Austgulstølvatnet

Koordinatar: 60°58′02″N 05°20′25″E / 60.96722°N 5.34028°E / 60.96722; 5.34028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Austgulstølvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Utløp Steinsdalelva
Nedslagsfelt 3,41 km²
Høgd over havet 389 moh.
Areal 0,21 km²
Koordinatar 60°58′02″N 05°20′25″E / 60.96722°N 5.34028°E / 60.96722; 5.34028
Kart
Austgulstølvatnet
60°58′02″N 5°20′25″E / 60.967222°N 5.340278°E / 60.967222; 5.340278

Austgulstølvatnet er eit vatn i Gulen kommune i Vestland. Det er rundt 1 km langt og 0,2 km breitt. Austgulstølvatnet ligg 389 meter over havet, og har eit areal på 0,21 km².[1]

Austgulstølvatnet har namnet sitt etter Austgulstølen, som ligg ved nordenden av vatnet. Dette var stølen til gardsbruka i bygda Austgulen, som ligg inst i Austgulfjorden, berre rundt tre kilometer nord for vatnet.

Vassføringa frå Austgulstølvatnet er sidan 2006 vorte overført til Klyvtveitvatnet gjennom ein 750 meter lang tunnel for å bli nytta i kraftproduksjon i Kløvtveit kraftverk. Overføringa tilsvarar rundt 40% av Steinsdalelvas naturlege vassføring. Då Yndesdalsvassdraget i 1986 vart verna mot kraftutbyggjing vart det gjort unnatak for Austgulstølvatnet og det nærliggande Transdalsvatnet. Dette vart grunngjeve med at vassføringa frå dei to vatna var naudsynte for ei lønsam utbygging av Kløvtveit kraftverk, som vart vurdert å «ha avgjerande tydning for distriktet si kraftforsyning i framtida».[2]

I dei opphavlege utbyggingsplanane var det føresett at Austgulstølvatnet skulle demmast opp for å lette overføringa til Klyvtveitvatnet, som ligg høgare enn Austgulstølvatnet. Dette ville ha sett dele av Austgulstølen under vatn, og blant anna for å unngå dette fekk BKK i 2003 løyve til ei planendring som medførte at vasstanden i Austgulstølvatnet og Transdalsvatnet kunne haldast uendra. Men denne planedringa har til gjengjeld ført til større skadeverknader rundt hovudmagasinet i Klyvtveitvatnet.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. St.prp. nr. 89 (1984-85) Verneplan III for vassdrag, Objekt nr. 83, Ynnesdalsvassdraget
  3. «Større regulering enn vanleg»[daud lenkje], bt.no, 30. september 2007
  4. «Fortvilar over brutal kraftutbygging»[daud lenkje], bt.no, 21. september 2007