Arminianisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arminianismen blir avvist ved synoden i Dordrecht, 1619.

Arminianisme er ei tolerant og liberal kristen trusretning utforma av Jacobus Arminius. Trusretninga stod i opposisjon til kalvinismen si lære at skjebnen til menneska er bestemt - anten til frelse eller fortaping.

Armenius meinte i motsetnad til dette at trua på den frie viljen var mogleg å kombinere med trua på ein allmektig og allvitande gud. Han la vekt på den kjærleiken Gud står for. Han ville mildne Calvin si strenge predestinasjonslære. Armenius meinte at gud berre fordømte dei som ikkje gjorde bot eller ikkje trudde på Kristi offer for syndene våre.

Arminianismen vart ei relativt innflytnadsrik rørsle i Europa og inviterte til ei meir humanistisk kulturstrøyming som påverka mellom andre grunnleggaren av metodismen. I dag er arminianismen liten som religiøs retning.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]