Anosibe Ambohiby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anosibe Ambohiby
landsby
Land  Madagaskar
Region Bongolava
Distrikt Tsiroanomandidy
Folketal 300 (2023)
Kart
Anosibe Ambohiby
18°50′26″S 46°12′15″E / 18.840638888889°S 46.204222222222°E / -18.840638888889; 46.204222222222

Anosibe Ambohiby er ein landsby sentralt i høglandet av Madagaskar, som ligg i krateret til den utdøydde vulkanen Ambohiby Massif.

Landsbyen tilhøyrer distriktet Tsiroanomandidy, som ligg i Bongolava-regionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Anosibe Ambohiby ligg i midten av Ambohiby-massivet, ein massiv alkalisk ringkompleks over 13 kilometer i diameter, som kan daterast attende til sein krit. Denne vulkanske geologiske formasjonen, som er knytta til skiljet av India og Madagaskar, bidrar til det unike landskapet i regionen. Massivet er karakterisert av eit fruktbart jordsmonn grunna basiske kjemikaliar. Han er omgitt av fire elver som renn i nord, sør, aust og vest, alle del av den alkaline ringstrukturen. Landsbyen er omringa av frodig, grønt planteliv, og er ein del av distriktet Tsiroanomandidy, som ligg i Bongolava-regionen. Han ligg 8 km frå den næraste merkja byen, Antaniditra, og 18 km frå den næraste storbyen, Tsiroanomandidy.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Anosibe Ambohiby vart grunnlagd i 2008 av betsileo-bønder frå Manandriana-distriktet, ca. 380 kilometer sørover. Anosibe er omsett til ‘Stor øy’, oppkalla etter dei fire vasstraumane som omkrinsar landsbyen på alle sider.[1]

Då overfolkinga i heimbyen vorte verre, drog bøndene ut for å finne ei stor mark for å dyrke. Bygda dyrkar kontantavlingar, hovudsakleg sitrusfrukt, som dei sel på marknadene i nærliggjande byar, men transport inn og ut av landsbyen er ei utfordring på grunn av dårlege vilkår på lokale vegar. I 2023 bestod landsbyen av rundt 50 hus med eit folketal på rundt 300.[1]

Folkesetnad og sjølvstyre[endre | endre wikiteksten]

Dei rundt 300 innbyggjarane i Anosibe Ambohiby er frå den etniske gruppa betsileo, og drog frå Manadriana-distriktet i sentrale Madagaskar for å slå seg ned i krateret.[1]

Anosibe Ambohiby er ein sjølvstyrande landsby av bønder med eldre og landsbyleiarar. Han ser ut til å vere fråkopla dei malagassiske styresmaktene.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Haubursin, Christophe (5. desember 2023). «What's inside this crater in Madagascar?». Vox (YouTube). Henta 5. desember 2023.