Ari Mannio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ari Mannio


Statsborgarskap Finland
Fødd 23. juli 1987 (36 år)
Lehtimäki
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Ari Pekka Mannio (fødd 23. juli 1987) er ein finsk tidlegare spydkastar frå Lehtimäki som vann bronsemedaljen ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Han har ein personleg rekord på 86,82 meter frå 2015.

I 2009-sesongen sette Mannio personleg rekord på 85,70 meter, og han sigra i den europeiske ungdomsmeisterskapen i Kaunas med eit kast på 84,57 m. Sommaren 2011 vart han i Turku finsk meister med eit kast på 85,12. I VM i friidrett 2011 i Daegu vart han slått ut i kvalifiseringa. Året etter sikra han seg bronsemedaljen ved europameisterskapen i Helsinki med eit kast på 82,63 meter, 1,09 meter kortare enn vinnarkastet til Vítězslav Veselý. Under dei olympiske leikane i London enda Mannio på 11. plass. 7. juni 2015 kasta han livsbeste 86,82 meter i Raasepori. Han deltok så i VM i friidrett 2015, EM i friidrett 2016 og Sommar-OL 2016, men kom ikkje vidare frå kvalifiseringa nokon av gongane. Etter å ha vore plaga av ein skulderskade la han opp i 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]