Ayn Halaqim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 34°56′24″N 36°19′26″E
Ayn Halaqim
عين حلاقيم, Ein Halakim
landsby
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Hama
Distrikt Masyaf
Nahiyah Ayn Halaqim
koordinatar 34°56′24″N 36°19′26″E
Folketal 1 216 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ayn Halaqim (arabisk عين حلاقيم, òg skrive Ein Halakim) er ein landsby nordvest i Syria i Hama guvernement, vest for Hama. Av stader i nærleiken finn ein al-Bayda og Masyaf i nord, al-Bayyadiyah i nordaust, Nisaf i aust, Kafr Kamrah i søraust, Mashta al-Helu i sørvest, Ayn al-Shams i vest og Wadi al-Oyun i nordvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Ayn Halaqim eit folketal på 1 126 i 2004.[1]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Ayn-Halaqim består av to arabiske ord: Ayn, som tyder «vasskjelde» og Halaqim, fleirtal av Houlkoum som tyder ein «røyrleidning». I lag vert dei to åra «vasskjelda med røyr». Landsbyen har mange vasskjelder og den viktigaste ligg i hjartet av landsbyen, like ved den nye kyrkja, og vert kalla «den store kjelda».

Det er oppdaga spor av røyr til denne kjelda, og ein trur at desse røyra gav vatn til eit gammalt kongedøme på den andre sida av fjellet, og at dette er opphavet til namnet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen ligg 750-900 meter over havet og har derfor noko lågare temperatur enn låglandet kring. Klimaet er òg tørt om sommaren, men med kring 900 mm nedbør i året, er landsbyen ein av dei mest regnfulle i heile Syria.

Elva al-Sarout renn langs dalen mellom landsbyen og Jabal al-Helou, og gjev vatn til slettene kring landsbyen og frukthagane i området, der ein dyrkar eple, aprikos, svisker, pærer, druer og oliven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Hama guvernement. (arabisk)