Antialiasing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anti-aliasing.

Antialiasing eller kantutjevning er ein gjengjevelsesprosess og -måte innan datagrafikk og bildebehandling for å gje inntrykk av større oppløysing og finare detaljar i det digitale bildet enn det det eigentleg er. Teknikken vert mykje brukt i dataspel, simulatorar og typografiske dataprogram. Den går ut på at kantar vert gjort uklare fleire gonger i sekundet og gjengjevne i ein fargetone mellom dei til hovudfiguren og bakgrunnen, slik at kantane ser mindre hakkete og ujamne ut.