Augustine Choge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Augustine Choge

Augustine Kiprono Choge under draumemila på Bislett i 2008.
Foto: Ragnar Singsaas
Statsborgarskap Kenya
Fødd 21. januar 1987 (37 år)
Yrke langdistanseløpar
Språk engelsk
Augustine Choge på Commons

Augustine Kiprono Choge (fødd 21. januar 1987) er ein kenyansk langdistanseløpar.

Choge vart fødd i 1987 i ein familie av småbønder i Kipsigak nær Kapsabet i Nandi-distriktet i Rift Valley-provinsen. Han vann den nasjonale skulemeisterskapen på 10 000 meter i 2002. I verdsmeisterskapen i terrengløp i 2003 kom han på 4. plass i juniorløpet og vann gull som del av juniorlaget. I juniorverdsmeisterskapen i friidrett i 2004 vann han gull på 5000 meter. Han vart meister på 5000 meter i Commonwealth games i 2006 med tida 12:56,41.

Trenaren hans er Colm O’Connell.