Araknofobi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til det engelske barnerimet «Little Miss Muffet», vesle frøken Muffet blir skremt av ein edderkopp.

Araknofobi er angst for edderkoppar. Det karakteristiske ved tilstanden er at reaksjonen på edderkoppen er ute av proporsjon med faren som araknofoben er utsett for. Det er ein enkeltfobi som må bli skildra som irrasjonal ettersom berre ganske få edderkoppar er farlege for menneske, og dessutan er edderkoppar berre sjeldan er aggressive. I Noreg finst det ingen edderkoppar som er farlege for menneske, men nokre av dei kan gje smertefulle bit.

Ein reknar med at einkvan utviklar araknofobi ved anten sjølv å ha ei skremmande oppleving med edderkoppar eller sjå at andre reagerer med frykt mot edderkoppar. I motsetnad til sosiale fobiar er ein enkeltfobi som araknofobi nokså lett å behandla, til dømes ved kognitiv terapi.

Ei forklaring på araknofobi som blir støtta av evolusjonær psykologi går ut på at fobiar er ein overreaksjon som stammar frå dei tidlege forfedrane til menneska. Sidan dei ofte levde i farlege miljø, var det gjerne dei med genar som gjorde dei redde for farlege dyr som overlevde, og derfor kunne føra slekta vidare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]