Madagaskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg filmen Madagascar.
[endre]
Republique de Madagascar
Repoblikan'i Madagasikara

(norsk: Madagaskar, madagassisk (gassisk))

Det madagassisk (gassisk)e flagget Det madagassisk (gassisk)e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ry Tanindraza nay malala ô»
Motto Tanindrazana, Fahafahana, Fandrosoana (gassisk, Fedreland, fridom og utvikling)
Geografisk plassering av Madagaskar
Offisielle språk Gassisk, fransk
Hovudstad Antananarivo
Styresett
Republikk
Hery Rajaonarimampianina
Omer Beriziky
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
587 041 km² (46.)
0,9 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (1975)
 – Tettleik
 
22 585 517 (52.)
~7,600,000
38,5 /km² (142.)
Sjølvstende
Frå Frankrike
26. juni 1960
Nasjonaldag 26. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
20 730 mill. USD (121.)
1 000 USD (185.)
Valuta Ariary (MGA)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +261
Toppnivådomene .mg


Republikken Madagaskar er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i det indiske havet. Øya er den fjerde største i verda, og huser rundt fem prosent av verdas plante- og dyreartar. 80 % av dei finst berre på Madagaskar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Republikken Madagaskar har ei blanding av aust-afrikansk (hovudsakleg bantu), asiatisk og polynesisk kultur. Medan gassisk er eit austronesisk språk med sterkt slektskap til maanjanspråket frå Borneo, viser DNA-studium at innbyggjarane på øya har delvis afrikansk, delvis indonesisk opphav, med noko arabisk innblanding.

Den nedskrivne gassiske historia tek til på 600-talet, då arabiske kjøpmenn etablerte stasjonar langs den nordvestre kysten.

Kart over Madagaskar

Klima[endre | endre wikiteksten]

Madagaskar heller oppover mot aust til ei skogkledd fjellrekkje som går frå sør til nord på øya. Den søraustlege passatvinden blir løfta oppover denne fjellrekkja (orografisk heving), og resultatet er ein nedbørsnormal på 2000-3000 mm (og enkelte stader meir) langs austkysten av øya. Perioden med minst regn i aust er frå september til november, sjølv om ein har regn om lag annakvar dag òg i denne perioden. Seinare på året, medan det er sommar på den sørlege halvkula, vert passatvinden svekka, og vestsida av øya får regn- og torebyger bortimot dagleg.

Madgaskar har lågare temperaturar enn dei fleste andre tropiske øyer, hovudsakleg på grunn av det høge terrenget. I juli kan temperaturane gå under 10 °C i områda høgare enn 1200 m. Desse områda ligg så høgt at dei får ein tørr vestleg vind som bles i høgda over den søraustlege passatvinden. Tropiske syklonar kan treffe Madagaskar, og særleg austkysten, kvart år og føre til store flaumar. Flaum er derimot ei lite sannsynleg hending på sørvestkysten som ligg i regnskugge. Desse områda får mindre enn 400 mm i året.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Madagaskar
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Madagaskar» på Wikipedia på bokmål/riksmål.