Anholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anholt
Den største ørkenen i Nord-Europa
Den største ørkenen i Nord-Europa
Geografi
DK - Anholt.PNG
Stad Kattagat
Koordinatar 56°42′N 11°34′E
Areal 21,75 km²
Høgaste punkt Sønderbjerg (48 moh.)
Administrasjon
Land Danmark
Kommune Grenå
Demografi
Folketal 160
Anholt hamn

Anholt er ei dansk øy i Kattegat. Øya er 21,75 km² stor og har 160 fastbuande, men folketalet aukar om sommaren når mange turistar vitjar øya. Ein kan nå Anholt med ferje frå Grenå og er ein del av Grenå kommune.

Øya er kjend som Nord-Europas største ørken, eit resultat av vidstrakt hogst i samband med gjenoppbygginga av den danske marinen etter at Danmark under Napoleonskrigane i 1807 tapte sjøflåten til Storbritannia. No vert det brukt ressursar på å verne det unike landskapet på øya, og å motverke erosjon.

På den austlege delen av øya finst ein av dei største sel-koloniane i Danmark. Store delar av øya er no freda.

Dei høgaste punkta på Anholt er Sønderbjerg på 48 moh. og Nordbjerg på 39 moh.

Busetnaden på Anholt er stort sett samla i Anholt by. Her ligg mellom anna Anholt kyrkje, frå 1819.

Anholt har ei liten flyplass utan mannskap, med ruteflysamband til Roskilde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anholt