Finnmark fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finnmark fylke
Våpen Kart
Adm.senter Vadsø
Areal 48 616 km²
Folkemengd 74 534 (1. januar 2013)
Folketettleik 1,6 /km²
Nettstad www.ffk.no
Politikk
Fylkesordførar Runar Sjåstad, Ap (2007)
Fylkesmann Gunnar Kjønnøy
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Finnmark fylke.svg
Finnmark fylke på Commons

Finnmark (nordsamisk: Finnmárku) er eit fylke heilt nord i Noreg. Det er det nordlegaste og største fylket i utstrekning, men det minste i folketal. Det grensar til Troms fylke i vest, til Lapplands län i Finland i sør og til Murmansk oblast i Russland i aust. Fylket er heile 12,9 % større enn Danmark. Finnmarksvidda dekker 36 % av flatevidda.

Namnet på fylket tyder 'samelandet'. Sjølv om etniske nordmenn har budd i Finnmark lenge, forbinder mange Finnmark fyrst og fremst med samar . Samane sin «hovudstad», og sete for Sametinget, er Karasjok.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Etter nedgangen i folketalet og fiskeria, har olje og turisme vorte nye satsingsområde. Sidan Vardøhus festning, som framleis høyrer til Sjøforsvaret, vart bygd for 700 år sidan, har Finnmark vore ein del av Noreg. Vardø kommune kan vise fram fleire kulturskattar i fugleværet på Hornøya og «Lille-Moskva» (Kiberg). Vegen ut mot Hamningberg i Båtsfjord kommune liknar eit månelandskap.

Nordkapp er likevel målet for dei fleste turistane som besøker Finnmark. Nordkapp har vorte enklare å besøke etter opninga av ny tunnel til Honningsvåg.

I vestfylket ligg Hammerfest, som reknar seg som den nordlegaste byen i Noreg og som er den nest største byen i fylket. I denne delen ligg også Alta som blant anna er kjent for helleristningane som er på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Finnmarksvidda i søraust har to tettstader, Kautokeino i vest, og Karasjok i aust. Sistnemnte er sete for Sametinget. NRK Sameradio sender også derfrå.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1975 har folketalet i fylket gått ned med rundt 8 %. Tross skattefrådrag og rabatt på studiegjelda, vil mange likevel sørover. For ein del er eit opphald i Finnmark einstydande med eit springbrett. For i desse små, men på mange måtar privilegerte samfunna, finn ein framleis gode statlege tilbod og arbeidsplassar. Har ein ei bra utdanning kan ein raskt få ei god stilling.

Finnmark er ikkje berre eit tospråkleg samfunn, men eit firespråkleg. I tillegg til norsk og samisk blir det og snakka kvensk og russisk. Kvensk (eller finsk) vart i 1869 snakka av ca. ein fjerdedel av innbyggjarane i Alta og Vadsø, og det var og mange kvenar i Porsanger og Hammerfest. Særleg sterkt stod kvensk i Vadsø, som vart kalla kvenbyen. I dag står kvensk sterkast i Børselv i Porsanger (m.a. med eit Kvensk institutt og i Bugøynes i Sør-Varanger. Porsanger kommune er offisielt trespråkleg, men kvensk har ikkje den same støtta frå staten som det samisk har. Russisk har vorte eit nytt innvandrarspråk i Aust-Finnmark. I Kirkenes er mange gater skilta både på norsk og russisk. I grenseområdet mot Russland finn ein vegskilt på på russisk.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Finnmark fylke.
Namn Folkemengd Flatevidd km² Distrikt
Vardø kommune Vardø 000000000002128.00000000002 128 000000000000600.0000000000600 Aust-Finnmark
Vadsø kommune Vadsø 000000000006163.00000000006 163 000000000001258.00000000001 258 Aust-Finnmark
Hammerfest kommune Hammerfest 000000000010072.000000000010 072 000000000000849.0000000000849 Vest-Finnmark
Kautokeino kommune Kautokeino 000000000002923.00000000002 923 000000000009707.00000000009 707 Indre Finnmark
Alta kommune Alta 000000000019646.000000000019 646 000000000003849.00000000003 849 Vest-Finnmark
Loppa kommune Loppa 000000000001070.00000000001 070 000000000000687.0000000000687 Vest-Finnmark
Hasvik kommune Hasvik 000000000001023.00000000001 023 000000000000556.0000000000556 Vest-Finnmark
Kvalsund kommune Kvalsund 000000000001036.00000000001 036 000000000001844.00000000001 844 Vest-Finnmark
Måsøy kommune Måsøy 000000000001240.00000000001 240 000000000001134.00000000001 134 Vest-Finnmark
Nordkapp kommune Nordkapp 000000000003205.00000000003 205 000000000000925.0000000000925 Vest-Finnmark
Porsanger kommune Porsanger 000000000003968.00000000003 968 000000000004873.00000000004 873 Vest-Finnmark
Karasjok kommune Karasjok 000000000002721.00000000002 721 000000000005453.00000000005 453 Indre Finnmark
Lebesby kommune Lebesby 000000000001339.00000000001 339 000000000003458.00000000003 458 Aust-Finnmark
Gamvik kommune Gamvik 000000000001063.00000000001 063 000000000001415.00000000001 415 Aust-Finnmark
Berlevåg kommune Berlevåg 000000000001025.00000000001 025 000000000001120.00000000001 120 Aust-Finnmark
Tana kommune Tana 000000000002900.00000000002 900 000000000004050.00000000004 050 Aust-Finnmark
Nesseby kommune Nesseby 000000000000882.0000000000882 000000000001436.00000000001 436 Aust-Finnmark
Båtsfjord kommune Båtsfjord 000000000002162.00000000002 162 000000000001433.00000000001 433 Aust-Finnmark
Sør-Varanger kommune Sør-Varanger 000000000009968.00000000009 968 000000000003967.00000000003 967 Aust-Finnmark
Finnmark fylke Finnmark 000000000074534.000000000074 534 000000000048616.000000000048 616 Finnmark

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Det er lenge sidan reindrift var den fremste næringa i fylket. Fiske er framleis svært viktig, men ved utbygginga av Snøhvitfeltet utanfor Hammerfest tek også Finnmark spranget ut i oljealderen. Somme har stor von om oljefunn i Barentshavet, berre ein får bore der. Likevel er tenesteytande sektor i Finnmark som i alle andre fylke, den viktigaste.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vardø er einaste bykommune i Noreg som ligg i den arktiske klimasona, det vil si at gjennomsnittstemperaturen i den varmaste månaden i året ligg under 10 °C. Resten av kysten blir heller ikkje stort varmare om sommaren, men så syter Golfstraumen for at det ikkje blir så mykje kaldare om vinteren heller. På Finnmarksvidda derimot kan ein oppleve både -40° og ned mot -50 °C på det kaldaste. Noregsrekorden for kulde har Karasjok med 51,4 grader, målt 1. januar 1886. På kysten er vinterstormane dei verste, og stenger dei fleste vegovergangane i løpet av sesongen.

Myggen er om sommaren kjent blant dei som ferierer der som den største plaga, særleg på vidda. Der er temperaturane ofte godt over 20° C.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Øksfjord er hamn for Hurtigruta.

E6 går gjennom heile fylket frå Alta i vest til Kirkenes i aust, der den lengste norske europavegtraseen ender vandringa si heilt frå Svinesund i sør. Ut frå innbyggjartalet har Finnmark eit svært godt vegnett.

Det er svært mange kortbaneflyplassar i fylket, nesten ein på kvart fiskevær. Kommunane i indre Finnmark, Karasjok og Kautokeino, derimot, har ikkje flyplassar. Hurtigruta går langs heile Finnmarkskysten og snur i Kirkenes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Finnmark vart del av Danmark-Noreg relativt seint. Sjølv om Vardøhus festning vart bygd som ei markering av dansk kontroll, vart samane i området lenge skattlagt frå tre land. På grunn av grensetvistar med Sverige og Russland har politikken overfor samane alltid vore ein viktig del av norsk utanrikspolitikk i nord.

Området blei først erklært som ein norsk kronkoloni, og var i til forskjell frå resten av riket direkte underlagt kongen i København. Etter oppløysinga av personalunionen med Danmark på byrjinga av 1800-talet blei oppgradert til amt og ein integrert del av kongeriket Noreg.

Fylket blei hardt ramma av den andre verdskrigen. Då dei tyske styrkane trekte seg tilbake brukte dei brentjordtaktikken, som gjekk ut på å hindra alle ressursar i å tilfalla den raude arméen. Dette innebar at mesteparten av bygningsmassen og infrastrukturen blei brend og øydelagd. Sivilbefolkninga på nær 60 000 blei tvangsflytta sørover. Kort etter krigen sette Stortinget i gang eit omfattande arbeid med å gjenreise Finnmark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Finnmark fylke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB