August Bebel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
August Bebel

August Ferdinand Bebel (22. februar 184018. mars 1913) var ein tysk sosialdemokratisk politikar og ein av grunnleggjarane av SPD.

Bebel var fødd i Deutz nær Köln. Han grunnla Sächsische Volkspartei i 1867 saman med Wilhelm Liebknecht. I 1869 deltok han i grunnlegginga av Sozialdemokratische Arbeiterpartei. Partiet gjekk saman med ADAV, Allgemeiner Deutscher Arbeiterverein, i 1875 og blei til Sozialistische Arbeiterpartei, som tok det noverande namnet Sozialdemokratische Partei Deutschlands i 1890.

I 1872 blei Bebel dømd i ei politisk rettssak, den såkalla Leipziger Hochverratsprozess. Han blei dømd til to års festningsarrest (ærefull arrest), som han sonte på Burg Königstein. Bebel blei seinare SPD sin første formann og medlem av den tyske nasjonalforsamlinga.

Etter å budd i Berlin-Schöneberg i mange år, der ein plakett er sett opp ved Hauptstraße 97, døydde han 18. mars 1913 mens han besøkte ein kuranstalt i Sveits, og han blei gravlagd i Zürich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]