Kaunas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaunas
Vytautas church.jpg
Byvåpenet til Kaunas
Byvåpenet til Kaunas
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Aukštaitija
Kaunas fylke
Først nemnd
Byrettar
1361
1408
Geografi
Flatevidd
 - By

157 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

358 107
  2 280/km²
Koordinatar 54°54′″N 23°56′″EKoordinatar: 54°54′″N 23°56′″E
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.kaunas.lt
Plassering
Plassering av  Kaunas

Kaunas er den nest største byen i Litauen og tidlegare mellombels hovudstad. Han ligg langs motorvegane Via Baltica (E67) og A1. Kaunas er bygd ved dei to største elvane i Litauen Nemunas og Neris nær Kaunassjøen, den største innsjøen i heile Litauen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storhertugdømet Litauen[endre | endre wikiteksten]

Ruinar av Kaunas slott
Kaunas på 1800-talet

Det har vore busetnad der gamlebyen i Kaunas ligg sidan 900-talet. I følgje ei segn vart byen grunnlagd i 1030, men han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1361. På 1200-talet vart det bygd ein steinmur for å verne mot dei stadige plyndringstokta til Den tyske riddarordenen. I 1362 vart byen erobra av riddarane, som øydela Kaunas slott.

I 1408 fekk byen Magdeburgrettar av Vytautas den store og vart sentrum i Kaunas Powiat i Trakai voivodeskap i 1413. Borga vart bygd opp att på byrjinga av 1400-talet. Sidan Kaunas låg langs fleire handelsruter og hadde ei elvehamn vart han etter kvart viktig. I 1441 vart Kaunas ein del av Hansaen. På 1500-talet hadde Kaunas ein offentleg skule, eit sjukehus, eit apotek og var ein av dei mest utvikla byane i Storhertugdømet Litauen.

1600- og 1700-talet vart det verre tider for Kaunas. I 1665 gjekk Russland til åtak på byen fleire gonger og i 1701 vart han okkupert av svenskane. Svartedauden råka byen i 1657 og 1708, og brannar øydela delar av byen i 1731 og 1732.

Det russiske keisardømet[endre | endre wikiteksten]

Etter den siste av delingane av Den polsk-litauiske realunionen i 1795 vart byen okkupert av Det russiske keisardømet og vart ein del av Vilna gubernija. Under den franske invasjonen av Russland i 1812 drog storhæren til Napoleon gjennom Kaunas to gonger og øydela byen.

Etter delingane av Polen vart Kaunas eit av sentra for novemberopprøret (1830-1831) og januaropprøret (1863-1864). For å ta motet frå dei lokale innbyggjarane plasserte russiske styresmakter ein stor garnison i byen. Dei russiske festningsverka frå denne tida finst framleis i byen.

Kovno gubernija med senter i Kovno (Kaunas) vart oppretta i 1843. I 1862 vart det bygd jernbanesamband mellom Det russiske keisardømet og Tyskland og Kaunas vart eit viktig jernbaneknutepunkt. I 1898 vart det første kraftverket opna.

Litauen i mellomkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Etter Vilnius vart okkupert av russiske bolsjevikar i 1919 vart regjeringa i Litauen flytta til Kaunas. Seinare, då Vilnius vart erobra av Polen, vart Kaunas den midlertidige hovudstaden i Litauen fram til 1939, då Polen vart delt mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen. Stalin gav Vilnius tilbake til Litauen og hovudstaden vart flytta tilbake dit. Før han vart flytta vart derimot heile landet ein del av Sovjetunionen.

Mellom verdskrigane blømde industrien i Kaunas og han var på denne tida den største byen i landet.

Sovjettida[endre | endre wikiteksten]

I 1940 vart Kaunas annektert av Sovjetunionen som ein del av Litauisk SSR. 14. juni 1941 markerte byrjinga på massearrestasjonar, avrettingar og deportasjonar av innbyggjarar til Sibir og andre delar av Russland. Etter Tyskland sin invasjon av Sovjetunionen 23. juni oppstod det eit opprør i Kaunas og Litauen vart for ei kort stund erklært sjølvstendig i Kaunas 23. juni 1941.

I mellomkrigstida hadde Kaunas om lag 35-40 000 jødar, om lag ein firedel av befolkninga i byen. Då Sovjetunionen okkuperte Litauen i juni 1940 vart ein del av dei arresterte, eigedomane deira konfiskerte og alle frie institusjonar vart nedlagde. Hundrevis av jødar vart sende i eksil til Sibir. Samstundes vart den litauiske aktivistfronten grunnlagd av nasjonalistiske emigrantar i Berlin og dei gav mellom anna jødane skulda for den sovjetiske okkupasjonen.

Etter at Tyskland invaderte Sovjetunionen 22. juni 1941 flykta dei sovjetiske styrkane frå Kaunas. Like før tyskarane gjekk inn i byen 25. juni byrja antikommunistiske opprørar å gå til åtak på jødane. Dei tok livet av hundrevis av jødar.

Nazistane oppretta etter kvart Kaunas ghetto, og jødane der var mot slutten av krigen nesten heilt utrydda.[1]

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Etter den andre verdskrigen vart Kaunas den viktigaste industribyen i Litauen og produserte om lag ein fjerdel av industriproduksjonen i Litauen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.ushmm.org/wlc/article.php?lang=en&ModuleId=10005174

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaunas