Ardittikvartetten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ardittikvartetten er ein av verdas leiande strykarkvartettar, særleg kjend for samtidsmusikk. Kvartetten vart starta opp av fiolinisten Irvine Arditti i 1974, og har sidan gått gjennom mange utskiftingar. I dag består kvartetten av Arditti sjølv, Ashot Sarkissjan (fiolin), Ralf Ehlers (bratsj), Lucas Fels (cello). Dei er det einaste ensemblet som har vunne Ernst von Siemens' musikkpris fram til i dag.

Kvartetten har ei lang liste med komponistar som dei har urframført verk av. Ensemblet har som prinsipp å samarbeida med kvar einskild komponist dei framfører musikk av for å kunna tolka musikken best mogleg. Til dømes har Ardittikvartetten framført den illgjetne Helikopterkvartetten av Karlheinz Stockhausen. Fram til 2013 har kvartetten gjeve ut over 190 cd-plater. Ardittikvartettens komplette arkiv ligg lagra i Basel, Sveits.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]