Anna Falkenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Falkenberg
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 4. januar 1996 (28 år)
Oyri
Yrke politikar
Politisk parti Sambandsflokkurin

Anna Falkenberg (fødd 4. januar 1996) er ein færøysk politikar som representerer Sambandsflokkurin. Ho har vore medlem av det danske Folketinget for Færøyane sidan folketingsvalet 1. november 2022.[1][2]

Falkenberg er den andre færøyske kvinna, etter Lisbeth L. Petersen, som er blitt vald inn i det danske parlamentet.[3] Ho er også blant dei yngste folketingsmedlemmane frå Færøyane; Edward Mitens og Enok Bærentsen var også i midten av 20-åra då dei blei valde inn.

Falkenberg vaks opp i Hoyvík. Ho gjekk Føroya Studentaskúli og har ein kandidatgrad i statsvitskap (cand.scient.pol.) frå Københavns Universitet frå 2022. Ho arbeida på Christiansborg som politisk rådgjevar for morfaren, folketingsmedlem Edmund Joensen, frå 2019 til ho sjølv blei vald inn i 2022.[1][4]

Falkenberg har vore formann i Unga Sambandið og visepresident i Ungdommens nordiske råd.[1][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Anna Falkenberg (SP)» (på dansk). Folketinget. Henta 17. november 2022. 
  2. «Sjúrður Skaale og Anna Falkenberg eru vald á Fólkating». Kringvarp Føroya (på færøysk). Arkivert frå originalen 1. november 2022. Henta 1. november 2022. 
  3. «Færøsk valg sender et blåt og rødt mandat i Folketinget». DR (på dansk). 1. november 2022. Henta 1. november 2022. 
  4. «Færøerne vælger en til hver blok». Altinget.dk (på dansk). Henta 1. november 2022. 
  5. «Føroyskt kvinnuligt forsetatoymi í Ungdommens Nordiske Råd» (på færøysk). dagur.fo. 31. oktober 2018. Henta 2. november 2022.