Kiel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kiel
KielerStadtzentrumLuftaufnahme.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Kiel
Kiel is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Schleswig-Holstein
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1233
Geografi
Flatevidd
 - By

118,6 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

233 340
  1 959/km²
Koordinatar 54°19′31″N 10°8′26″EKoordinatar: 54°19′31″N 10°8′26″E
Høgd over havet 5 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 24103–24159
Telefon-retningsnummer 0431
Bilnummer KI
Heimeside: www.kiel.de

Kiel er ein by nord i Tyskland i delstaten Schleswig-Holstein med om lag 235 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Kielbukta, i enden av Kielerfjorden, og har vore ein av landet sine største marinebasar ved Austersjøen sidan 1860-åra. Kiel har eit skipsverft og er Kielkanalen startar her. Eit kjend universitet, Universitet i Kiel, oppretta i 1665 ligg i Kiel.

Kiel er kjend for seglregattaene som vert halde her, mellom anna Kieler Woche (Kielveka), ein av dei største regattaene i verda. I 1936 og 1972, då OL vart halde i Berlin og München vart seglkonkurransane arrangert ved Kiel.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kiel er ei viktig naturleg hamn ved Austersjøen og ligg på begge sider av Kielerfjorden. Gjennom Kiel går vasskilje mellom Nordsjøen og Austersjøen, og elvane Schwentine, som munnar ut i Kielerfjorden, og Eider, som munnar ut i Nordsjøen, renn gjennom byområdet. Dessutan endar Nord-Ostsee-Kanalen (Kielkanalen) i bydelen Holtenau. Området er prega av morener som dannar Holsteinsk Sveits aust for byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kielfjorden var busett av normannarar og vikingar. Kiel vart grunnlagd i 1233 som Holstenstadt tom Kyle av grev Adolf IV, og fekk byrettar i 1242 av Adolf sin eldste son John I av Schauenburg.[1]

Kiel, hovudstaden i Holstein, vart eit medlem av Hansaen frå 1284 fram til han vart kasta ut i 1518 etter å ha gjeve hamn til sjørøvarar. I 1431 vart den første Kieler Umschlag (handelsmesse) halde, som vart eit sentralt varemarknad i Schleswig-Holstein før han vart mindre viktig frå 1850-åra. Siste gong messa vart halde var i 1900. Universitetet i Kiel vart grunnlagd 29. september 1665 av Kristian Albert, Hertug av Holstein-Gottorf. Fleire viktige vitskapsmenn, som Theodor Mommsen og Max Planck, studerte eller underviste her.

Frå 1773 til 1864 høyrte byen til kongen av Danmark. Men sidan kongen regjerte over Holstein som eit len i Det tysk-romerske riket gjennom ein personalunion, vart ikkje byen ein del av sjølve Danmark. Sjølv om riket vart oppløyst i 1806 styrte den danske kongen framleis Kiel gjennom stillinga si som Hertug av Holstein. Då Schleswig og Holstein gjorde opprør mot Danmark i 1848 (den første Schleswigkrigen) vart Kiel hovudstad i Schleswig-Holstein fram til danskane vann i 1852.

Under den andre Schleswigkrigen i 1864 vart Schleswig og Holstein erobra av ein allianse mellom Keisardømet Austerrike og Preussen. Etter krigen vart Kiel ei kort tid styrt av både austerrikarar og prøyssarar, men den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 førte til at Kiel vart annektert av Preussen i 1867. 24. mars 1865 flytta kong Vilhelm den prøyssiske marinebasen i Austersjøen frå Gdansk til Kiel.

Hamna i Kiel

Då Vilhelm I av Prøyssen vart Keisar Vilhelm I av Tyskland i 1871 utpeikte han Kiel og Wilhelmshaven som Reichskrieghafen, eller «Rikskrigshamn». Som den største marinebasen i Tyskland auka folketalet i Kiel kraftig dei neste åra, frå 18 770 i 1864 til om lag 200 000 i 1910. Mykje av det gamle bysentrumet og andre omliggjande område vart jamna med jorda og bygd opp att for å tilpasse den veksande byen. Kiel var åstad opprøret til sjømennene, som utløyste den tyske revolusjonen seint i 1918.

Kiel hadde fleire arbeidsleiarar som gav slavearbeidarar til den lokale industrien under den andre verdskrigen. Sidan han var ei viktig marinehamn og produserte ubåtar vart Kiel kraftig bombardert av dei allierte under krigen, og det er estimert at 80 % av gamlebyen, 72 % av bustadområda og 83 % av industriområda vart øydelagd. Byen vart bygd opp att etter krigen, men ikkje slik han såg ut før krigen. Kiel var mindre omhyggeleg rekonstruert enn andre byar i Schleswig-Holstein som Lübeck, Flensburg eller Schleswig.

I 1946 vart Kiel sete for styret i Schleswig-Holstein, og vart offisielt delstatshovudstad i 1972. Kieler Umschlag vart oppretta igjen som ei årleg hending frå 1975. Det er i dag ein festival med musikk, mat, historiske kostymer, spesiallaga brød og eit bryllaup kalla Umschlagshochzeit der alle unge bruder og brudgomar kan delta.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling

I 1885 hadde Kiel meir enn 50 000 innbyggere. I 1900 nådde byen 100 000, og Kiel vart ein storby. Fram til 1910 vart talet meir enn dobla til 211 000. Høgdepunkt var i desember 1942 med 306 000. I 2007 budde 233 340 menneske i Kiel

Religion[endre | endre wikiteksten]

Kristne[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg høyrte Kiel til erkebispedømet Bremen og bispedømet Schleswig. I 1526 vart reformasjonen innført. Etterpå vart Kiel hovudsakleg protestantisk og høyrte til den Evangelisch-Lutherische Landeskirche Schleswig-Holstein som i 1977 vart del av Nordelbische Evangelisch-Lutherische Kirche.

I tillegg finn ein i byen den Selbständige Evangelisch-Lutherische Kirche, den Dansk Kirke i Sydslesvig, den Evangelisch-Freikirchliche Gemeinde, den Evangelisch-methodistische Kirche, den Freie evangelische Gemeinde, den Pfingstkirche, den Apostolische Gemeinschaft og adventistane.

Etter at katolikkar kom til byen på 1800-talet vart den den første katolske kyrkja etter reformasjonen bygd i 1891. Kiel har høyrt til erkebispedømet Hamburg sidan det vart grunnlagd i 1993.

I tillegg finn ein i byen Den nyapostoliske kyrkja, dei Siste dagars heilage (mormonar) og Kristensamfunnet.

I dag er folkesetnaden om lag 48 % protestantisk og 7 % katolsk.

Jødar[endre | endre wikiteksten]

Det er ingen historisk bevis for at det budde jødar i Kiel før slutten av 1600-talet. Det var Christian VII som hjelpte jødar å busette seg i Kiel. I 1782 vart det første bedehuset grunnlagd. I 1933 hadde trussamfunnet rundt 600 medlemmar. Under krystallnatta i 1938 vart den dåverande synagogen øydelagd, men då hadde allereie halvparten av jødane flytta frå byen. Dei fleste av dei som framleis var i byen i 1939 vart deportert og drepne av nasjonalsosialistar.

I 1961 budde berre 27 jødar i Kiel, men etter 1989 førte innvandring frå Aust-Europa til at talet voks til om lag 400. Siden 2004 er det to jødiske synagogar i Kiel.

Muslimar[endre | endre wikiteksten]

Den første muslimske trussamfunnet i Kiel vart grunnlagd i 1978. I dag har talet vakse til ti. Sommaren 2004 var den første moskeen ferdig.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg vart byen styrt av ein fut som vart sett inn av landsherren. Ved sida av futen hadde Kiel svært tidleg eit bystyre som etter 1315 fekk stadig meir makt i byen. Bystyret vert i dag kalla Ratsversammlung og formannen Stadtpräsident, medan Oberbürgermeister er rådmannen. Etter 2003 vert òg denne stillinga vald av innbyggjarane.

Den noverande rådmannen Angelika Volquartz (CDU) er den første kvinna i denne stillingen i byen sin historie.

Partia i Ratsversammlung er:

CDU og Bündnis 90/Die Grünen har avtalt å samarbeide.

Våpen[endre | endre wikiteksten]

Kiel sitt våpen er det såkalla «holsteinske neslebladet» i sølv på raudt med ein mørkgrå båt. Det sølvfarga neslebladet på raud grunn er våpenet til grevane av Schauenburg og Holstein.

Partnarbyar[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Økonomi og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Ferjer og cruiseskip i hamna

78,5 % av alle tilsette i Kiel jobbar i tertiærnæringar, 21,4 % i sekundærnæringar og 0,2 % i jordbruk.

Utsikta over Kiel sin horisont er prega av store portalkranar, og viser at byen er ein viktig verftsby. Dessutan finst maskinfabrikkar og andre industriar, t.d. data- og kontormaskinfabrikasjon. Kiel er òg Tyskland si viktigaste cruisskiphamn. Inntil 60 m høge ferjer (som MS «Color Fantasy») og cruiseskip pregar bilete.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Kiel er ei viktig hamn i Austersjøen

Passasjerferjer seglar til

Fraktferjer seglar til

I Kiel ligg austenden av Nord-Ostsee-Kanalen (Kielkanalen). Sidan Kielerfjorden skil dei austlege og vestlege bydelane frå kvarande, går det ferjer på fjorden som ein del av kollektivtrafikken.

Vegar[endre | endre wikiteksten]

Ved motorvegane A210 og A215 er Kiel knytt til A7/E45 frå Hamburg–Danmark. Andre hovudvegar er B4, B76, B202, B404, B502 og B503.

Kollektivtransport[endre | endre wikiteksten]

Kommunal kollektivtransport vert utført av bussar frå Kieler Verkehrsgesellschaft (KVG) og ferjer frå Schlepp- und Fährgesellschaft Kiel (SFK). Regional busstrafikk vert utført Autokraft.

I dag vert det rekna som ein feil avgjersle å stenge ned trikken i 1985. Det finst planar om å byggje ein bybane, men på grunn av uklar finansiering går planane tregt på fram.

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Sentralstasjonen vart renovert 1999–2006. Det er berre strekninga mot Neumünster–Hamburg som er elektrifisert. Som fjerntog går ICE dagleg mot

Regionaltog går minst kvar time mot

Flytrafikk[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen Kiel-Holtenau har hatt nokre faste flysamband fram til oktober 2006, men sidan flyplassen Hamburg-Fuhlsbüttel berre ligg ein køyretime frå Kiel vart tilbodet lagt ned.

Media[endre | endre wikiteksten]

I Kiel ligg både NDR og ZDF sine regionalstudio for Schleswig-Holstein. Kommersielle radiostasjonar er R.SH (Radio Schleswig-Holstein), NORA (Nord-Ostsee-Radio) og Delta Radio. Opne kanalar er TV-stasjonen Kiel.tv og radiostasjonen 101.2 KielFM.

Frå Kiel-Nord sendar britisk hærstasjonen British Forces Broadcasting Service (BFBS).

Daglege aviser er Kieler Nachrichten som vert gjeve ut av Kieler Zeitung Verlags- und Druckerei KG-GmbH & Co.

Undervisning og forsking[endre | endre wikiteksten]

Kultur og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Bybilete[endre | endre wikiteksten]

Sentrum av Kiel rundt 1910

Kiel er prega av å ligge nær havet. Den første byen vart grunnlagd på halvøya mellom fjorden og Litlekielen. Den nordlege landtilgangen vart sikra av borga. Byen var bygd planmessig med med torget i midten og åtte vegar frå kvart hjørne i rett vinkel til kvarandre.

I fleire hundreår låg Kiel i skuggen av andre austersjøbyar (som Flensburg og Lübeck), men vart rekna som ein av Holstein sine største byar og har vore medlem av Hansaen i lang tid. Berre mot slutten av 1700-talet byrja byen å vekse ut over halvøya. Då Kiel vart skild frå Danmark i 1864 og seinare vart marinebase i Preussen, byrja byen å vekse i alle retningar, raskare enn dei fleste byar i Tyskland. Villabydelar oppstod i nord, medan det vart bygd bygardar rundt sentrum. På austbreidda vart nokre av dei største skipsverfta i Europa bygd og fleire arbeidarkvarter.

Sidan det vart trongt i sentrum alt i 1920-åra planla ein å bygge om byen. Då bombene som fall over byen i den andre verdskrigen øydela store delar av sentrum vart byen bygd opp at i ein meir moderne og opnar stil.

Kieler Woche[endre | endre wikiteksten]

Kieler Woche vert arrangert kvart år den siste vela av juni. Det er det største seglearrangementet i verda.

Sport[endre | endre wikiteksten]

  • Kiel sin fotballklubb Holstein Kiel vart tysk meister i 1912, men det er lenge sidan klubben var ein toppklupp og spelar i dag i Regionalliga Nord.
  • Handballklubben THW Kiel har derimot vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale titlar og fyllar ofte Ostseehalle.
  • Ved sida av Kieler Woche er det fleire yachtklubbar omkring fjorden. Den største er Kieler Yacht Club (KYC).
  • Med Erste Kieler Ruder-Club von 1862 e.V. har Kiel òg den eldste roklubben i Tyskland.

Kulinariske spesialitetar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kiel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]