Apgarpoeng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helsepersonell sjekkar hjarteslaga til ein nyfødd unge.

Apgarpoeng eller apgarskår vart lagt fram i 1952 av den amerikanske lækjaren Virginia Apgar som ein enkel og lett repeterbar metode for å kunna vurdera helsetilstanden til nyfødde born snøgt og summarisk.

Apgarskår vert bestemt ved å undersøkja det nyfødde barnet etter fem enkle kriterium på ein skala frå null til to, og så leggja saman dei fem verda ein har fått på denne måten. Apgarskår vil såleis liggja mellom null og ti.

Dei fem kriteria til apgarskår:
  Skår 0 Skår 1 Skår 2
Hjartefrekvens fråverande <100 >100
Respirasjon fråverande svak eller uregelbunden sterk
Muskeltonus fråverande noko rørsle aktive rørsler
Reaksjon på stimuli ingen respons
på stimuli
grimaser/svak gråt
ved stimulering
nys/hoste/dreg seg unna
ved stimulering
Hudfarge blå over det heile blå på ekstremitetar normal

Testen vert oftast utført eit og fem minutt etter at barnet er fødd, og kan takast opp att seinare dersom skåren er og vert verande låg. Skår under tre vert sett på som kritisk låg, mellom fire og sju som unormalt låg, og over sju som normal.

Låg skår på testen ved eit minutt kan krevja medisinsk tilsyn, men er ikkje støtt eit teikn på at der er vedvarande problem hjå barnet, særleg ikkje dersom der er betring av tilstanden ved fem minutt-testen. Dersom apgarskåren held seg under tre over lengre tid, t.d. etter 10, 15 eller 30 minutt, er det risiko for at barnet kan få nevrologisk skade. Der er også ein liten, men signifikant risiko for cerebral parese. Føremålet med apgarskår er likevel å kunna avgjera snøgt om eit nyfødd barn treng medisinsk tilsyn, testen er ikkje eigna til å gjera vurderingar av barnet si helse på lang sikt.

Ti års tid etter den første publikasjonen vart akronymet APGAR teke i bruk i USA som ein hugseregel: Appearance (hudfarge), Pulse (hjartefrekvens), Grimase (reaksjon på stimuli), Activity (muskeltonus), og Respirasjon. Hugseregelen vart innført i 1963 av pediateren dr. Joseph Butterfield. Det same akronymet vert brukt på tysk: (Atmung, Puls, Grundtonus, Aussehen, Reflexe), sjølv om bokstavane har ulike meiningar.

Testen har i alle fall fått namnet sitt etter dr. Apgar, og inngår som ein av dei standardvurderingane av nyfødde born som også vert gjort på norske fødeavdelingar.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]