Angst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jeg gik bortover veien med to venner – solen gik ned – Jeg følte som et pust av vemod – Himmelen ble plutselig blodig rød – Jeg stanset, lænede meg til gjerdet, mat til døden – så ut over de flammende skyerne som blod og sværd over den blåsvarte fjord og by – Mine venner gik videre – jeg sto der skjælvende av angst – og følte et stort uendelig skrik gjennom naturen.

Edvard Munch, tekst knytt til måleriet «Skrik».

Angst er ei kjensle knytt til sterk redsle og panikk. Omgrepet er blitt brukt innan filosofi, særleg av Søren Kierkegaard, og innan medisin, der uforklarleg eller overdriven angst blir rekna som ei psykisk liding. Angst har også vore skildra i kunsten, mellom anna av Edvard Munch.

Angst kan sjåast på som ein forsvarsmekanisme som førebur kroppen på å flykta frå eller slost mot noko ein ser på som i eit trugsmål. Kroppslege symptom på angst kan vera hjartebank, brystsmerte, pustevanskar, sveitte, kvalme, rødme eller at ein blir svimmel.

Angstlidingar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire ulike former for angstlidingar:

Kognitiv åtferdsterapi har vore brukt og generelt dokumentert gode behandlingsresultat på angstlidingar. Kognitiv adferdterapi går ut på å merka og endra tankar som opprettheld og aukar angst på ein uadaptiv måte, og å gradvis og systematisk møta problemsituasjonar som kan gje angst. Slik behandling betrar ofte angst i løpet av ein behandlingsperiode på 4-12 veker. Også andre psykoterapeutiske retningar, til dømes psykodynamiske tilnærminger, affektbevissthet, åtferdsterapi og narrativ terapi er brukt for å behandla ulike typar angstproblem.

Angst blir også ofte behandla med ulike medikament, som benzodiazepinar eller antidepressiva som mipramin, opipramol, paroksetin, sertralin, escitalopram og venlafaxin. Desse reduserer symptom, men har ofte uønska biverkningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]