Basel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Basel
Mittlere Brücke over Rhinen
Mittlere Brücke over Rhinen
Kommunevåpenet til Basel
Kommunevåpenet til Basel


Plassering
Basel is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Basel-Stadt
Distrikt ingen
Språk tysk
Borgarmeister Guy Morin
Geografi
Flatevidd
 - kommune

22,75 km²
Innbyggjarar
 - kommune (juni 2011)
   - folketettleik

169 536
  7 452,1 /km²
Koordinatar 47°34′0″N 7°36′0″EKoordinatar: 47°34′0″N 7°36′0″E
Høgd over havet 260 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 4000
Nettstad: www.basel.ch

Basel (italiensk Basilea og fransk Bâle) er den tredje største byen i Sveits. Byen har 169 536 innbyggjarar (2011) og eit areal på 23 km². I storbyområdet kring Basel, som dels går inn i Frankrike (St.-Louis) og Tyskland (Lörrach, Weil, m.fl.), bur det i alt om lag 740 000 innbyggjarar.

Byen ligg nordvest i Sveits, ved grensene til Frankrike og Tyskland, og ved breidda av Rhinen.

Samferdselstiløva er gode, med blant anna eit jarnbanenett som forgreiner seg til Frankrike, Tyskland og det øvrige Sveits. Stasjonen i Basel er eit av dei viktigaste jernbaneknutepunkta i Europa. Den internasjonale flyplassen ligg i Saint-Louis, på fransk side av grensa, 13 km nordvest for sentrum. Industrien er viktig for Basel, byen er kjent for sin lækjemiddel- og kjemiindustri, som til dømes Hoffmann-La Roche, Novartis og Sandoz. Her er òg produksjon av elektrisk utstyr, maskiner og silke.

Elles kan nemnast at Basel, plasseringa si til trass, er ein viktig sjøfartsby der fleire reiarlag har kontora sine. Sambandet til havet ved hjelp av Rhinen tyder mykje for byen. Elva renn gjennom byen og deler han i to, noko som har gjeve Basel tilnamnet «byen med bruene». Hamna i Basel er endepunkt for skipstrafikken på Rhinen og den einaste hamna i Sveits.

Vidare er Basel og kjent som ein viktig kulturby, der mange kulturfestivalar, arrangement og konsertar blir avvikla. I tillegg til dette er Basel ein internasjonal utdannings- og forskningsby. Universitetet, frå 1460, er det eldste i Sveits.

Namnet Basel var òg nemninga på ein kanton, men denne vart 1833 delt i Basel-Landschaft og Basel-Stadt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rhinen deler Basel i to: Grossbasel sør for elva, med det sentrale forretningsstrøket; Kleinbasel nord for elva, med hamna og industri- og messeområdet. Bykjernen blir dominert av den fem-skipa domkyrkja (1010–1019). Andre interessante bygningar er rådhuset (1508–27), med rikt dekorert fasade, og Spalentor (1370), ein av dei venaste byportane i landet. «Basler Fasnacht» er namnet på den kjende karnevalsfeiringa som finn stad kvart år seks veker før påske.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Basel vart kalla Basilia (kongeleg residens) av romarane og vert første gongen nemnd i 374. Byen vart bispesete på 600-talet og i 917 øydelagt av madjarane. Baselkonsilet (1431–1449) vart halde i domkyrkja. Byen vart tidleg på 1500-talet eit senter for reformasjonen i Sveits. I 1795 vart fredsavtalen mellom Frankrike og Preussen underskriven her.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Den verdskjende tennisspelaren Roger Federer kjem frå Basel. Fotballaget FC Basel, som held til i St. Jakop Park, er frå den sveitsiske byen.

Kjende personar tilknytte Basel[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Basel

Wikisource-logo.svg «Basel (city)». Encyclopædia Britannica (11. ed.). 1911.  Basel