Færøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Føroyar
Færøerne
Det {{{adjektiv}}}e flagget
Det {{{adjektiv}}}e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Geografisk plassering av Færøyane
Offisielle språk Færøysk og dansk
Hovudstad Tórshavn
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Frederik X
Bárður á Steig Nielsen
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
1399 km²
0,5
Folketal (2022)
 - Tettleik
53 941[1]
Valuta Færøysk krone1
Tidssone +0
Sommartid: +1
Nasjonalsong «Tú alfagra land mítt»
Nasjonaldag 29. juli
1Setlane er danske kroner med færøyske motiv.
Myntane er dei same som i Danmark.


Færøyane (tyder «saueøyane») er ei øygruppe som ligg nord for Skottland. Øyane var tidlegare ein del av Noregsveldet, men har sidan 1814 vore ein del av Kongeriket Danmark. Færøyane vart likevel allereie i 1709 administrativt lagt til Sjælland stift. Sidan 1948 har øyane hatt indre sjølvstende, med to representantar i det danske Folketinget. Administrativt er Færøyane delt opp i seks sysler og 29 kommunar. Færøyane er ikkje medlem av EU, trass i at Danmark er det.

Færøyane har 18 øyar av vulkansk opphav. Øygruppa har 54 000 innbyggjarar, der 20 000 av desse bur i hovudstaden Tórshavn, kalla opp etter den norrøne guden Tor.

Eit historisk kart over Færøyane frå 1673

Historie[endre | endre wikiteksten]

Irske munkar busett seg på Færøyane[endre | endre wikiteksten]

Då Færøyane for fyrste gong vart gjesta av vikingane i 795 trefte dei munkar frå Irland, som levde som einebuarar på øyane. Desse munkane fann ikkje noko urfolk som dei kunne omvende. Dei brukte tida med å driva fåreavl og plantedyrking (mellom anna dyrka dei havre). Ein trur at dei irske munkane kom omkring år 625. Truleg flytte munkane vidare til Island i tida rundt då nordmennene kom til øyane.

Norsk kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Øyane vart koloniserte av nordmenn på 800-talet, og ein meiner at dei fyrste busetjarane kom i tida etter år 825. Desse var hovudsakleg vikingar frå Noreg, i tillegg til skottar og irar.

For å oppretthalda lov og orden vart Alltinget skipa i år 900 etter mønster frå dei norske tinga på denne tida, som Frostatinget. Alltinget er med det noverande namnet sitt Lagtinget den eldste lovgjevande forsamlinga i verda, eldre enn det islandske Alltinget òg. Alltinget vart samla om sumaren på halvøya Tinganes ved Tórshavn. Den sentrale plasseringa til staden og øya Nólsoy som vernar staden mot dei verste stormane frå aust, var avgjerande for plasseringa åt tinget. Tingane til Alltinget vart leidde av ein lagmann. På alltingsmøta tok ein seg av sakene til landet, vedtok lover og mekla ved stridar og sameinte dimed både den utøvande, den lovgjevande og den dømande makta. At alle frie menn var like for lova, var eit viktig prinsipp.

Ein meiner at det var lokale ting i kvar av dei seks regionane: Suðuroy, Sandoy, Vágar, Streymoy, Eysturoy og Norðoyar.

Kristendomen blir innført[endre | endre wikiteksten]

I 999 går Sigmundur Brestisson til åtak. Han var ein vikinghovding som kom på kongebod for å kynna læra om Hvíta Krist, og med våpenmakt skal færøyingane verta tvinga til å gå over til kristendomen. Med 30 menn møtte hovdingen Tróndur i Gøta i LagtingetTinganes, men Tróndur og resten av færøyingane i forsamlinga avviser den nye læra, fordi dei såg på kristendomen som Sigmundur si orsaking for å ta makta over øyane. Sigmundur vel då ein annan metode i misjonsarbeidet sitt. Om natta siglar han med mannskapet sitt til Gøta og inn på Tróndur sin gard, der han heiv Tróndur ut av senga og gav han valet mellom å vedkjenna seg til den kristne trua eller å verta halshoggen.

Tróndur var pragmatisk og valde det fyrste, men ifylgje Færøyingesagaen svor Tróndur hemn i 1005, og samla seinare mennene sine i ein nattleg aksjon ved å åtaka Sigmundur på Skúvoy, der dei tok Sigmundur på senga. Sigmundur, fylgjesveinen hans og fetter Tóri Beinirsson sprang i havet saman med EinarSuðuroy. Symjeturen deira er legendarisk og mellom anna skildra i kvadet Sigmundarkvæði yngra (Det yngre kvedet om Sigmundur), som kvart einaste skulebarn på Færøyane kjenner.) Medan Tóri og Einar døydde på symjeturen, greidde Sigmundur å koma fram til SandvíkSuðuroy, der han vart drepen av bonden Torgrímur Illi, som var ein av mennene hans Tróndur.[2]

Færøyane vert norsk len[endre | endre wikiteksten]

Heilag-Olav oppmoda nokre viktige menn frå Færøyane, lagmann Gille, Tórolvur Sigmundsson og Leivur Øssursson, om å koma til Noreg for å verta hirdmennene hans i 1024. Men så lenge Tróndur i Gøta levde, klarte ikkje Heilag-Olav å få full kontroll over Færøyane. Etter at Tróndur i Gøta døyr i 1035 tek Leivur Øssurson Færøyane i len for den norske kongen Magnus den Gode same året. Dette markerer slutten på både vikingtida på Færøyane og på sjølvstendet til Færøyane. Færøyane vart eit norsk skattland fram til 1523 då det vart teke over av danskane.

Fårebrevet frå 1298

Færøyane bispedømme vart skipa i 1111 under erkebispen i Nidaros og med Kirkjubøur som sete. Her skreiv Biskop Erlendur i 1298 det eldste kjende dokumentet på Færøyane, Sauebrevet. Han byrja òg på Magnuskatedralen i Kirkjubøur, som i dag er ein kyrkjeruin.

Kong Sverre vart fødd i Kyrkjubøur på Færøyane i 1151. Han må ha vore spesielt evnerik, for biskop Roe på Færøyane sette han i prestelære. Som vaksen skal Sverre ha fått høyra av mor si at han var son av kong Sigurd Munn. Om dette stemde eller ikkje, er uvisst, i alle høve gav det legitimitet til eit meir storstilt prosjekt enn ein karriere i kyrkja. Sverre tok kontakt med den leiande opprørsflokken i landet, Birkebeinarane, som stod utan hovding etter at Øystein Møyla hadde falle i slaget på Re. Dei tok Sverre til hovding, og han viste seg snøgt som ein taktisk dyktig hærførar. I løpet av kort tid greidde han å få seg sjølv hylla som konge på Øyratinget, men det tok fleire år før kongsmakta var endeleg sikra.

1274 tredde den Yngre gulatingslova i kraft. Lagmannen, som til no hadde vore folkevald, vart frå no av kongeleg embetsmann. Alltinget vart omdanna til eit lagting, som berre hadde rett til å døma og ikkje utforma lover.

Færøyane vert mindre viktig for Noreg[endre | endre wikiteksten]

Håkon V Magnusson flytte hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Akershus festning i 1299 og retta dei utanrikspolitiske linene austover, noko som gjekk imot den tidlegare utanrikspolitiske retninga som kongemakta hadde fylgd, med sterk satsing på dei nordatlantiske områda i vest for å halda på og sikra Noregsveldet. Noreg miste kontakten vestover med dei engelske øyane, og endå viktigare, med Færøyane og Island.

Kalmarunionen[endre | endre wikiteksten]

I 1380 gjekk Noreg saman med koloniane sine, Færøyane, Orknøyane, Hjaltland, Island og Grønland, inn i ein union med Danmark. 17 år seinare, i 1397, vart Kalmarunionen danna, med Sverige òg. Kalmarunionen var ein personalunion der landa hadde sams konge. Samtidig var der eit norsk riksråd som ved kongevala frå 1380 til reformasjonen i 1536 i prinsippet kunne ha valt ein annan konge enn den ein hadde i Danmark. Etter reformasjonen vart det norske riksrådet nedlagt og Noreg og koloniane til landet lagt under Danmark.

Reformasjon og monopolhandel[endre | endre wikiteksten]

Reformasjonen kom til Færøyane i 1538, to år etter Danmark. Øyane vart eit prosti under biskopen i Bergen. Kongen overtok 2/3 av jorda. Bispesetet og prestestolen i Kyrkjubøur vart nedlagde, og i 1547 vart latinskolen skipa. Byrjinga av reformasjonen markerer starten på perioden til det danske språket, då dansk vart innført som kyrkje- og amtsspråk. Perioden varte til midten av 1800-talet.

I 1579 fekk den færøyske sjøhelten Magnus Heinason handelsmonopol på all handel til og frå Færøyane og han oppførte festinga Skansin i Tórshavn som eit vern mot sjørøvarar. Magnus Heinason miste handelsmonopolet etter fire år, etter skuldingar om svindel og dårlege varer. 18. januar 1589 vart Heinason dømd til døden ved avretting for sjørøveri i København til føremon for Nederland, men vart etter døden sin frifunnen for skuldingane.

København overtok handelsmonopolet frå Bergen i 1619, og i 1620 kom den færøyske kyrkja under biskopen på Sjælland.

Tjeld (Tjaldur på færøysk) vart nasjonalfuglen åt øyane etter at Nólsoyar Páll dikta "Fuglakvæði". Sidan 1943 har Tjeldens dag vorten feira 12. mars, etter initiativ frå S. Patursson. (Færøysk frimerke frå 1977).

Gabeltida er omtala som den mørkaste perioden i historia åt Færøyane. Ho vara frå 1655, då Christoffer Gabel vart lensherre på Færøyane, til 1709 då sonen Frederik Gabel døydde. I 1662 fekk Gabel òg handelsmonopolet og Færøyane vart nærmast styrt som ein privat koloni.

Presten Lucas Debes var ein av dei største motstandarane til Gabel, og han reiste med ein færøysk delegasjon til København i 1673, der han fortalde kongen om Gabels vilkår. Då ein kongeleg kommisjon kom fram til Færøyane same året, vart Tinganes råka av ein brann der dei fleste handelsbygningane og dokumenta gjekk med. Nokon hevda på den tida at mennene til Gabel stod bak brannen.

I 1709 overtok den danske staten handelsmonopolet, eit monopol som vara til 1856.

Nólsoyar Páll var motstandar av handelsmonopolet og kjempa for frihandel og sjølvstende for Færøyane. Fuglakvæði hans er ei vise der tjelden symboliserer han sjølv, og dimed den frie færøyingen òg. I 1804 bygde han saman med Royndin Fríða Færøyane sitt fyrste sjølvåtte skip sidan Magnus Heinasons tid. Skipet hans kom godt med då Færøyane i 1807 var truga av hungersnaud under krigen mellom Danmark og England. Nólsoyar Páll sette inn skipet sitt for å skaffa korn til øyfolket. Han omkom i eit forlis vinteren 1808/1809 og er no nasjonal-helten åt Færøyane.

Del av Danmark etter Kielfreden[endre | endre wikiteksten]

Lagtingshuset (1906). I bakgrunnen det noverande danske riksombudsmannens hus

Ved Kielfreden i 1814 miste Danmark Noreg til Sverige, medan Færøyane, Island og Grønland vart att i det danske riket.

I 1816 vart det færøyske Lagtinget nedlagt etter ordre frå den danske kongen Fredrik VI etter å ha eksistert i 900 år. Færøyane vert eit dansk amt styrt av fire danske embetsmenn, og all færøysk innverknad på landets styring vert fjerna. Den dømmande funksjonen kom under sorenskrivaren, som einaste domar i alle rettssaker.

Færøyingane ynskte å få gjenoppretta Lagtinget, men dette vart avslege av Stænderforsamlinga i Roskilde i 1844 og 1846.

26. mars 1852 underskreiv Fredrik VII lova om gjenopprettinga av Lagtinget. Lagtinget skal fungera som eit amtsråd og fekk berre rådgjevande styremakt i færøyske saker. Det einaste Lagtinget fekk råderett over, var midlane til kyrkja. Lova om gjenopprettinga av Lagtinget kom i kraft to år seinare, i 1854, men det fyrste Lagtinget vart samla alt i 1852 etter lagtingsvalet den 30. juni.

Nasjonal vekking[endre | endre wikiteksten]

Frimerke med den opphavlege notisen i avisa om julemøtet i 1888
Flaggskandalen på Ólavsøkan 1930

Frå midten av 1800-talet auka det nasjonale medvitet gradvis på Færøyane, og eit uttrykk for det er arbeidet med å skapa eit færøysk skriftspråk. Ein færøysk skriftnormal vart kodifisert i 1846 av Venceslaus Ulricus Hammershaimb med tekstsamlinga "Færøiske Trylleformularer". Ein normativ færøysk grammatikk kom med "Færøsk Sproglære" i "Annaler for nordisk Oldkyndighed" i 1854, og den endelege skriftnormalen kom i samlinga "Færøsk anthologi" 1891. Hammershaimb valde ein normeringsmåte som likna mykje på den Ivar Aasen nytta for nynorsk: Han samla inn materiale frå ulike dialektar, samanlikna deretter dialektane med kvarandre, med norrønt og med andre nordiske språk, og konstruerte til slutt ei skriftnorm ut frå denne samanlikninga. Hammershaimb gjekk likevel meir etymologisk til verks enn Aasen. Jakob Jakobsen kom i 1889 med kritikk av Hammershaimbs rettskriving. Med Jakobsen som drivkraft vedtok Føringafelag i 1895 ei meir ortofon rettskriving, broyting, men den vekte motstand, særleg frå Jóannes Patursson, og utover på 1900-talet var det berre Jakobsen som nytta denne. Ei modifisert form av Hammershaimbs rettskriving vann fram.

Den organisatoriske utviklinga av færøysk nasjonalisme tok til i 1870-åra, då det voks fram eit færøysk studentmiljø i København, eit miljø som gjennom skipinga av Føroyingafelag i 1881 var med og danna oppfatninga åt fleire framståande personar i færøysk samfunnsliv.

Etter ei nasjonal vekking på Julemøtet i 1888 i Tórshavn vart laget Føringafelag skipa få veker seinare. Eitt av dei viktigaste tiltaka til Føringafelag var å gje ut den fyrste færøyskspråklege avisa, Føringatiðindi (1890–1990). I siste halvdelen av 1800-talet kom det i gang ungdomslag på Færøyane, etter grundtvigiansk mønster og med norske føredøme. Eitt ungdomslag, "Føringafelag", vart skipa av danskar på Suðuroy i 1870-åra, medan det fyrste ungdomslaget danna av færøyingar, "Sólarmagn", vart skipa i 1895. På 1920-talet vart det danna fleire ungdomslag utover bygdene.

Ein færøysk folkehøgskule, «Føroya Fólkaháskuli», vart oppretta i 1899, og kom til å verta ei høgborg for færøysk språk- og kulturarbeid.

Det færøyske sjølvstendepartiet Sjálvstýrisflokkurin vart skipa i 1906. Partiet vart skipa som ei motvekt til det liberale danskvenlege partiet Sambandsflokkurin, som ville oppretthalda den nuværende statsretslige stilling. Til å byrja med var hovudstriden mellom dei to partia den færøyske språkstriden. Striden vart tilspissa då den danske regjeringa, etter samråd med Sambandspartiet, i 1912 vedtok at undervisningsspråket i den færøyske grunnskolen skulle vera dansk. Det vedtaket vart oppheva i 1938.

For å markera ynsket om færøysk sjølvstende vart snora til Dannebrog kutta under ei høgtidleg opning av Lagtinget under Ólavsøkan i 1930, og det uoffisielle færøyske flagget heist. Den høgaste danske embetsmann på Færøyane, amtmann Hjalmar Ringberg, forlét staden i protest. Episoden vert i dag omtalt som Flaggskandalen.

Britisk okkupasjon under den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Den strategiske plasseringa åt Færøyane i Nord-Atlanterhavet gjorde at statsministeren i Storbritannia, Winston Churchill, 11. april 1940 i ein radiotale på BBC kunngjorde at dei ville senda to destroyarar til Tórshavn for å okkupera Færøyane 12. april 1940, tre dagar etter at Tyskland okkuperte Danmark. Churchill hadde fått forsikringar frå færøysk hald at britiske soldatar var velkomne.

Øyane som tidlegare var avhengige av økonomiske overføringar frå Danmark, var no heilt avhengige av Storbritannia. Britane erobra stillingar på strategisk viktige stader. Sund og fjordar vart minelagde, og på Vágar bygde britiske ingeniørsoldatar ein militær flybase.

8 000 britiske soldatar var stasjonerte på Færøyane, som den gongen hadde 30 000 innbyggjarar.

Sjølvstenderørsla hadde stor framgang ved valet i 1943, men britane tillét inga endring i tilhøva øyane hadde til Danmark, før Danmark var eit fritt land.

Forfatningskrise og indre sjølvstyre[endre | endre wikiteksten]

Kong Kristian X oppløyste det færøyske lagtinget etter at det vart fleirtal for lausriving frå Danmark

Etter den andre verdskrigen ville ikkje Færøyane attende til sin gamle status som eit dansk amt. Den danske regjeringa inviterer ein færøysk lagtingsdelegasjon til København i 1946 for å tinga om den framtidige styreforma åt Færøyane. Lagtingsdelegasjonen og den danske regjeringa vart ikkje samde, og ein avgjorde i fellesskap å halda ei folkerøysting 14. september 1946. Valet stod mellom vilkåra til den danske delegasjonen eller lausriving. Det vart fleirtal for sjølvstende (5 656 for og 5 490 mot). Fire dagar seinare, 18. september utropar lagmann Thorstein Petersen Færøyane som ein sjølvstendig nasjon. Opposisjonen hevdar at avgjerda er grunnlovstridig og får støtte frå den danske regjeringa. Den danske kongen, Kristian X av Danmark, oppløyser det færøyske lagtinget 23. september med støtte frå alle partia i Folketinget og presiserer at Danmark berre kan godta færøysk sjølvstende ved innbyrdes tinging. Det vert skrive ut nyval og dei partia som framleis ynskjer å vera ein del av det danske riket får eit fleirtal på fire mandat. Den nye lagmannen Jacob Øregård kjem med hyllinga Leve kongen, for Færøyane, for Danmark, noko som aldri før har skjedd i lagtinget.

Etter nye tingingar vart det i 1948 vedteke ei lov om indre sjølvstyre. Færøysk vart godkjent som offisielt språk, Færøyane fekk eigne pengesetlar, færøysk krone og embetet som lagmann (løgmaður, statsminister på Færøyane) vart innført att.

Forsvars- og utanrikssaker er ikkje omfatta av det indre sjølvstyret, men i Fámjinserklæringa frå 29. mars 2005 vert det opna for auka færøysk innverknad på utanriks- og tryggleikspolitikken åt øyane.

Opprøret i Klaksvík[endre | endre wikiteksten]

Innseglinga til Klaksvík hamn vart minelagd av innbyggjarane i byen under opprøret

I 1955 gjorde innbyggarane i Klaksvík opprør etter at dei danske styresmaktene hadde avgjort å fjerna dei danske lækjarane frå det lokale sjukehuset og byta desse ut med personell frå Færøyane. For å dempa uroa vart 100–200 politifolk sende til byen, med det resultatet at innbyggjarane minela innseglinga til hamna. Før det kom til konfrontasjon, vart det inngått eit politisk forlik.

Lækjarsaka var den utløysande faktoren for opprøret, men den underliggjande årsaka var spørsmålet om sjølvstendet åt Færøyane.

Leiting etter olje[endre | endre wikiteksten]

I perioden 2006 - 2008 vil det verta utført fem leiteboringar etter olje i færøysk sektor. Tidlegare funn har ikkje vore drivverdige

Færøyane har utsikter til store førekomstar av olje og gass, sidan både Noreg og Storbritannia har store funn i Nordsjøen. Oljeselskapa har sidan 1990-talet vurdert utsiktene for å finna olje på færøysk sokkel og i 2000 fekk norske Statoil som eit av tolv oljeselskap tildelt til saman sju leiteløyve. Området dekkjer 14 000 km² søraust for Færøyane, eit område som ligg 100 km nord for eit britisk felt i nærleiken av Shetland, der det vart funne drivverdige olje- og gassfelt tidleg på 1990-talet.

Området på den færøyske sida er teknisk utfordrande sidan store delar av sokkelen er dekte av eit tjukt hardt lag med lava. Havbotnen ligg 1000 meter under havet og det vert bora ytterlegare 3000 meter ned i havgrunnen.

Den fyrste lisensrunden tilførte 1,6 milliardar kroner til det færøyske samfunnet, mykje av årsaka til dette er at oljeselskapa er forplikta til å bruka færøysk arbeidskraft i dei tilfella det er råd. I løpet av den fyrste fireårperioden etter tildelinga av leitelisensane har det vorte bora i fire av sju leiteløyve, men ingen av funna i denne runden har vist seg å vera drivverdige. Det amerikanske oljeselskapet Amerada Hess fann store mengder olje i 2004, men det er førebels (mai 2005) uklårt om feltet er drivverdig. ChevronTexaco har saman med mellom anna Statoil gjort store olje- og gassfunn mellom Færøyane og Shetland, men det skal ytterlegare undersøkingar til før ein veit kor mykje olje og gass feltet inneheld og om feltet er drivverdig.

I 2005 sende Statoil tre nye leitefartøy til området, etter at Lagtinget tildelte selskapet fire av totalt sju nye leiteløyve.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Færøyane ligg på 62 grader nord, sju grader vest i Nord-Atlanterhavet. Øyane ligg nord for Hebridane, nordvest for Shetland, vest for Noreg og søraust for Island.

Øygruppa er med sine 18 øyar og 11 holmar, frå Kapp EnnibergViðoy i nord til Sumbiarsteinur sør for Suðuroy, 118 km lang. Kystlina er på 1117 km. Særleg vestkysten er markant med dei høge, loddrette fuglefjella. Den gjennomsnittlege fjellhøgda er 300 m over havet. Slættaratindur (882 m) er det høgaste fjellet. Kapp EnnibergViðoy (754 m) er ei av dei høgaste berga i Europa.

Den lengste avstanden til kysten er fem km. Dei fleste busetnadene ligg verna på austkysten ved ei bukt eller ein fjord, unnateke Fámjin og Sumba, som er verna av vestlege skjer.

Øyane[endre | endre wikiteksten]

Berre Lítla Dímun er ikkje busett
Kart over Færøyane med namn på alle øyar, sund, fjordar og hamner

Færøyane har 18 øyar:

  • Borðoy. Den største av dei nordlege øyane (Norðuroyar), og arealet er ca. 95 km². Her ligg den nest største tettstaden på Færøyane, Klaksvík, som har ca. 5000 innbyggjarar. Utanom Klaksvik er det sju andre tettstader på denne øya; Norðyri, Anir, Árnafjørður, Strond, Norðtoftir, Depil og Norðdepil.
  • Eysturoy. Den nest største øya, og arealet er ca. 286,3 km². 10 586 innbyggjarar (2002). Tettstader: Fuglafjørður i nord og området med kommunane Runavík og Nes
  • Fugloy. Ei av dei seks Nordøyane, og arealet er ca. 11,2 km². 38 innbyggjarar (2022)
  • Hestur. Hesturs areal er 6,1 km², og det bur 43 innbyggjarar på øya (2002).
  • Kalsoy. Ei av dei seks Nordøyane, og eit areal på ca. 30,9 km². 147 innbyggjarar (2002).
  • Koltur. Areal på 2,5 km² og 2 innbyggjarar (2002)
  • Kunoy. Ei av dei seks Nordøyane, og eit areal på 35,5 km². 144 innbyggjarar (2022).
  • Lítla Dímun. Den minste av øyane på Færøyane med eit areal på mindre enn 1 km². Øya er den einaste som ikkje er busett.
  • Mykines. Den vestlegaste øya. Areal på 10,3 km² og 11 fastbuande innbyggjarar (2004)
  • Nólsoy. Areal på 10,3 km² og 230 innbyggjarar (2022)
  • Sandoy. Den femte største øya. Areal på 112,1 km² og 1393 innbyggjarar (2002)
  • Skúvoy. Areal på 10 km² og 31 innbyggjarar (2022)
  • Stóra Dímun. Areal på 2,5 km² og 10 innbyggjarar (2022)
  • Streymoy. Hovudøya på Færøyane med eit areal på 373,5 km², og 21 500 innbyggjarar. Hovudstaden Tórshavn og tettstaden Vestmanna ligg på øya.
  • Suðuroy. Den sørlegaste øya på Færøyane. Øya har eit areal på 163,7 km² og ein folkesetnad på 5041 (2004).
  • Svínoy. Ei av dei seks Nordøyane. Areal på 27,1 km² og 73 innbyggjarar (2004)
  • Vágar. Den tredje største øya. Areal på 177,6 km² og 2782 innbyggjarar (2002)
  • Viðoy. Den nest største av dei seks Nordøyane. Areal på 41 km² og 617 innbyggjarar.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Det er 13 892 innbyggjarar i hovudstaden, TórshavnStreymoy. I heile Tórshavn kommune er det 22 900 innbyggjarar. Det bur 5 005 i den nest største byen, KlaksvíkBorðoy.[3]

Liste over dei fem største byane / tettstadene (januar 2013):

Rangering Namn Kommune Innbyggarar
1 Tórshavn Tórshavnar 12 240
2 Klaksvík Klaksvíkar 4 580
3 Hoyvík Tórshavnar 3 732
4 Argir Tórshavnar 1 996
5 Fuglafjørður Fuglafjarðar 1 502

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ville landpattedyr Øy
Rotte Borðoy, Eysturoy, Kunoy, Streymoy, Suðuroy, Vágar, Viðoy
Mus Fugloy, Hestur, Mykines, Nólsoy, Sandoy, Streymoy
Hare Borðoy, Eysturoy, Fugloy, Kalsoy, Kunoy, Sandoy, Skúvoy, Streymoy, Suðuroy, Svínoy, Vágar, Viðoy

Kilde - Bloch og Fuglø: Villini súgdjór í Útnorðri ISBN 99918-0-189-8

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Færøyane er inndelte i 29 kommunar, med om lag 120 byar og tettstader. Tradisjonelt er Færøyane òg inndelte i seks regionar (syslár), Norðoyar (KG), Eysturoy (FD), Streymoy (TN), Vágar (VA), Sandoy (SA) og Suðuroy (TG). I dag vert regionane berre brukte som inndeling for politiet, mest synleg i kjenneiteikn for skip, men er framleis vidt omtalte som regionane til øyane. Under vikingtida hadde kvar region sitt eige ting.

Nasjonaldagen er den 29. juli (Olsok), og det er ein utstrekt Olavs-kultus på øyane.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Tinganes

Sidan 1948 har Færøyane hatt sjølvstyre på alle område, bortsett frå forsvars- og utanrikstilhøve. Færøyane er dimed ikkje noko biland. Færøyanes parlament er Lagtinget som har minst 27 og mest 32 medlemer som er valde for fire år.

Færøyane er ikkje medlem av EU, og ein egen tilleggsartikkel i Roma-traktaten slår fast at danske statsborgarar busette på Færøyane ikkje skal sjåst som danske statsborgarar. Det vil seia at danske statsborgarar busette på Færøyane ikkje er EU-statsborgarar, mens andre EU-nasjonars statsborgarar som bur på øyane må sjåst på som EU-statsborgarar. Færøyane er ein del av Schengenområdet.

Seks politiske parti er representerte i Lagtinget (bokstavane foran kvart parti er den bokstaven dei blir referert til med på røystesetelen):

Parti Tingrepresentantar % á vali
A. Fólkaflokkurin 7 20,6
B. Sambandsflokkurin 7 23,7
C. Javnaðarflokkurin 7 21,8
D. Sjálvstýrisflokkurin 1 4,6
E. Tjóðveldisflokkurin 8 21,7
H. Miðflokkurin 2 5,2
Til saman 32 97,6

Ved sidan av motsetnaden mellom høgre- og venstresida har færøysk politikk dreidd seg mykje om spørsmål knytte til tilhøvet til Danmark, graden av sjølvstyre og takta i utviklinga av eventuelt utvida sjølvstyre.

Flagg[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste, originale flagget ("Merkið") heng nå i Fámjin kyrkje

Flagget til Færøyane (Merkið) er eit nordisk korsflagg, fyrst presentert 22. juni 1919 og i offisiell bruk sidan 1940. Merkið vart laga av tre færøyske studentar i København våren 1919: Jens Olivur Lisberg, Janus Øssursson og Pauli Dahl. Det kom til Færøyane i juni same året, og vart fyrst heist i bygda Famjin 22. juni 1919. Til Olsok i 1930 vart flagget teke i bruk ved eit offisielt høve, og frå 1931 kom flagget i vanleg bruk, men framleis uoffisielt. Bruken var ei kjelde til usemje mellom danske og færøyske styresmakter gjennom 1930-talet. Då Danmark vart okkupert av tyske styrkar i april 1940, tok britiske styrkar kontroll over Færøyane. Det vart då naudsynt å etablera ein flaggskikk som skilde skip frå britisk-kontrollerte område frå danske/tyske-kontrollerte skip. 25. april 1940 godkjende Storbritannia Merkið som flagget åt Færøyane. Sidan 1947 har 25. april vore nasjonal høgtidsdag til minne om flagget.

Med Heimestyrelova av 23. mars 1948 vart flagget godteke som offisielt flagg for Færøyane.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga i folketalet på Færøyane frå 1961 til 2003

Færøyane har 53 941 innbyggjarar per 10. juni 2022[3], av desse bur 20 000 i hovudstaden Tórshavn og 5 000 i Klaksvík.

98 prosent av innbyggjarane er riksborgarar, det vil seia frå anten Færøyane, Grønland eller Danmark. Islendingar (0,4 %) utgjer den største gruppa av utlendingar, fylgd av nordmenn og polakkar med 0,2 prosent kvar. Ved utløpet av 2003 budde det menneske frå 77 ulike statar på Færøyane.[4]

Norske vikingar var den fyrste store folkegruppa som flytte til Færøyane, og etter nokre hundre år var folketalet kome opp i 4 000. Omkring 1349-1350 vart folketalet halvert på grunn av svartedauden. Seinare innvandring frå Shetland, Orknøyane og Noreg gjorde at folketalet stabiliserte seg på ca. 5 000 innbyggjarar.

Etter at ein starta med havfiske, vart ein mindre avhengig av landbruket og av kystfisket, i tillegg vart det ei betring av helsetilstanden til befolkninga. Dette førte til at folketalet vart tidobla i løpet av 200 år frå 1700-talet.

På slutten av 1980-talet vart Færøyane råka av ei økonomisk krise med høg arbeidsløyse. Dette førte til at ti prosent av folkesetnaden utvandra, halvparten til Danmark. Krisa var over i 1995 og mange av dei som hadde utvandra har i ettertid flytt attende.

Utviklinga i folketalet[endre | endre wikiteksten]

År Innbyggarar År Innbyggarar År Innbyggarar
1327 ca. 4 000 1880 11 220 1995 43 358
1350 ca. 2 000 1900 15 230 1996 43 784
1769 4 773 1911 ca. 18 800 1997 44 262
1801 5 255 1925 22 835 1998 44 817
1834 6 928 1950 31 781 1999 45 409
1840 7 314 1970 ca. 38 000 2000 46 196
1845 7 782 1975 40 441 2001 46 996
1850 8 137 1985 45 749 2002 47 704
1855 8 651 1989 47 787 2003 48 214

Religion[endre | endre wikiteksten]

Tórshavn domkyrkje

Frå om lag år 625 meiner ein at keltiske munkar var dei fyrste fastbuande menneska på Færøyane. Mytene fortel at dei vart fordrivne av dei heidenske vikingane frå Noreg, som meir eller mindre friviljug vart kristna av vikinghovdingen Sigmundur Brestisson. Færøyane var fram til reformasjonen underlagde biskopen i Nidaros.

Nesten alle færøyingar er kristne. 80 % høyrer til den evangeliske-lutherske folkekyrkja.[5] Om lag 7 % høyrer til Brødrekyrkjelyden, som oppstod i 1900, inspirert av den skotske vekkingspredikanten William Gibson Sloan. 5 % høyrer til andre kyrkjelege retningar som Pinserørsla og Sjuandedagsadventistane, (som òg driv ein større privatskule i Tórshavn). Den katolske kyrkjelyden i Tórshavn har 70 medlemer. Kyrkjelyden driv òg ein større barnehage med mellom anna nonner frå fransiskanerordenen som pedagogar. Det finst dessutan ei lita gruppe som vedkjenner seg til religionen Bahai. Kulturen på Færøyane er, sett med norske augo, prega av ei nokså pietistisk kristendomsforståing.

Av kjende kyrkjer kan ein nemna Olavskyrkja og kyrkjeruinen Magnuskatedralen i Kirkjubøur, Tórshavn domkyrkje, St. Mariekyrkja i Tórshavn (katolsk), Christianskyrkja i Klaksvík og ved sidan av dei gamle færøyske trekyrkjene frå 1800-talet, bygdekyrkjene i Vágur, Fámjin, Gøtugjógv og Toftir.

I 1948 vart Bibelen omsett til færøysk av Victor Danielsen frå brødrekyrkjelyden og i 1961 av Jákup Dahl og Kristian Osvald Viderø (Folkekyrkja).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Trålarar i Sandur på Sandoy

Færøyane var fram til byrjinga av 1900-talet eit landbrukssamfunn, basert på saueavl, kystfiske og fuglefangst. I 1845 var 68 % av dei yrkesaktive sysselsette i landbruket.

Dette har no endra seg, og Færøyane er i dag ein fiskerinasjon med ein moderne flåte av trålarar og fiskeforedlingsindustri. Eksporten frå fiskerisektoren utgjer 98 % av den totale eksporten. Bindinga til fiskerinæringa er ikkje uproblematisk, fordi økonomien er sårbar for svingingar i fangst og prisar. Overfisking og innskrenkingar i kvoter er på sikt eit trugsmål mot samfunnet. Omsynet til fiskerinæringa vog tungt då Færøyane valde å stå utanfor EU, og dimed ikkje vera underlagde den felles fiskeripolitikken til EU. Færøyane har eit tett samarbeid med Island i fiskerirelaterte spørsmål.

Færøyingane håpar at olje i framtida vil verta ein viktig industri. Åtte oljeselskap, inkludert det norske oljeselskapet Statoil, er tildelte leitelisensar i færøysk farvatn og vil byrja leiting våren 2006. Til saman vil det i perioden fram til 2008 verta utført ti boreforsøk i området, fem på færøysk side og fem på britisk side. Tidlegare leiteboringar har ikkje gjeve drivverdige funn.

Tradisjonell småkvalfangst[endre | endre wikiteksten]

Den særeigne færøyske tradisjonen med grindadráp representerer eit langvarig samvirke i bygdene si utnytting av sjøbaserte næringsressursar, og ein går ut frå at kjøtet frå grindkvalane som vert drepne på denne måten, utgjer 25 % av kjøtforbruket på øyane.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Hammershaimb var ein av pionerane bak utviklinga av det færøyske skriftspråket

Færøysk er språket som vert mest brukt i daglegtale på Færøyane. Færøysk er ein del av den vestnordiske språkfamilien, som omfattar islandsk, færøysk, det utdøydde språket norn og til dels norsk. Den norrøne språkfamilien høyrer til den germanske gruppa av dei indoeuropeiske språka.

Som islandsk har færøysk utvikla seg frå dei gamalnorske dialektane som nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg.

Færøysk vert snakka av 80 000 menneske, i fyrste rekkje på Færøyane, der det har vore offisielt språk sidan 1937.

Færøysk er, saman med islandsk og nokre norske målføre, det einaste nordiske målet, som enno har dei fire germanske kasusa: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. Genitiv vert i moderne færøysk for det meste berre brukt i faste uttrykk.

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

  • 625 – Irske munkar busette seg på Færøyane
  • 825 – Norske vikingar, samt skottar og irar busette seg på øyane
  • 900 – Det færøyske alltinget vart skipa for å oppretthalda lov og orden. (Seinare kjent som Lagtinget)
  • 999 – Kristendomen vart innført på Færøyane av Sigmundur Brestisson
  • 1035 – Leivur Øssursson gjorde Færøyane til eit norsk len
  • 1111 – Bispedømet Færøyane vart oppretta og underlagt Nidaros erkebispedømme
  • 1151 – Kong Sverre vart fødd i Kirkjubøur
  • 1274 – Den yngre Gulatingslova tredde i kraft. Lagmannen, som til då hadde vore folkevalt, vart frå då av kongeleg embetsmann. Alltinget vart omdanna til eit Lagting, som berre hadde rett til å døma og ikkje utforma lover.
  • 1380 – Noreg, og dimed Færøyane òg, vart underlagde dansk herredøme
  • 1469 – Kristian I pantsette Orknøyane og Shetland som medgift for dotter si, men heldt Færøyane utanfor
  • 1524 – Kristian II var i pengeknipe og prøver å låna pengar av Henrik VIII av England mot Færøyane og Island som pant. Henrik VIII avslo tilbodet
  • 1536 – Borgerkrigen i Danmark vart avslutta, men hadde kosta Kristian III mykje og han var dimed komen i pengeknipe. Han prøvde å låna 100 000 pund hjå Henrik VIII, mot Færøyane og Island i pant. Henrik VII avslo for andre gong tilbodet
  • 1538 – Reformasjonen kom til Færøyane, som vart eit prosti under biskopen i Bergen
  • 1547 – Latinskulen vart skipa
  • 1579 – Den færøyske sjøhelten Magnus Heinason fekk handelsmonopol på all handel til og frå Færøyane
  • 1573 – Magnus Heinason miste handelsmonopolet etter skuldingar om svindel og dårlege varer
  • 1589 – Magnus Heinason vart dømd til døden ved avretting for sjørøveri i København til føremon for Nederland.
  • 1619 – København overtok handelsmonopolet frå Bergen
  • 1620 – Færøyane vart underlagde biskopen på Sjælland
  • 1687 – Den nye norske lova vart innført på Færøyane
  • 1814 – Færøyane vart verande ein del av Danmark når Noreg går ut av unionen med Danmark og over til ein union med Sverige
  • 1816 – Det færøyske lagtinget vart nedlagt, og Færøyane vart eit dansk amt
  • 1848 – Færøyane vart 24. november underlagde innanriksministeriet sitt islandske departement
  • 1850 – Den danske grunnlova frå 1849 vart gjeldande på Færøyane
  • 1888 – Julemøtet i 1888 vart starten på ei nasjonal vekking
  • 1906 – Stiftinga av dei to fyrste politiske partia på Færøyane, Sambandsflokkurin og Sjálvstýrisflokkurin
  • 1938 – Færøysk tok over for dansk som undervisningsspråk i skulane
  • 1940 – Storbritannia okkuperte Færøyane 12. april, medan Danmark er okkupert av Tyskland. Flagget åt Færøyane (Merkið) vart teke i bruk.
  • 1943 – Lagtinget vedtok at færøyingane skal få færøyske pass, at berre færøysk kan brukast som retts- og lovspråk, og at berre det færøyske flagget skal vaia ved Tinghuset.
  • 1946 – Fleirtal for lausriving (5656 for, 5490 mot) frå Danmark i ein folkerøysting. Den danske kongen løyser opp lagtinget
  • 1948 – Ei heimestyrelov vart vedteken for Færøyane, der Færøyane vart eit Selvstyrende Folkesamfund i Det Danske Rige
  • 1951 – Danmarks Nationalbank trykte færøyske pengesetlar med same verdi som dei danske
  • 1955 – Klaksvíkopprøret
  • 1957 – 6. februar starta Færøyane radio (Útvarp Føroya) med sine fyrste regelbundne sendingar
  • 1973 – Danmark og Grønland vart medlem av EF - medan Færøyane står utanfor
  • 1975 – Utgiving av dei fyrste færøyske frimerka
  • 1989 – Økonomisk krise. Bruttonasjonalproduktet fell med ein tredel
  • 1989 – Frihandelsavtale med EF.
  • 1990 – Kongsboka kjem attende frå Sverige. Ho inneheld mellom anna fårebrevet frå 1298.
  • 1992 – Den restriktive alkohollova frå 1928 vart moderert. Det vert råd å få kjøpt øl, vin og sprit utan rasjoneringskort.
  • 1999 – Danmark og Færøyane inngjekk ei avtale med Storbritannia om havgrensene
  • 2000 – Færøyane tildelte dei fyrste leiteløyva etter olje og gass. Statoil fekk som eit av tolv oljeselskap tildelt til saman sju leiteløyve

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fólkatalið nærkast 54.000, kvf.fo, 10. juni 2022.
  2. «Færøingernes saga – heimskringla.no», www.heimskringla.no, henta 5. juli 2022 
  3. 3,0 3,1 «Fólkatalið nærkast 54.000», Kringvarp Føroya (på færøysk), henta 5. juli 2022 
  4. (ISBN 99918-0-383-1 Statistical Yearbook 2004 tabell 2.30)
  5. Parishes (2000-2017) Statistics Faroe Islands

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Reisehandbøker[endre | endre wikiteksten]

Diverse[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Liv Kjorsvik Schei. The Faroe Isles. ISBN 1-84158-242-5
  • (en) James Miller. The North Atlantic Front. ISBN 1-84341-011-7
  • (en) Tom Nauerby. No Nation Is an Island. ISBN 87-983424-5-2
  • (en) Elisabeth Vestergaard. Fishing Communities. ISBN 87-983424-3-6
  • Stove, Stein. «Færøyane i norsk litteratur : en bibliografi til belysning av Færøyenes historie : norske bøker og tidsskriftartiklar om Færøyane og færøyske emner : færøysk dikting oversatt til norsk : Færøyene som tema i norsk dikting». s 129-153. I: Færøyane - frendeland i vest. Oslo, Norsk-færøysk lag, 1981

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Færøyane

Offisielle sider[endre | endre wikiteksten]

Færøyske aviser[endre | endre wikiteksten]

Diverse[endre | endre wikiteksten]