Memphis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
City of Memphis
Memphis skyline from the air.jpg
Kallenamn
«The River City, The Bluff City»
Styresmakter
Land
Stat
County
USA
Tennessee
Shelby County
Grunnlagd 1819
Borgarmeister A C Wharton
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

763.4 km²
  723.4 km²
  40.0 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

674 028
  898.6/km²
1 260 581
Koordinatar 35°07′03″N 89°58′16″WKoordinatar: 35°07′03″N 89°58′16″W
Høgd over havet 103 m
Tidssone
- Ved sommartid
CST (UTC-6)
CDT (UTC-5)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 901
Heimeside: http://www.memphistn.gov
Plassering
Plasseringa i Shelby County og staten Tennessee
Plasseringa i Shelby County og staten Tennessee

Memphis er ein by heilt sørvest i Tennessee i USA. Han er administrasjonssete i Shelby County. Memphis ligg ved Mississippielva like sør for munningen til Wolf River.

Byen har om lag 675 000 innbyggjarar og er den største byen i staten, den nest største i Søraust-USA og den 18. største i USA.

Storbyområdet rundt Memphis, som inkluderer fylke i Mississippi og Arkansas, har over 1,2 millionar innbyggjarar. Dette gjer Memphis til det nest største storbyområdet i Tennessee bak Nashville.

Memphis er den yngste av dei fire storbyane i Tennessee, Knoxville, Chattanooga og Nashville.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Memphis-området vart først busett av Mississippi-kulturen go så av Chickasaw-indianarane. Europearane kom til området med den spanske utforskaren Hernando de Soto og franske utforskarar leia av René Robert Cavelier, Sieur de La Salle.[2]

Landområda som Memphis i dag ligg på var stort sett eit uorganisert territorium gjennom det meste av 1700-talet. I 1796 var samfunnet det vestlegaste i den nye staten Tennessee.

Grunnlegginga[endre | endre wikiteksten]

Memphis vart grunnlagd i 1820 og tok namn etter Memfis, den gamle hovudstaden i Egypt ved Nilen.

Bomullsindustrien i området var i stor grad avhengig av afroamerikanske slavar og Memphis vart ein stor slavemarknad.

Tennessee reiv seg laus frå Unionen i juni 1861 og Memphis var ein kort periode ein skanse for Konføderasjonen under den amerikanske borgarkrigen. Unionen sine styrkar erobra Memphis under slaget ved Memphis den 6. juni 1862 og byen vart verande ein del av Unionen under resten av krigen og vart ein forsyningsbase.

I 1878 reduserte ein gul feber-epidemi folketalet med nesten 75 %. Utbrotet starta i august og enda på grunn av tidleg frost i oktober.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Memphis voks seg til ein av dei største marknadane for bomull og lauvskogtømmer i verda. Til ut i 1950-åra hadde han òg den største muldyrmarknaden.[3]

Frå 1910- til 1950-åra utvikla Memphis eit nettverk av parkar og offentlege verk som del av det nasjonale City Beautiful Movement.

I 1960-åra vart byen eit senter for borgarrettssaker og vart kjend for ein streik som reinhaldsarbeidarar utførte. Martin Luther King, Jr. vart myrda her 4. april 1968 ved Lorraine Motel.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Memphis er kjend for sine kulturelle bidrag. Mange kjende musikarar voks opp i og rundt Memphis og i det nordlege Mississippi-området.[4] Av desse artistane finn ein mellom anna Elvis Presley, Muddy Waters, Robert Johnson, W.C. Handy, B.B. King, Howlin' Wolf, Isaac Hayes, Booker T. Jones og Al Green.

Fleire av desse var med på å skape og forme fleire amerikanske musikksjangrar, som blues, gospel, rock 'n' Roll, crunk og country. Johnny Cash, Elvis Presley og B. B. King starta alle karrierane sine i Memphis i 1950-åra. Dei har vorte kalla respektive Kongen av country, rock 'n' Roll og blues.

Graceland, staden der Elvis Presley budde fram til han døydde, er eit kjend turistmål i byen.

Memphis i kunst[endre | endre wikiteksten]

Memphis har vore tema i mange store pop- og countrysongar, som «Memphis» av Chuck Berry, «Queen of Memphis» av Confederate Railroad, «Memphis Soul Stew» av King Curtis, «Maybe It Was Memphis» av Pam Tillis, «Graceland» av Paul Simon, «Memphis Train» av Rufus Thomas og «Walking in Memphis» av Marc Cohn.

I tillegg vert Memphis nemnd i mange andre songar, som «Proud Mary» av Creedence Clearwater Revival og «Honky Tonk Women» av the Rolling Stones.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Memphis