germany (East)», Library of Congress Country Study, Appendix C: The Warsaw Pact
  20. A Country Study: Soviet Union (Former) - STRATEGIC LEADERSHIP OF THE ARMED FORCES. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  21. A Country Study: Soviet Union (Former) - Main Military Council. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  22. A Country Study: Soviet Union (Former) - Ministry of Defense. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  23. A Country Study: Soviet Union (Former) - General Staff. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  24. A Country Study: Soviet Union (Former) - ECONOMY. Det amerikanske kongressbiblioteket. «Gross National Product (GNP): Estimated at US$2.4 trillion [= norske billionar] in 1986; US$8,375 per capita in 1986; real growth rate in 1988 about 1.5 percent, continuing deceleration begun in mid-1970s.»
  25. The 1990 CIA World Factbook. Central Intelligence Agency (Internett-utgåve tilrettelagd av Prosjekt Gutenberg) (1. april 1991).
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 A Country Study: Soviet Union (Former) - ECONOMY. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  27. McCauley, Martin (2008) The Rise and Fall of the Soviet Union, s. 290 og 442 – Person. ISBN 978-0-582-78465-9.
  28. Steinfeld, Hans Wilhelm (1982) Arven etter Bresjnev, s. 147–149 – Cappelen. ISBN 82-02-09064-4.
  29. Dienes, Leslie (1972) «Investment Priorities in Soviet Regions» – Annals of the Association of American Geographers, bind 62, nr. 3, s. 437–454 [jstor].
  30. Bornstein, Morris (1961) «The Reform and Revaluation of the Ruble» – The American Economic Review, bind 51, nr. 1, s. 117–123 [jstor].
  31. 31,0 31,1 The 1991 CIA World Factbook. Central Intelligence Agency (15. oktober 1991).
  32. Smith, Gordon B. (1988) Soviet Politics : Continuity and Contradiction, s. 239 – St. Martin’s press. ISBN 0-312-00795-7.
  33. Smith, s. 242.
  34. A Country Study: Soviet Union (Former) - The mass media. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  35. A Country Study: Soviet Union (Former) - Newspapers. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  36. A Country Study: Soviet Union (Former) - Television and Video Cassette Recorders. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  37. A Country Study: Soviet Union (Former) - Radio. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  38. McKee, Martin (2005) «Book reviews : The Oxford dictionary of medical quotations» – European Journal of Public Health, bind 16, nr. 4 [Omsett frå den engelskspråklege kjelda: «Either socialism will defeat the louse or the louse will defeat socialism»].
  39. Smith, s. 258–60
  40. Smith, s. 173.
  41. A Country Study: Soviet Union (Former) - The Security Apparatus and Kremlin Politics : After Khrushchev. Det amerikanske kongressbiblioteket.
  42. Smith, s. 137.
  43. Smith, s. 140.
  44. Smith, s. 151.
  45. Smith, s. 154.
  46. 46,0 46,1 Ziegler, Charles E. (1985) «Soviet Images of the Environment» – British Journal of Political Science, bind 15, nr. 3, s. 365-380 [jstor].
  47. Baverstock, Keith; Williams, Dillwyn (2006) «The Chernobyl Accident 20 Years on: An Assessment of the Health Consequences and the International Response» – Environmental Health Perspectives, bind 114, nr. 9, s. 1312-1317.
  48. Hønneland, Geir og Jørgensen, Anne-Kristin (2002) «Implementing Russia's International Environmental Commitments: Federal Prerogative or Regional Concern?» – Europe-Asia Studies, bind 54, nr. 8, s. 1223–1240 [jstor].
  49. 49,0 49,1 49,2 Riordan, James (1974) «Soviet Sport and Soviet Foreign Policy» – Soviet Studies, bind 26, nr. 3, s. 322-343 [jstor].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sovjetunionen

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Applebaum, Anne. Gulag : fangeleirene i Sovjetunionen 1917-1986. Aschehoug, 2004. ISBN 82-03-20787-1
  • Hughes, Gwyneth. Det røde imperiet : Sovjetunionens skjulte historie. Av … og Simon Welfare. Universitetsforlaget, 1991. ISBN 82-00-21277-7
  • Kapuściński, Ryszard : Imperiet. Aschehoug, 2004 ISBN 978-82-03-20815-7
  • Kolstø, Pål. Russland : folket, historien, politikken, kulturen. Aschehoug, 2008. ISBN 978-82-03-23579-5
  • Millar, James R. (red) : Politics, work, and daily life in the USSR : A survey of former Soviet citizens. Cambridge University Press, 1987 ISBN 0-521-34890-0
  • Montefiore, Simon Sebag. Stalin : den røde tsarens hoff. Cappelen, 2006. ISBN 82-02-24088-3
  • Norge og Sovjetunionen : 1917 - 1955 : en utenrikspolitisk dokumentasjon. Utgitt av Institutt for forsvarsstudier i samarbeid med Det russiske vitenskapsakademis Institutt for verdenshistorie; hovedredaktør: Sven G. Holtsmark. Cappelen, 1995. ISBN 82-02-14130-3
  • Norge-Russland : naboer gjennom 1000 år. Oslo: Scandinavian Academic Press, 2004. ISBN 82-304-0010-5
  • Selnes, Kåre. Norge - Russland. Grannefolk gjennom tusen år. Universitetsforlaget, 1972. ISBN 82-00-04633-8
  • Steinfeld, Hans Wilhelm. Tilbake til Europa. Cappelen, 1991. ISBN 82-02-13318-1
  • Steinfeld, Hans Wilhelm. Fremover mot fortiden : Russland og det tapte århundret. Cappelen, 1993. ISBN 82-02-14093-5
  • Waage, Peter Normann. Russland er et annet sted : en kulturhistorisk bruksanvisning Aventura, 1990 ISBN 82-588-0708-0
  • Waage, Peter Normann. Et imperium går under : notater om Sovjet gjennom 1991. Aventura, 1992. ISBN 82-588-0853-2