Andsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Loppa

Andsnes er ei så godt som fråflytt bygd i Loppa kommune i Finnmark. Bygda er den aller vestlegaste busetnaden i Finnmark fylke. Andsnes ligg ved Lopphavet, lengst vest på halvøya mellom fjorden Kvænangen og Lopphavet.

Andsnes har vegsamband til bygda Segelvik i Kvænangen kommune, tre kilometer sør for Andsnes. Bygda hadde i si tid postkontor ved namn Brynilen, i dag er postadressa 9186 Andsnes.

I fylgje folketeljinga 1910 budde 83 menneske i bygda, dei fleste sysselsett med fiskeri, nokre dreiv i tillegg med jordbruk. Her var også to landhandlarar. I dag er det eit fåtal fastbuande i Andsnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]