Skodespelar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Filmskodespelarar tar ei pause under innspelinga av Sherlock Holmes and the Case of the Silk Stocking

Ein skodespelar er ein person som framfører ei rolle i drama, på scene, film eller radio.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Skodesepelaren er den sentrale kunstnaren innan drama. Han har den eine oppgåva som ei teaterframsyning ikkje kan klare seg utan: å stå fram på scena og syne fram ei handling for ei gruppe tilskodarar. Alle dei andre, instruktøren, scenografen, lysmannen og sufløsa kan ein i naudsfall klare seg utan. Sjølv tilskodarane kan ein klare seg utan, for det finst teaterstykke, såkalla lærestykke, som berre er tenkt å verke opplærande og oppbyggjande for aktørane, utan at nokon treng sjå dei.

Ein skodespelar nyttar kroppen og røysta til å spele ei rolle i ei dramatisk handling. Slik sett er grensene til dansaren og songaren uklår, men ulik desse kan skodespelaren klare seg utan musikk eller annan fastlagd rytme. Der dansaren rettar seg etter orkestret og songaren etter dirigenten, kan skodespelaren lyde til sine eigne impulsar, eller vente på stikkord frå dei andre aktørane.

Arbeidet til skodespelaren går ut på å gje liv til ei rolle. Fyrst må han analysere råmaterialet: manuskriptet om det er eit gamaldags teaterstykke, eller det scenariet eller den fabelen eller det emnet handlinga skal dreie seg rundt. Her leitar han etter knaggar han kan hengje framsyninga si på. Kven er no denne krabaten han skal skapa seg om til? Kar eller kvinnfolk, gamal eller ung? Har han levt i røyndomen eller berre i dette verket? Så må han til å leite i andre kjelder. Er det skrive meir om rolla andre stader? Har andre skodespelarar gjort henne før? Av alt han finn må han velje seg ut det han vil bruke, for alt lèt seg ikkje syne fram på ein gong. Kva er det som driv denne figuren? Kvifor gjer og seier han som han gjer? Kvifor er han med i denne handlinga i det heile? Kvifor går han ikkje berre sin veg? Kva er motivasjonen hans? Og kva er det han verkeleg tenkjer når han seier det eine og det andre. Kva er det som aldri slepp ut i teksten: det vi kallar underteksten.

Langsamt byggjer skodespelaren opp eit reportoar, eit forråd av rørsler, gester og talesett som høver til rolla.

Saman med skodespelarane legg instruktøren eit arrangement. Her skal dei stå å gå, slik skal dei snu seg, dette og hint skal dei bera med seg og sette frå seg. Brått skal dei verte overraska, sidan forarga og til sist forsonte. Så må skodespelarane til å finpusse. Kvar rørsle og kvart ord må prøvast ut i samanhengen der dei skal nyttast, kor høgt skal det talast, kor store fakter høver. Det grove arrangementet vert brote ned til detaljert kroppsmekanikk. Ein fot vert flutt fram. Eit øyre lyder mot ein vegg. Eit auge skifter retning. No vert timinga viktig. Eit tilsvar må ikkje komma for tidleg eller for seint. Akkurat den rette pausa må til som gjer at kvart moment får søkke akkurat passe inn. Kvar del av forestillinga får sin eigen rytme. Noko er dvelande, anna er oppdrive.

Skodespelarar i The Big Voice: God or Merman. (Foto: Bev Sykes)

Men det er ikkje nok at skodespelaren handlar. Han må og lade handlinga. Han tar sats, legg kraft og retning i rørslene, og bryt så brått av. Energien vert verande i rommet. Samstundes som han gjev rolla si driv og kjensle, så legg han og band på henne. Det gjeld å ikkje spela ut underteksten. Det usagde skal få vera usagd, det fortrengte er framleis fortrengt.

Ferdigheter[endre | endre wikiteksten]

Skodespel er eit variert og krevjande fag. Skodespelaren må kunne syngje, danse, lese og forstå litteratur. Han skal kunne seia fram poesi og øve kampsport. Han skal vera utstudert høvisk, rå og keitete. Han skal etterlikne naturen når det krevst, men i andre høve skal han forfine og forkunstle uttrykket. Han må vera litt akrobat og litt psykolog, litt mannekeng og litt demagog.

Nokre kjende norske skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skodespelar
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skodespelar