Anna av Brandenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Detalj frå kenotafen av hertugparet Anna av Brandenburg og Fredrik I i Bordesholm klosterkyrkje med Anna nærmast.
Foto: Digital cat

Anna av Brandenburg (fødd 27. august 1487 på Berlin, død 3. mai 1514 i Kiel) var fyste kona til Fredrik av Schleswig-Holstein-Gottorp, den seinare dansk-norske kongen Fredrik I.[1] Ho var dotter av kurfyrst Johan I av Brandenburg og Margrethe av Sachsen.

Ekteskapet vart inngått i Stendal 10. april 1502.[2]Dei var i så nær slekt at dei måtte få paveleg dispensasjon for å inngå ekteskap.[1]

Anna og Fredrik fekk to born; Kristian i 1503 og Dorothea i 1504. Kristian vart seinare konge under namnet Kristian III og Dorothea blei gift med Albrecht av Preussen.

Anna vert ofte omtala som dronning av Danmark-Noreg, men Fredrik blei konge i 1523, ni år etter ho døydde. Ho blei gravlagd i klosterkyrkja i Bordesholm ved Husum. Det kjende Bordesholmaltaret av Hans Brüggemann vart tinga av Fredrik I som gravmæle for Anna. Frå 1666 har det vore i Schleswig domkyrkje, kor Fredrik I blei gravlagd i 1533.

Fredrik fekk òg tinga eit mausoleum i Bordesholm klosterkyrkje kor hans og hennes skikkelser ligg støypt i bronse.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Anna af Brandenborg frå Dansk biografisk leksikon
  2. Frederik 1 frå Norsk biografisk leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anna av Brandenburg