Asbest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For byen i Russland, sjå Asbest i Russland
Asbestfiber på muscovitt
Krysotil asbest
Asbestfiber

Asbest- (frå gresk: a(ikkje) sbestos (sløkkbart) via ei latinsk feiltolking av asbestos (uleska kalk). Namnet asbest vert nytta om ei gruppe fibrøse mineral som vert utgjort av hydrogen-magnesium-silikat. Fibrane har vore kjend sidan oldtida, og vorte nytta i ymse industriprosessar. Støv av asbest er kreftframkallande, noko ein fann ut på 1970-talet.

Asbest blei blanda med bindemiddel som sement eller limstoffar og valsa ut til plater eller matter. Det blei nytta til bremsesko og -klosser, pakningar i motorar og maskinar, rundt glødelekamar i komfyrplater og elektriske omnar. Blanda med sement fekk ein Eternit-plater som blei bruka til å kle hus med, både på veggar og tak.

Asbest blei rekna som svært nyttig av di det både var varmeisolerande, brannsikkert og fibrane var både fleksible, sterke og strekkfaste. Innanding av relativt små mengder asbeststøv av enkelte sortar har vist seg å føre til auka risiko for fleire sjukdommar, som asbestose og kreft[1]. Mange land har difor innført forbod mot all bruk av stoffet i byggematerialar og anna bruk som gjev risiko for at nokon skal bli eksponert for stoffet.

Frå midten av 1990-talet har asbest vore forbode i biltilbehøyr. Erstatningsmidla er fibre av Aramid, Twaron og Kevlar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bente Ulvestad, Kristina Kjærheim et. al. Cancer incidence among workers in the asbestos-cement producing industry in Norway. Scand J Work Environ Health 2002;28(6);411-417

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]