Aretha Franklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aretha Franklin under ein opptreden i Dallas i 2007.

Aretha Louise Franklin (fødd 25. mars 1942) er ein amerikansk soul- og R&B-songar, kjend som The Queen of Soul og eit av dei største kvinnenamna innan dennen sjangeren.

Franklin var fødd i Memphis i den amerikanske delstaten Tennessee. Ho tok tidleg til med å synga gospel og gav ut si første plate som 14-åring, The Gospel Soul of Aretha Franklin, i 1956. På andre halvdelen av 1960-talet gjorde ho ei rekke soul-innspelingar som er blitt klassikarar, til dømes «Respect», «I Never Loved a Man» og «You Make Me Feel Like a Natural Woman». Ho fekk to songar på førsteplass på Billboards Topp 100: «Respect» i 1967 og «I Knew You Were Waiting (For Me)» (duett med George Michael) i 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]