Armbrøst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Armbrøst

Armbrøst (omdanna av mlat. arcubalista, eg. 'bue-kastemaskin'), gamalt skytevåpen med tre-, seinare stålboge bygd inn i eit skjefte. Prosjektilet var ei pil, ein bolt eller ei kule. Våpenet vart brukt som krigsvåpen og til jakt. Armbrøsten utvikla seg over tid. Etter kvart kunne han ikkje bli spent ved handkraft, men berre med hjelp av ulike reiskapar, som vinde, tannhjul o.l.

I fylgje Plinius vart armbrøsten fyrst brukt av fønikarane. I Kina var armbrøst i bruk 200 år f.Kr. I Europa vart han vanleg i bruk frå 1100-talet.

Armbrøsten vart etterkvart teknisk betra, mellom anna ved at strengen ikkje lenger vart frigjort frå spennehaka med handa men ved ein mekanisk avtrekkjarmekanisme. Armbrøsten vart brukt parallelt med bogen gjennom heile brukstida si. Armbrøst som vart brukt av fotfolk, var utstyrt med ein bøyel for foten framme for å lette spenninga. Ein hadde òg svært store våpen for bruk i tårn o.l.; dei måtte ein spenne med hjelp av eit taljesystem.Ulempa med armbrøsten var låg skottakt. Den største føremonen var stor anslagskraft og han kunne trengje gjennom middelsterkt brystharnisk. Armbrøsten forsvann som krigsvåpen fyrst på midten av 1600-talet, men han var brukt til fangst av kval fram til om lag 1890. I moderne tid har armbrøsten opplevd ein renessanse som rekreasjons- og konkurransevåpen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Armbrøst