Anjelica Huston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anjelica Huston

Anjelica Huston (fødd 8. juli 1951) er ein filmskodespelar frå Sambandsstatane.

Huston kjem frå ein skodespelarfamilie. Då ho vann ein oscarpris for spelet sitt i Prizzi's Honor frå 1985, var ho den tredje generasjonen av familien som gjorde dette, etter faren John Huston og bestefaren Walter Huston. Huston har òg vore nominert for rollene sine i Enemies, a Love Story (1989) og The Grifters(1990). Ho er også kjend for rolla si som Morticia Addams i The Addams Family (1991) og Addams Family Values (1993), som ho fekk Golden Globe-nominasjonar for.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.